Faktaboks

Olaus Alvestad
Peter Olaus Alvestad
Fødd
21. februar 1866, Haram, Møre og Romsdal
Død
12. oktober 1903, Voss
Verke
Skulemann, bladmann og songbokutgjevar
Familie
Foreldre: Gardbrukar og lærar Nils Alvestad (1841–1924) og Ingeborg Røvereit (1842–1926). Gift 1895 med Maria Bertelsen (4.4.1872–11.2.1952).

Olaus Alvestad var med og skipa folkehøgskulen på Voss, og gav ut ei songbok som har vore brukt i folkehøgskulane og den frilyndte ungdomsrørsla fram til vår tid.

Alvestad var fødd på garden Gjerdet på Hildrestranda i Haram. I ungdomsåra dreiv han med gardsarbeid og heimefiske. 1884–85 gjekk han Romsdals Amtsskole i Nesset, og 1886 drog han til Asker, der han tok lærareksamen ved Asker Seminarium 1888 med framifrå resultat (hovudkarakter 1,23). Sommaren 1888 gjekk han eit målkurs på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. Same hausten tok han til som lærar på Sagatun på Hamar. Skuleåret 1890–91 dreiv han saman med Ole Elias Sønderland ein friskule (framhaldsskule) på Austnes i Haram, og året etter var han andrelærar på amtsskulen i Os, Hordaland.

Frå hausten 1892 var Alvestad lærar på folkehøgskulen i Seljord. Her møtte han den danskfødde lærarinna Maria Bertelsen, som han gifte seg med sommaren 1895. Same året flytte dei til Voss, og her hadde Alvestad heimen sin til han døydde.

Hausten 1895 skipa han Voss Folkehøgskule saman med Lars Eskeland. Skulen opna 1. oktober, med Alvestad og Eskeland som styrarar. Alvestad gjekk av som styrar 1899, men heldt fram som lærar ved skulen til 1902. Han hadde lenge hatt interesse for bladarbeid, og hausten 1896 kjøpte han bladet Hordaland på Voss saman med Lorentz Nybø. Alvestad styrte bladet så lenge han levde (enkja dreiv det vidare til 1907), og han gjorde det til eit av dei beste lokalblada i landet.

Det Alvestad likevel først og fremst vil bli hugsa for, er Norsk Songbok for ungdomsskular og ungdomslag, som kom ut i september 1898. Boka var på 356 sider og inneheldt 528 songar. Av dei var 241 (om lag 45 %) på nynorsk. Boka vart godt motteken og vart etter kvart den mest brukte songboka i folkehøgskulen. I dei frilyndte ungdomslaga var òg boka mykje utbreidd, saman med Sven Morens Norsk Songbok (1907).

I åra frametter kom Alvestads songbok i ei rekkje utgåver og opplag. Han fekk sjølv berre stå for to av desse utgåvene (1898 og 1902). Fram til 1926 var boka komen i eit opplag på 137 000. 1927 vart boka revidert av ei nemnd (Bernt Theodor Anker, Martin Birkeland og Ingvald Forfang). Boka bar Alvestads namn fram til 1976; sidan har ho heitt Norsk songbok.

1905, to år etter at Alvestad døydde, kom Tonesamling til “Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag”. Alvestad hadde sjølv samla dei “347 gamle og nye lundar” som samlinga inneheldt, og føreordet er dagsett mars 1903. Tonesamlinga kom i nye utgåver 1913 og 1922. 1930 gav Ingvald Forfang ut eit tillegg til tonesamlinga.

Olaus Alvestad vart sjuk av tæring hausten 1901, og døydde to år seinare. Alle dei tre borna han og Maria fekk saman, døydde òg av same sjukdomen. 1906 vart det avduka minnesteinar på grava hans på Voss og på heimgarden i Haram.

Verker

  • Norsk Songbok for ungdomsskular og ungdomslag, 1898 (2. utg. 1902)
  • Tonesamling til "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag" ved Olaus Alvestad. 347 gamle og nye lundar samla og utgjevne ved Olaus Alvestad, 1905

Kilder og litteratur

  • Nekrologar i BTid. 14.10.1903 og Unglyden 22.10.1903
  • L. Bru: “Olaus Alvestad”, i Varden 19.10.1903
  • L. Eskeland: “Olaus Alvestad”, i Symra 5.11. og 12.11.1903
  • d.s.: “Olaus Alvestad”, i Voss Folkehøgskule 1895–1915, 1915, s. 51–55
  • I. Grøvik: “Olaus Alvestad (1866–1903). Ein av føregangsmennene i norsk folkehøgskule”, i Jul på Sunnmøre 1973, s. 31–34
  • E. Ullestad: “Marie Alvestad-Haakonsson [1872–1952]”, i Gamalt frå Voss 24, Voss 1992, s. 143–46
  • H. B. Haram: “Olaus Alvestad – folkeopplysningsmann og kulturspreiar”, i Sunnmørsposten 17.9.1998

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Portrett av Alvestad i sjukesenga hausten 1902, ukjend fotograf; trykt i L. Eskeland: Voss Folkehøgskule 1895–1915, s. 54