Faktaboks

Lars Eskeland

Lars Øysteinsson Eskeland

Fødd
6. mars 1867, Stord, Vestland
Død
30. september 1942, Bergen, Vestland (gravlagd på Voss)
Verke
Folkehøgskulestyrar og forfattar
Familie

Foreldre: Bonde Øystein Larsson Eskeland (1840–1933) og Mari Larsdotter Vatna (1844–1932).

Gift 30.6.1893 med Marta Nerhus (20.10.1867–2.8.1925), dotter til gardbrukar Samson Olsson Nerhus (1817–69) og Marta Johnsdotter Skaala (1828–1914).

Bror til Severin Eskeland (1880–1964).

Lars Eskeland

Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Lars Eskeland
Av /NTB Scanpix ※.

Lars Eskeland var folkehøgskulestyrar, diktar og målmann. Han var ein av dei fremste folkehøgskulefolka i si tid. Han arbeidde svært aktivt for målsaka og likeins for bondereisinga.

Bakgrunn

Lars Eskeland var fødd på Stord. Han var bror til Severin Eskeland. Eskeland tok eksamen ved Stord lærarskule i 1886, med beste karakterar. Han hadde fleire lærarpostar før han vinteren 1889–1890 gjekk på Askov Højskole i Danmark, den gongen den mest kjende folkehøgskulen i Norden. Året etter følgde han førelesingar ved universitetet i Kristiania og las språk privat. Frå 1892 til 1895 var Eskeland tilsett som lærar ved lærarskulen på Elverum.

Etablering av Voss Folkehøgskule

Etter oppmoding frå «De unges forbund» på Voss grunnla han Voss Folkehøgskule i 1895, saman med Olaus Alvestad. Dei sleit tungt økonomisk dei første åra, men det gjekk betre etter kvart. Frå 1898 var Eskeland styrar åleine. Han kjøpte garden Seim, som før hadde vore embetsmannsgard, og bygde opp skulen der. Saman med gode medarbeidarar arbeidde han skulen fram til å verte ein av dei førande folkehøgskulane, med elevar frå heile landet og dei nærmaste grannelanda. På det meste hadde skulen over 180 elevar.

Lærar og målmann

Læraren

Lars Eskeland var ein uvanleg dugande lærar. Gamle elevar nemner særleg timane med foredrag, der han tok opp etiske spørsmål og religiøse, historiske og litterære emne. Han kunne fortelje slik at det greip dei aller fleste til deira inste. Føremålet med skulen, slik han utforma det i ein skuleplan frå 1913, var at skulen skulle gi «turvande kunnskap og oppøving» og «vekkja og nøra eit kristelegt og heimleg liv». Og dette programmet arbeidde han etter. Fleire av elevane hans blei seinare kjende forfattarar: Olav Sletto, Sjur Bygd, Tore Ørjasæter, Ragnvald Vaage og Tarjei Vesaas.

Målreising

Det heimlege livet skulle byggje på det norske og det nasjonale, og den norske målreisinga var ei hjartesak for Lars Eskeland heilt frå han gjekk på lærarskulen. Han hadde solid kunnskap om norsk språk og gav ut den første læreboka i norsk så tidleg som i 1892. I målstriden var han svært aktiv, med foredrag og avisartiklar, og uredd kasta han seg ut i mange harde ordskifte om målsaka. Han var den første formannen i Voss Mållag (1898–1905), den første formannen i Vestlandske Mållag (1904–1911) og den første formannen i Norsk Måldyrkingslag (1928–1942). Han var sterkt imot den tilnærminga mellom nynorsk og bokmål som vart gjennomført ved rettskrivingsreforma 1938. Han var også levande interessert i norrøn samkjensle og norrønt samarbeid.

Bondereising

På skulegarden Seim var det gardsdrift i heile Lars Eskeland si tid, og han kjende seg nært knytt til bondestanden. I mange år sat han i landsstyret for Norges Bondelag og var i 15 år fast talar på landsmøta til bondelaget. Han heldt elles ei mengd foredrag på stemner og festar kring i landet, og i dei andre nordiske landa, særleg innanfor folkehøgskulemiljøet.

