Folkehøgskulestyrar og forfattar. Foreldre: Bonde Øystein Larsson Eskeland (1840–1933) og Mari Larsdotter Vatna (1844–1932). Gift 30.6.1893 med Marta Nerhus (20.10.1867–2.8.1925), dotter til gardbrukar Samson Olsson Nerhus (1817–69) og Marta Johnsdotter Skaala (1828–1914). Bror til Severin Eskeland (1880–1964).

Lars Eskeland var ein føregangsmann i den norske folkehøgskulen og i målreisinga.

Lars Eskeland var nesteldst i syskenflokken og måtte i oppveksten vera med i det daglege arbeidet på garden, endå om han likte det lite. Hugen stod til bøkene, til lesing og skriving. Etter eit kurs på Sunnhordlands amtsskule kom han inn på Stord seminarium og tok eksamen der 1886, med beste karakterar av alle i klassen. Vinteren etter var han framhaldsskulelærar i Granvin, så folkehøgskulelærar i to år, først hos Paul Bergh på Halsnøy og året etter hos Stein Hauge i Strandvik. Vinteren 1889–90 gjekk han på Askov Højskole i Danmark, sjølve høgborga for folkehøgskulen på den tid. Åra etter følgde han førelesingar ved universitetet i Kristiania og las tysk, engelsk og fransk privat. Seinare hadde han fleire studieopphald i utlandet, m.a. i Cambridge og Oxford.

1892 vart Eskeland tilsett som lærar ved seminaret på Elverum og arbeidde der til han 1895 braut opp frå ei trygg stilling i lærarskulen og skipa Voss Folkehøgskule, saman med Olaus Alvestad. Dei dreiv skulen saman fram til 1898, sidan var Lars Eskeland styrar åleine. 1902 kjøpte han garden Seim nær Vossevangen og bygde ut skulen der. Han arbeidde opp skulen til å bli ein av dei fremste i landet, med elevar også frå dei andre nordiske landa. På det meste hadde skulen over 180 elevar for året. I ei utgreiing om Voss Folkehøgskule (1914) skreiv han at målet med skulen var å “gjeva turvande kunnskap og oppøving” og “vekkja og nøra eit kristelegt og heimlegt liv”, og dette programmet arbeidde han etter.

Lars Eskeland var ein uvanleg dugande lærar. Framom alt hugsar elevane hans timane der han heldt foredrag om religiøse, etiske og historiske emne, og timane i norsk språk og litteratur. Eskeland hadde særskilde evner som norsklærar, og fleire av elevane hans vart seinare kjende forfattarar: Olav Sletto, Sjur Bygd, Tore Ørjasæter, Ragnvald Vaage og Tarjei Vesaas.

Etter mange års ettertanke gjekk Lars Eskeland saman med kona si inn i den katolske kyrkja 1925. Reaksjonane på dette var svært sterke, også frå mange av dei som stod Eskeland nær. Mai 1927 vedtok Stortinget etter eit langt ordskifte med 83 mot 59 røyster at Voss Folkehøgskule ikkje kunne få statstilskot så lenge Lars Eskeland var skulestyrar. Han overlet då styrarstillinga til sonen Øystein, men heldt fram som timelærar ved skulen.

Den norske målreisinga var ei hjartesak for Eskeland. Han hadde grundig kunnskap om norsk mål og gav sjølv ut ei rad lærebøker i norsk, den første så tidleg som 1892. I målstriden stod han i fremste lina. Han var første formannen i Voss Mållag (1898–1905), og heiderslagsmann frå 1936. Han var like eins første formannen i Vestlandske Mållag (1904–11). Sjølv dyrka han målet med meisterskap, og var også første formannen i Norsk Måldyrkingslag (1928–42). Eskeland hadde eit tradisjonsbunde målsyn og var mykje mot tilnærminga mellom nynorsk og bokmål slik det vart utforma ved rettskrivingsreforma 1938. Han var også levande interessert i norrøn samkjensle og norrønt samarbeid.

Når Lars Eskeland i samfulle 15 år vart beden om å tala på landsmøta til Norges Bondelag, viser det meir enn noko anna korleis han vart verdsett som talar. Han var etterspurd til ungdomsstemner, årsmøte og festar kring heile landet – og i grannelanda. Han var kunnskapsrik, og hadde noko på hjarta som han bar fram i velforma talar. Han var også ein skarpskodd debattant, og ikkje lett å stå imot i eit ordskifte. Somme har nemnt at det var noko suggererande ved han på talarstolen.

Lars Eskeland var bondegut, og heile livet kjende han seg knytt til bondestandet. Han sat i mange år i landsstyret for Norges Bondelag, men streka stadig under at bondereisinga også hadde ei kulturell side. Han ottast at industrialiseringa kunne øydeleggje mykje av bygdekulturen, og trudde marxismen ville føre til undergang for det kristne grunnsynet. Likevel var det arbeidarpartia som på Stortinget samla røysta for at Voss Folkehøgskule skulle få statstilskot også med Lars Eskeland som styrar.

Lars Eskeland gav i alt ut kring 60 bøker og skrifter av ymse slag, lærebøker, foredrag, biografiar, dikt og sogespel, og i tillegg til dette skreiv han ei mengd innlegg i blad og aviser. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull 1925 og vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1935.

  • Norsk formlæra, 1892
  • Norsk ordlista, 1897
  • Paa heimveg. Nokre talar, 1899
  • Lesebok for ungdomsskulen, sm.m. Severin Eskeland, 1912
  • Friskt folkeliv, 1914
  • Ole Vig, 1915
  • Folkehøgskulen ein livstenar, 1922
  • Sankt Olav. Oratorium, 1923
  • Bønder, 1925
  • Ungdom. Dikt i utval, 1926
  • Kong Olav bed velfar med vossabøndene. Spelstykke, 1934
  • Framvegar og avvegar for norsk målreising, 1936
  • På Klårfjell og annan gamal ervesong frå ei fjellbygd på Vestlandet, 1938
  • Elevlaget ved Voss Folkehøgskule (red.): Voss Folkehøgskule 1895–1915, 1915
  • O. Islandsmoen: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • A. Ullestad (red.): Voss Folkehøgskule 1895–1945, Voss 1945
  • K. Nerheim (red.): Lars Eskeland. Minneskrift, Bergen 1950
  • H. Werring: Lars Eskeland, 1954
  • Elevlaget ved Voss Folkehøgskule (red.): Voss Folkehøgskule 1895–1955, Voss 1955
  • N. Hellesnes: “Lars Eskeland. Folkelærar og diktar”, i Gamalt frå Voss, bd. 2, 1970
  • I. Bolstad (red.): Voss Folkehøgskule gjennom 75 år, Voss 1971
  • A. Helleve (red.): “– i strålearme af lys og varme”. Voss Folkehøgskule 1895–1995, Voss 1995
  • utklippsbøker (avisutklipp) (ca. 1920–ca. 1940) i arkivet til Voss Folkemuseum

    Kunstnarlege portrett

  • Relieff (gips) av Torleiv Agdestein, 1921; Voss Folkehøgskule
  • Byste (gips) av Torleiv Agdestein, 1921; Voss Folkehøgskule
  • Byste (tre) av Styrk Fjose, u.å.; p.e
  • Måleri av Lars Osa, 1940; Voss Folkehøgskule
  • Statue (bronse, kroppsstorleik) av Torleiv Agdestein, 1949; Voss Folkehøgskule

    Fotografiske portrett

  • Fleire fotografiske portrett (reproduserte) i fotoarkivet til Voss Folkemuseum