Skulemann. Foreldre: Bonde Øystein Larsson Eskeland (1840–1933) og Mari Larsdotter Vatna (1844–1932). Gift 1908 med Olga Dorothea Olsen (11.2.1886–22.10.1975), dotter til skipskaptein Martin Karinius Olsen (1856–1922) og Åsine (“Sine”) Adolfine Tomine Seehusen (1859–1916). Far til Ivar Eskeland (1927–); bror til Lars Eskeland (1867–1942).

Severin Eskeland var rektor ved Stord lærarskule i 33 år. Han var òg ein omtykt folketalar, som gjennom åra heldt tallause festtalar, forelesingar og kåseri.

Severin Eskeland var i barneåra glad i å lese og tok fatt på kva som baud seg. Frå barndomen var han nær knytt til den 13 år eldre broren Lars, lærar og styrar av Voss folkehøgskule, som gjorde han kjend med målrørsla. I heimen var politikk og samfunnsspørsmål dagleg kost, for faren var politisk interessert og var m.a. ordførar i 10 år.

Vinteren 1895–96 gjekk Eskeland på Voss folkehøgskule. Same året drog han til hovudstaden etter oppmoding for å styre ei planlagd “Målkasse”. Men sidan denne ikkje eksisterte, vart han send til Telemark for å skipe mållag og sanke tingarar til bladet Den 17. Mai. Han skreiv elles ymse småstykke og polemiske innlegg i Den 17. Mai, Unglyden og Ungdom.

I åra 1897–1900 gjekk Eskeland på Stord lærarskule og hjelpte elles foreldra med gardsdrifta. Våren 1902 tok han eksamen som privatist ved Voss mellomskule og finansierte skulegangen med undervisning ved folkehøgskulen. Året etter tok han examen artium som privatist og var den første i landet som skreiv norskstilen på landsmål. 1903–05 studerte han norrønt mål, norsk bokheim, historie og tysk ved universitetet i Kristiania, men tok ikkje nokon eksamen. Studiet finansierte han som før ved lærararbeid og som medarbeidar i Den 17. Mai.

Hausten 1905 vart Severin Eskeland etter oppmoding frå Kyrkjedepartementet knytt til lærarutdanninga. Han tenestgjorde ved lærarskulane i Kristiansand, Notodden og Levanger fram til 1917, då han vart utnemnd til rektor ved Stord offentlege lærarskule, som han styrde til han tok avskil 1950 etter oppnådd aldersgrense.

Som rektor la Eskeland ned eit stort arbeid med å byggje ut og gjere Stord lærarskule til ein funksjonell og tenleg reiskap for norsk lærarutdanning. Tidhøvelege bygningar vart reiste i åra 1919–22: to store internat, gymnastikksal og moderne hus til lærarar og rektor. Han følgde vake og kritisk med i moderne pedagogisk tenking og sette seg godt inn i nye arbeidsmåtar. Som pedagog og faglærar kombinerte han stor fagleg innsikt med djup personleg innleving og originalitet. Ikkje minst opplevde elevane norsktimane hans som reine feststunder, i desse kom hans språklege meisterskap klårast til utfalding.

Eskeland såg det som ei viktig oppgåve å skaffe lærarskulen høvelege lærebøker på nynorsk. Både åleine og saman med andre faglærarar gav han ut ei rad lærebøker, i fysikk, historie og norsk, m.a. den velkjende Lærebok i gamalnorsk saman med Knut Liestøl.

På Stord kom Eskeland snart med i bygdestyringa. Han var formann i skulestyret, varaordførar 1932–34 og ordførar 1935–42. Elles var han m.a. styreformann i Stord Sparebank og Furuly Helseheim. Gjennom mange år var han også med i styret for Hardanger–Sunnhordlandske Rutelag og Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag.

Frå sin tidlege ungdom arbeidde Eskeland for å fremje landsmålet på alle område av samfunnslivet. Han tok del i det organisatoriske arbeidet, var medlem av styret i Noregs Mållag, formann i Norsk Måldyrkingslag, og medlem av styret i Vestlandske Mållag og Vestmannalaget. Han var ein uredd og kompromisslaus talsmann for nynorsken i klassisk form, og kjempa derfor sterkt mot 1938-rettskrivinga og samnorskstrevet.

