Zinken Hopp vart mest kjend som barnebokforfattar og for sine muntre dikt frå kvardagslivet, men ho skreiv også biografiar, omsette tallrike forteljingar og skodespel og var ein populær kåsør.
Signe Marie Brochmann voks opp i ein familie der allsidig lesing og litterær verksemd stod sentralt. Faren var med og stifta Norsk Styrmandsforening, han var forfattar av både skjønlitteratur og faktalitteratur, dertil tidsskriftredaktør og pioner i innsamling av norske shanties. Farfaren var prest og litterat; farmora omsette m.a. Conan Doyle til norsk. Zinken tok examen artium 1925 og byrja på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, men avbraut studiet. Etter diverse arbeidsopphald som guvernante i Storbritannia, Spania og Frankrike og studiereiser m.a. til Storbritannia, Danmark, Hellas, Kina og Island gifte ho seg 1932 med leiaren for den lokale kringkastinga i Bergen og busette seg der.
Zinken Hopp debuterte som forfattar 1930 med to diktsamlingar, Guvernantevers og Viser fra vidda, pluss ei novelle og eit knippe litterære stilparodiar i Aschehougs årlege humorantologi, Humør 1930. Fram til 1938 gav ho ut fem diktsamlingar, med kvardagsnære og trivielle motiv som utgangspunkt for ei vital livskjensle kombinert med eit stoisk-muntert filosofisk perspektiv. Ho gav også ut ein biografi om Ole Bull og ein om Hanna Winsnes og ein parodi på historiske romanar i form av ei fiktiv slektskrønike.
1943 byrja Zinken Hopp å gi ut barnebøker, illustrerte av broren Odd Brochmann, og ho var aktiv som barnebokforfattar til dei siste åra av sitt liv. Frå 1940-åra av omsette ho dessutan ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker og gav ut fleire bøker der ho gjenfortalde kjende sagaer og myter for barn og unge.
Frå slutten av 1920-åra til fram mot 1960 leverte Zinken Hopp populariserande artiklar, essay, kåseri, noveller og dikt til aviser, tidsskrift og vekeblad. Ho var medarbeidar i ei rekkje bøker og blei ein rikskjend radiokåsør. Ordhag som ho var, leverte ho ei tid songar på bestilling for eit gratulasjonsbyrå. Ho laga jamvel ein påkosta firmahistorikk om John Griegs boktrykkeri på rim. Men kunnskapsrik som ho også var, underviste ho i lengre tid i kunsthistorie ved Kunsthåndverkskolen i Bergen. 1961 var ho med som deltakar i den fyrste “Kvitt eller dobbelt”-spørjeleikserien i NRK Fjernsynet og vann 10 000 kroner i emnet “Klesdrakter gjennom tidene”. For NRK laga ho jamvel høyrespela Ole Bulls teater (1949) og Valse triste (1950).
Zinken Hopp var historisk og kulturhistorisk interessert med eit særleg blikk på folks daglegliv. Ho hadde ei enorm kunnskapsglede og eit suverent minne og kunne delta i samtalar om svært mange emne, anten samtalepartnarane var kunstnarar, lærde akademikarar eller uskulerte arbeidsfolk. Ho blei då også i si levetid kjend som ein samværskunstnar med ein heilt spesielt behageleg talestil, roleg, nøktern, uttrykksfull, pregnant. Ho kjende seg heime i det gamle Hellas, men var mest influert av britisk kultur. Hennar saklege tone og sjølvmedvitne stil kunne tilhøyrt ein aristokratisk, til tider eksentrisk gentleman, allvitande og overberande, heva over det å ha ein personleg sosial ambisjon. Fordi ho kombinerte så mange ulike, til dels aparte interesser, karakteriserte ho ofte seg sjølv som “bizarr”.
Zinken Hopps mest berømte verk er Trollkrittet, ein original norsk variant av Alice in Wonderland, som er omsett til ei mengd språk og har kome i mange opplag. Denne boka var med og gav henne eit rykte som norsk nonsens-diktar. Men både i sin lyriske og sin prosaiske produksjon er ho ein avbalansert og klar – men innfallsrik og leiken – forteljar. Både som forfattar og som omsetjar blei ho belønna med prisar.
Zinken Hopp var til sine siste leveår ein populær forelesar, talar og kåsør. Ho framstod som ein ekstraordinært presis, språkleg enkel og elegant formidlar av kunnskap og hadde ein smittande kjærleik til stoffet. På ei og same tid var ho både autoritativ, aristokratisk, personleg og folkeleg. Glede ved den konkrete detaljen kombinert med historisk overblikk var typisk for henne. Som kvinneleg forfattar i si tid var ho atypisk ved å vere trygg, nøgd, sjølvsikker, humoristisk og faktaorientert. Ho var kanskje den einaste kvinnelege språkvirtuosen og humoristen som dukka opp etter “Sfinx” (Edle Hartmann) og “Nicolette”, men si eiga sjølvstendige røyst og sine eigne nedslagsfelt fann ho i barnelitteratur og formidling av kulturhistorie.