Lærar og reformpedagog. Foreldre: Skulestyrar, seinare sokneprest Fredrik Vilhelm Bull Hansen (1852–1923) og Caroline (“Ninni”) Steenbuch (1862–1939). Gift 1.12.1917 med sjukepleiar Aagot Johanne Larsen (9.3.1895–9.10.1973), dotter til smedmeister Oskar Søren Larsen (1864–1946) og Thea Marcussen (1865–1944). Farbror til Fredrik Bull-Hansen (1927–).

Rolf Bull-Hansen var ein kunnskapsrik, karismatisk og resultatorientert kunstpedagog. Med bakgrunn i reformpedagogikk, psykologi, kunstfilosofi og eigen kunstaktivitet blei han pioner og ei leiande kraft i omforminga av teikning og sløyd frå reine tamefag i folkeskolen til fag som skulle bidra til den estetiske utviklinga i samfunnet.

Bull-Hansen voks opp i Leikanger i Sogn og tok examen artium på latinlina ved Bergen Katedralskole 1905. Etter førebuande prøver ved universitetet i Kristiania steig han ut av den akademiske utdanningsvegen. 1908 avla han lærarprøva ved Den 2-årige lærerskole i Kristiania. Han arbeidde først som huslærar i to år, deretter som vikar i folkeskolen i Kristiania frå 1910 til han fekk fast tilsetjing 1916. I “ventetida” var han 1910–13 dessutan teiknelærar ved Den 2-årige lærerskole og elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) hos målaren Oluf Wold-Torne 1912–14 (og igjen 1921–22 hos overlærar Theo L. Wilberg); 1916–17 var han sjølv teiknelærar ved SHKS.

I 1920-åra gjorde han studiereiser til Nederland, Storbritannia og Italia og ei større reise 1929 til Tyskland, Østerrike og Tsjekkoslovakia for å granske reformpedagogikk og teikneopplæring. Bull-Hansen arbeidde som lærar i Oslo-skolen fram til han 1938 blei tilsett som styrar (frå 1948 rektor) for den nyetablerte Statens sløyd- og tegnelærerskole (seinare Statens lærarskole i forming) på Notodden. Han gjekk av 1954.

Bull-Hansens innsats for å reformere teiknefaget starta i 1920-åra med ei rekke artiklar i skolepressa. Sist i tiåret blei engasjementet utvida til faget sløyd, og i 1930-åra konsentrerte han seg om undervisningsplanar og utdanninga av lærarar til å gjennomføre reformene. Det lange “felttoget” tok utgangspunkt i ein kunstpedagogisk argumentasjon, påverka av briten John Ruskin og av Helga Engs monografi “Nutidspædagogik. Kunstpædagogik” (1918). Bull-Hansen hevda at “formens kultur” var forsømt i vårt land, at “smakløsheten” var inngrodd og at formtradisjon og materiell allmennkultur hadde vore i oppløysing i menneskealdrar. For å kome på rett spor, måtte særleg barn og ungdom få oppleve i skolen korleis karakterfulle og vakre ting blei til. Teikneopplæringa skulle ikkje berre vere trening i teknikk, men eit formstudium, der særtrekk ved det vakre skulle opplevast, og han postulerte at “kravet til skjønnhet er blitt et sannhetskrav, et krav på enkelhet og ekthet”.

Dei tre andre premissane i argumentasjonen for reform var psykologiske studiar av barneteikningar, tolkingar av barneteikningar frå kunstnarar som var teiknelærarar, og reformpedagogisk praksis. Ut frå dette grunnlaget trekte Bull-Hansen pedagogiske konsekvensar: Opplæringa måtte verne om skapargleda og spontaniteten til barna og bygge på førestellingsevna og tenkemåten deira. Med aukande alder kunne opplæringa føye til motoriske, perseptuelle og intellektuelle utfordringar. Slagordet blei “tegning på naturlig grunnlag”. Etter kvart la han vekt på at produksjonsprosessen i dei ulike “ferdighetsfag” hadde fellestrekk og at omgrepet “formingsfag” kunne høve som nytt fellesnamn. Han arbeidde også for at teikning kunne vere eit hjelpemiddel i fleire fag i ein aktivitetsprega skole.

Reformene kravde oppslutning frå lærarane. 1931 nådde han første målet, då Norsk Tegne- og Håndarbeidslærerforbund blei skipa; han var sjølv formann der til 1938. Eit anna var opprettinga av Statens Sløyd- og tegnelærerskole, med ei line for teikne- og ei for sløydlærarutdanning. Bull-Hansen gjorde skolen til ein avantgarde-institusjon for estetisk-pedagogisk nytenking. Eit siste viktig høgdepunkt blei grunnlegginga av tidsskriftet Forming (1949), der han var redaktør fram til 1963.

Rolf Bull-Hansen var formann for komiteen som 1924 utarbeidde Tegneplan for folkeskolen i Kristiania og for komiteen som 1935 laga planen for faget teikning i Normalplan for by- og landsfolkeskolen. Han var teiknekonsulent for Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1930–59 og formann i Notodden kommunale folkeopplysningsråd 1946–48. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1948.

  • Anvendt tegning i skolen (sm.m. Å. Esval), 1924
  • Barns tegning og tegning i skolen, 1928
  • Tegning, i serien Arbeidsmåten i folkeskolen. Håndbok for lærere, 1932
  • Bidrag til nyorientering i tegneundervisningen. Om formutvikling i barnetegning og tidlig kunst (sm.m. O. M. Knispel), 1935
  • Tegning på naturlig grunnlag. Forming som middel i oppdragelse og opplæring fra småbarn til voksen, 1953
  • Formingsundervisning, mål og midler. En hjelpebok for formingslærere, 1971
  • eit stort tall artiklar frå 1923 og frametter i tidsskrifta Vår Skole, Skolebladet, Skole og Samfund, Norsk Skoletidende, Norsk Skuleblad og Forming
  • Stud. 1905, 1930
  • G. Schwabe-Hansen: Die Familie Hansen zu Timmerholm in Norder-Braurup Schleswig, 1939
  • biografi i Norske Skolefolk, bd.1, 1952
  • HEH 1968
  • Å. L. Strømnes: “Rolf Bull-Hansen”, i Idé og Form nr. 4/1970
  • E. Ness (red.): Pedagogisk oppslagsbok, bd.1, 1974
  • A. Lysne: “Formingsfagets utvikling – og betydningen av 'Notodden'”, i K. Jordheim (red.): Lærerutdanning i Telemark gjennom 250 år, 1988