Politisk sokna Severin Eskeland i yngre år til Venstre, men motsetnadene i norsk politikk etter 1918 skræmde og fekk han til å tvila på partipolitikk og mindretalsparlamentarisme. Ei nasjonal reising syntest han var einaste utvegen, og 1925 vart han med på organiseringa av Fedrelandslaget. Men utviklinga i laget etter 1930 gjorde Eskeland djupt vonbroten, og han melde seg ut. Då den internasjonale spaninga steig ut over i 1930-åra, organiserte han Stord Forsvarslag. I aprildagane 1940 synte han som ordførar stor handlekraft og fast nasjonal haldning. Han skreiv appellar og gav rettleiingar i lokalavisa, organiserte forsyningsteneste, fekk prenta kommunale krisepengar m.v. Han tok uredd til motmæle då nazifiseringa sette inn i 1941–42. Det førte til at han vart fråteken ordførarombodet 1. april 1942, og då han heller ikkje ville etterkome pålegga om at lærarskulen no hadde til oppgåve å skape nasjonalsosialistiske lærarar, vart han avsett frå rektorembetet og forvist frå Vestlandet. Hausten 1942 flytte han med huslyden til Asker, der han sysla med litterært arbeid og var lærar ved Fram Brevskule. Men 17. mai 1945 var Severin Eskeland heime att, og heldt talen for dagen, som han hadde gjort 17. mai 1905.

Trass i alle sine gjeremål fekk Eskeland tid til boklege syslar og omsette kjende bokverk frå engelsk, fransk, tysk og norrønt. Han arbeidde elles for at dei kulturelle banda til det islandske frendefolket skulle styrkjast, og vart heidra med Islands Falkorden for dette. Av hans eigne litterære arbeid kan nemnast biografiar om Lenin, Thomas von Westen, Rasmus Løland og fleire lokalhistoriske arbeid. Han stod også for utgjevinga av Per Sivles skrifter. I tillegg skreiv han ei mengd artiklar, bokmeldingar og polemiske innlegg i pressa. Men truleg var det folketalaren Severin Eskeland som folk tykte mest om. Han heldt gjennom åra tallause festtalar, forelesingar og kåseri.

For sin innsats i samfunns- og kulturliv vart Severin Eskeland utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1951. Ved lærarskulen på Rommetveit er det reist ei byste av han.

    Eigne verk (eit utval)

  • Lærebok i gamalnorsk (sm.m. Knut Liestøl), 1910
  • Lesebok for ungdomsskulen (sm.m. Lars Eskeland), 1912
  • Tristam og Isond. Ein roman um elskhug etter gamle kjildur, 1913
  • Soga um millomalderen og den nye tidi, 1926
  • Vladimir Lenin. Ei stridssoga, 1929
  • Kongens tenar – men Guds fyrst. Soga um Thomas More, 1944
  • Det Hardanger–Sunnhordlandske Dampskipsselskap 75 år 1880–1955, Bergen 1955

    Omsetjingar

  • Soga um Eirik Raude. Gamalnorsk grunntekst og nynorsk umsetjing, 1907
  • F. R. Chateaubriand: Atala, 1908
  • H. B. Stowe: Hytta hans farbror Tom, 1908
  • F. Reuter: Bygdaliv, 2 bd., 1910
  • Soga um Ragnar Lodbrok og sønene hans. Med Kraake-kvædet. Gamalnorsk grunntekst og nynorsk umsetjing, 1914
  • O. Islandsmoen: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • Severin Eskeland, utg. av Vestlandske Mållag, Bergen 1972
  • O. Høyland: Stord bygdebok, bd. 3, Stord 1973, s. 78 og 207–208
  • O. Bjørnøy og A. Lohndal: Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1839–1989, Stord 1989, s. 80–128
  • artiklar i Søndhordland/Vøringen, 1902–64, Søndhordlands Tidende, 1920-åra, og Sundhordlendingen, 1920-åra

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (bronse) av Torleiv Agdestein, 1921; Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, Stord