Redaktør og forfattar. Foreldre: Sokneprest Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (1852–1930; sjå NBL1, bd. 2) og Elisabeth Falsen Smith (1855–1915). Gift 1919 med Hjørdis Østby (1894–?), dotter av stasjonsmeister Einar Østby og Helga Haugen. Farbror til Odd Brochmann (1909–92); fetter av Bertram Dybwad Brochmann (1881–1956).

Prestesonen Georg Brochmann var den mest produktive populærvitskaplege forfattaren i mellomkrigsåra.

Etter barneår i Ullensvang og examen artium 1913 var han i 1918 ferdig utdanna frå Norges tekniske høiskole i Trondheim. Fem år som skipsingeniør 1918–22 var nok, då etablerte han seg som journalist og forfattar. I alt gav han ut 35 bøker og verk. Det var ein ingeniør som var glad i sitt eige fag, som tok ordet i desse bøkene, i ei tid då avstanden mellom naturvitskap og allmenn språkbruk var blitt så stor at populærvitskaplege framstillingar fekk eit stort publikum. Etter Onkel ingeniør fortæller (1923) kom skrifter som Skibsbygning og sjøfart, Flyvning og luftfart, Store norske ingeniørarbeider, Fra kvernkall til kjempeturbin. Her pusta han liv inn i både fag og fagmiljø; å studere energi var for han som å få tak i Vårherres stortå. Brochmann skreiv i ei tid då den teknologiske framtidsoptimismen rådde grunnen, og personifiserer gjenreisingsideologien etter andre verdskrigen. Ved sida av fleire skrifter for Opplysningskomiteen for gjenreisingsarbeidet gav han 1947 ut ei populær framstilling av verksemda ved NTH i Trondheim: Hvor Norges fremtid bygges. Samstundes arbeidde han med omsetjinga av Vidunderlige nye verden av Aldous Huxley (1948).

Det første store arbeidet hans var seksbandsverket De store opfindelser. Forskning og fremskridt. I ein seinare populærfilosofisk trilogi fekk han bruk for all sin endelause kunnskap, nyfiken og menneskekjær som han var. I dei tre bøkene Mennesket og maskinen, Mennesket og lykken og Mennesket og evigheten prøvde han å sameine både astronomi, fysikk og psykologi i eit ikkje heilt vellykka forsøk på å forme ein avklarande heilskap. Men titlane viser at naturvitskapsmannen og ingeniøren etter kvart også gav hjarterom for humanistiske perspektiv. Slik var han ein skribent på ytterpost, ein som udogmatisk søkte mot ny erkjenning og som utvikla sin eigen skrivestrategi. Først forklarte han stoffet populærvitskapleg gjennom avisartiklar, så utdjupa han resonnementa i tidsskriftartiklar før han arbeidde seg fram mot ei meir samla framstilling i bokform. Sjølv om boka var det viktigaste mediet hans, gjorde han seg difor gjeldande i både blad og aviser. Han var m.a. knytt til Dagbladet i ein lengre periode i 1920-åra, og 1937–39 var han redaktør i NRK-programbladet Hallo-Hallo!

Brochmann skreiv også fleire skjønnlitterære bøker, helst skodespel, men desse var mindre viktige enn sakprosaskriftene hans både i samtid og ettertid. Den skjønnlitterære forfattarskapen førte han inn i Den norske Forfatterforening. Der var han ein aktiv nestformann 1938–45. Tyskarane arresterte Brochmann like før jul 1944, og han blei sitjande fengsla på Grini til maifreden i 1945. Innsikta frå foreiningsarbeidet kom godt med då han skreiv Den norske Forfatterforening gjennom 50 år. Manuskriptet var ferdig sommaren 1945, men usemje blant forfattarar som las det, førte til at det først blei utgitt posthumt 1952.

  • Onkel Ingeniør fortæller. Litt om energi og kraftmaskiner, 1923
  • Skibsbygning og sjøfart. Den tekniske utviklingen gjennem tiderne og i vore dage, 1924
  • Snorre Kiær og hans kvinder. En fortælling om videnskap og kjærlighet, 1925
  • Flyvning og luftfart, 1926
  • Skiber før og nu, 1926
  • Store norske ingeniørarbeider, 1926
  • De store opfindelser. Forskning og fremskridt, bd. 1–6, 1929–30
  • Dødståken. Den store ødelegger, 1931
  • Vern. Skuespill i tre akter, 1932
  • Studentersamfundet i Trondhjem gjennem 25 år. Et bidrag til norske studenters historie, 1935
  • Menneskelighet i maskinalderen, 1937
  • Mennesket og maskinen, bd. 1–2, 1937
  • Jern, 1939
  • Fra kvernkall til kjempeturbin, 1942
  • Mennesket og lykken, 1945
  • Hvor Norges fremtid bygges. En populær fremstilling av virksomheten ved Norges Tekniske Høiskole, 1947
  • Dreyers ungdomsleksikon, 1949
  • Mennesket og evigheten. Bekjennelser til et helhetssyn, 1951
  • Den norske Forfatterforening gjennom 50 år. Et bidrag til norsk åndslivs historie, 1952
  • Artiklar i Dagbl. 24.9.1927 og Nationen 7.1.1952
  • N. J. Ringdal: Ordenes pris. Den norske Forfatterforening 1893–1993, 1993
  • A. Asphjell: “Teknikk for alle”, i Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995, bd. 2, 1998