Kyrkjeskifte

Lars Eskeland var eit djupt religiøst menneske, men han fann seg ikkje til rette i den norske statskyrkja, mellom anna var han sterkt misnøgd med at dei kunne diskutere Kristus. For Eskeland var det ein profanasjon av det heilage. Han var også svært oppteken av tradisjonen som den katolske kyrkja hadde i Noreg frå Heilag-Olav si tid. Etter mange års ettertanke gjekk Eskeland saman med Marta, kona si, inn i den katolske kyrkja i 1925. Stortinget nekta å gi statstilskot til drifta av Voss Folkehøgskule med ein katolikk som styrar, og Eskeland måtte då gi frå seg styret til sonen Øystein. Han heldt fram som timelærar ved skulen.

Utgivingar

Lars Eskeland gav ut kring 60 bøker og skrifter med skiftande innhald. Mellom desse skriftene er ulike lærebøker i norsk språk og språkbruk, og innlegg i målstriden. Andre bøker inneheld talar og utgreiingar om folkehøgskulen. Han var òg lyrikar og gav ut fleire samlingar med dikt og gjendiktingar. Nokre av dikta hans vart mykje brukte som oppsongar i folkehøgskulen. Han skreiv biografiar om kjende opplysningsmenn, som Ole Vig og Anders Reitan, og i ei av dei siste bøkene fortel han nokre minne frå sitt eige liv.

Utmerkingar

Eskeland fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1925 og vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1935.

Portrett

  • Relieff (gips) av Torleiv Agdestein, 1921; Voss Folkehøgskule
  • Byste (gips) av Torleiv Agdestein, 1921; Voss Folkehøgskule
  • Byste (tre) av Styrk Fjose, u.å.; p.e
  • Måleri av Lars Osa, 1940; Voss Folkehøgskule
  • Statue (bronse, kroppsstorleik) av Torleiv Agdestein, 1949; Voss Folkehøgskule
  • Fleire fotografiske portrett (reproduserte) i fotoarkivet til Voss Folkemuseum

Utgivingar

  • Norsk formlæra, 1892
  • Norsk ordlista, 1897
  • Paa heimveg. Nokre talar, 1899
  • Lesebok for ungdomsskulen, sm.m. Severin Eskeland, 1912
  • Friskt folkeliv, 1914
  • Ole Vig, 1915
  • Folkehøgskulen ein livstenar, 1922
  • Sankt Olav. Oratorium, 1923
  • Bønder, 1925
  • Ungdom. Dikt i utval, 1926
  • Kong Olav bed velfar med vossabøndene. Spelstykke, 1934
  • Framvegar og avvegar for norsk målreising, 1936
  • På Klårfjell og annan gamal ervesong frå ei fjellbygd på Vestlandet, 1938

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bolstad, I (redaktør): Voss Folkehøgskule gjennom 75 år, Voss 1971
  • Elevlaget, (redaktør): Voss Folkehøgskule 1895–1915. Kristiania: Elevlaget ved Voss Folkehøgskule, 1915
  • Hellesnes, N: «Lars Eskeland. Folkelærar og diktar», i Gamalt frå Voss, band 2, 1970
  • Helleve, Aslak T., redaktør: «– i straalearme af lys og varme –». Voss Folkehøgskule 1895–1995. Voss: Voss Folkehøgskule, 1995
  • Nerheim, K., redaktør: Lars Eskeland. Minneskrift. Bergen: Varde Forlag, 1950
  • Werring, Henri Lars Eskeland. Læreren og mennesket. Oslo: Olaf Norlis Forlag, 1954
  • O. Islandsmoen: biografi i Norsk biografisk leksikon, band 3, 1926

Faktaboks

Lars Eskeland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052269000387

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg