Faktaboks

Olav Sendstad
Fødd
22. oktober 1859, Nes (no Ringsaker), Hedmark
Død
14. januar 1928, Oslo
Verke
Landbruksskolemann
Familie
Foreldre: Gardbrukar Ole Sendstad (1827–1907) og Mina Larsdotter (1833–1919). Ugift. Farbror til Olav Valen-Sendstad (1904–63) og Fartein Valen-Sendstad (1918–84).

Olav Sendstad var landbrukslærar og skolestyrar, men gjorde seg framfor alt kjend som “kornapostelen”, forkjempar for korntoll og styrking av sjølvforsyninga på matvarer.

Sendstad voks opp på garden Sendstad i Nes på Hedemarken. Han tok jordbruksfagleg utdanning og gjekk igjennom både lågare og høgre avdeling ved Den høiere Landbruksskole i Ås, med slutteksamen 1884. Han arbeidde nokre år som landbruksfunksjonær i Akershus, men 1886 oppretta han Vinterlandbruksskolen i Kristiania saman med den seinare professor Bastian R. Larsen. 1895 tok han over skolen åleine og var rektor fram til han døde 1928.

Skolen gjekk dårleg i starten, men fekk etter kvart elevar frå heile landet. Den teoretiske opplæringa skjedde i lokale i hovudstaden, praksisopplæringa på gardar i distrikta. Ein av dei var garden Refsum i Sørum, som Sendstad kjøpte saman med broren Ingvald. I praksisopplæringa fekk elevane m.a. som oppgåve å føre lister over drift og produksjon. Desse listene var grunnlag for granskingar Sendstad sette i gang over produksjonskostnadane ved åkervekstane. Han gav også ut ei lærebok i driftslære, og han vart ein av dei fremste landbruksøkonomane i Noreg i si tid.

Sendstad vart ein av dei sterkaste kritikarane av utviklinga i norsk jordbruk. Gjennom arbeid med statistikk over import, produksjon og demografi viste han at den sterke omlegginga frå korn- og åkerproduksjon til husdyrhald og mjølkeproduksjon hadde sett jordbruket tilbake. Overgangen hadde drive folk ut av næringa, hundretusenvis av nordmenn hadde reist frå landet, reduksjonen av kornavlen hadde ført til aukande import, og gardane hadde gått frå å vere “dyrkningsbruk” til å bli “høstningsbruk”. I både skrift og tale arbeidde han for å snu denne utviklinga. Sjølvforsyninga av mat måtte aukast. Særleg galdt det kornproduksjonen, som måtte baserast på “plogkjølen” i staden for “skipskjølen”.

Med denne målsetjinga vart Sendstad ein av dei fremste talsmennene for å innføre korntoll. Han utarbeidde eit program for tollpolitisk likestilling med industrien basert på arbeidsforbruket i produksjonen, og han foreslo å bytte ut fiskaltoll, som var lagt på ein del importvarer, med vernetoll for å hindre at levekostnadane steig for folk flest.

Sendstad kombinerte det økonomiske programmet for jordbruket med ei nærast mytisk forestilling om bondens plass i det norske samfunnet. Flukta frå jordbruket såg han på som eit kulturelt tap og ei svekking av nasjonen, og han arbeidde for ein politikk som gjorde det mulig å etablere nye gardar og dyrke ny jord. Ei plattform for dette arbeidet fekk han i organisasjonen Ny Jord, Selskap for Landets Kolonisation og Emigrationens Indskrænkning, der han var styremedlem 1908–28.

Sendstad vart også ein sentral person i Norsk Landmandsforbund. Han var viseformann og fungerande formann 1903–04, i 1910 leidde han arbeidet som la grunnlaget for den sterke veksten forbundet fekk det neste tiåret, og han sat som medlem i styret til 1927. Han arbeidde særleg for at organisasjonen skulle fronte kravet om korntoll. Her fekk han berre delvis gjennomslag, og han kom i motsetning til det programmet organisasjonen sette opp i 1920-åra, særleg kravet om korntrygd. Han var også motstandar av vedtaket om etablering av Bondepartiet og meinte at Landmandsforbundet burde vere ei rørsle heva over partia.

Verker

  • Dagbok for jordbruk og husdyrbrug, 1899
  • Landbrugets driftslære, 1905
  • En omlægning af vor fiskaltold fra sukker til korn og virkningen heraf for den nationale økonomi, i Statsøkonomisk Tidsskrift, hf. 2 og 3, 1907
  • Utsigt over kornavlens og husdyrbrukets utvikling i vort land, 1911
  • Dyrkningslandbruket og dets vilkår i Norge, 1911
  • Arbeidsandelen i nogen av vore viktigste landbruksprodukter – samt i enkelte industriprodukter, 1914
  • Kornforsyningen, den øieblikkelige og den fremtidige, 1915
  • Bøndernes kornhandel. Kornsalgslag – Korncentral, 1915
  • Selvhjulpenhetens økonomi – privat og nationalt set – i belysning av landbrukets produktionslove, 1918

Kilder og litteratur

  • HEH 1912
  • With, 1920
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • Vinterlandbruksskolen og Landbruksakademiet. 1886–1936, 1936
  • P. Borgedal: Økonomi og omsetning, bd. 3 av Norges jordbruk i nyere tid, 1968
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 av Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • M.-B. O. Nielsen: Jord og ord. En studie av forholdet mellom ideologi, strategi og mobilisering hos den tredje pol i det norske partisystemet. Bondepartiet 1915–1940, Bergen 1997
  • d.s.: Bondekamp om markedsmakt 1920–1959. Senterpartiets historie 1920–1959, bd. 1 av Senterpartiets historie 1920–2000, 2001