Sorenskrivar, godseigar, næringsøkonomisk skribent og føregangsmann innan landbruk. Foreldre: Godseigar Michael Melchiorson Falch (død 1768) og Mette Marie Heiberg. Gift 1) 19.3.1753 i Bergen med Anna Sophie Bitsch (1726 (døypt 1.5.)–1755 (gravlagd 20.1.)), dotter til overstadsveiar Johan Philip Bitsch (død 1752) og Anna Christina Bolder; 2) 25.8.1756 med Margrethe Christine Hagerup (8.11.1732–11.1.1795), dotter til biskop Eiler Hagerup (1685–1743) og Anna Cathrine Barhow (død 1737). Svoger til Hans Hagerup Gyldenpalm (1717–81).

Melchior Falch var sorenskrivar på Sunnmøre i 25 år, men er mest kjend for omfattande innsats i patriotisk ånd for å fremje næring og økonomi i landsdelen og som forfattar av ei rekkje næringsøkonomiske artiklar og avhandlingar.

Falch voks opp som eldste son til godseigaren på Amla i Kaupanger. Han ætta frå embetsmannsslekter både på fars- og morssida; farfaren, som han var oppkalla etter, hadde vore sokneprest i Herøy på Sunnmøre, og morfaren Gert Heiberg var sorenskrivar i Indre Sogn. Falch gjekk på katedralskulen i Bergen og tok juridisk embetseksamen i København 1747.

1752 vart han utnemnd til sorenskrivar på Sunnmøre, men han begynte truleg ikkje i stillinga før 1754. Dette kan ha vore av dei mest inntektsgjevande sorenskrivarembeta i landet, sidan distriktet var folkerikt. Melchior Falch var venteleg på grunn av familiebakgrunnen såpass velsituert at han var i stand til å sikre seg dette embetet, mot å koste den staselege skulebygningen til Seminarium Fredericianum i Bergen, visstnok for 800 riksdalar, altså ei form for embetskjøp. Han sat i embetet til 1779, då han overlet det til etterfølgjaren Johan Lausen Bull mot ein årleg pensjon.

Delar av sorenskrivartida til Falch fall i ein svært turbulent periode på Sunnmøre. Fram til 1775 var den fargerike Ole Alsing, som mellom anna dreiv omfattande bergverksdrift, fut på Sunnmøre. Det ser ut til at Falch ofte spelte ei slags meklarrolle i striden mellom Alsing og allmugen, t.d. ved eit større opplaup i Vanylven 1759. Striden omkring den tunge ekstraskatten av 1762 var i høg grad også merkande på Sunnmøre. Falch engasjerte seg elles spesielt i konfliktane omkring Borgundfjord-fisket og fekk i stand ordningar med regulering av garnfiske etter torsk på heile Sunnmøre 1767.

1759 kjøpte Falch garden Djupvika i Borgund. På denne garden kosta han nye og staselege hus. Sikkert inspirert av godsdrifta på farsgarden i Sogn, gjorde han Djupvika til eit mønsterbruk meint som førebilete for bøndene i distriktet. Då faren døydde 1768, arva Falch Amla, men han flytta ikkje dit før 1779.

Hausten 1773 inviterte han alle embetsmenn, proprietærar og borgarar på Sunnmøre til å få i stand eit patriotisk selskap for å utvikle næringslivet i distriktet. Syndmøre Practiske Landhuusholdningsselskab var mellom dei aller eldste av sitt slag her i landet. Det var inspirert av Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, dreiv med premiering av bønder for nyttige tiltak og skulle elles fremje opplysning til allmugen om forbetring av landbruket. Falch var sekretær og den eigentlege pådrivaren i selskapet. I styret sat også den kjende presten Hans Strøm, som var ein nær medarbeidar og syskenbarnet til Falchs andre kone. Selskapet vart eit føredøme for fleire andre liknande selskap som kom til i dei næraste åra etterpå rundt om i landet. Verksemda stagnerte då Falch og Strøm forlet landsdelen 1779, men selskapet vart fornya 1802.

Falch skreiv ei rekkje mindre avhandlingar om økonomiske emne. Tre av dei vart trykte av Det Throndhjemske Selskab (no Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab), der han var medlem frå 1769. Mest kjend var likevel ei avhandling om fiskeria på Sunnmøre, som vart premiert av det danske landhusholdningsselskapet 1775 og trykt i skriftserien til dette selskapet. Til denne avhandlinga laga Falch også eit detaljert kart over dei viktigaste fiskegrunnane utanfor sunnmørskysten.

Typisk for avhandlingane til Falch er gleda over å kvantifisere. Han kunne her gå ned i dei minste detaljane, som når han laga overslag over kor mykje trelast folk på Sunnmøre trong å kjøpe årleg. Han berekna då materialar til nybygging og vedlikehald av alle typar hus på gardar og husmannsplassar, ymse båttypar og like ned til likkister. I ei berekning over kor store gardsbruk sunnmørsbøndene trong for å livberge seg og huslyden, tok han med og prisberekna alt det folket på ein normalgard produserte, kva dei forbrukte sjølve, kva dei måtte kjøpe, kva utgifter dei hadde til skattar og avgifter osv. Avhandlingane fortel ikkje berre om næringsverksemd, men gjer også bidrag til å vurdere vanlege folks levekår.

Fleire av avhandlingane kom i stand som resultat av spesielle saker eller konfliktar på Sunnmøre, t.d. konflikten mellom sunnmørsbøndene og futen Alsing om trelastkjøp på skogsgardane han åtte i Romsdal, konflikten mellom garn- og snørefiskarar i torskefisket, og debatten om kor vidt Sunnmøre burde få sin eigen kjøpstad.

Melchior Falch var medlem av Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskab, og frå 1778 hadde han rangtittelen kanselliråd.

    Eit utval

  • Beregning over hvad Træ-Materiale Søndmør aarlig behøver, i DKNVS Skr., Nye Samling, bd. 1, København 1784, s. 431–484
  • Om Fyrre- og Gran-Skovene i Norge, ibid., s. 45–68
  • Om Torske-Vaar-Fisket paa Sundmøer, ibid., bd. 2, København 1788, s. 213–250 (også trykt under tittelen Vaar-torskefisket på Søndmør 1766 i Norsk Fiskeritidende 1894, s. 448–466 og 1895 s. 13–30)
  • Afhandling om Fiskerierne i Norge, i særdeleshed om de Søndmørske, og Fiske-Grunderne uden for Landet, i Det kongelige Danske Landhuusholdningsselskabs Skrifter, bd. 3, København 1790, s. 289–345 (også trykt under tittelen Om Fiskerierne Anno 1772 i Norsk Fiskeritidende 1894, s. 366–379 og 499–504 og 1896, s. 26–38)
  • Nogle Anmærkninger, som bør iagttages, før end en ny Kiøbstæd bevilges og anlægges, i Ny Minerva, 1806 IV, s. 55–71
  • Nogle Observationer som bør iagttages baade forud og ved en ny Matriculering, ibid., 1807 I, s. 183–198
  • Om Lovenes Uvirksomhed, ibid., s. 156–182
  • Undersøgelse om hvor stor Gaard en Bonde bør bruge paa Syndmør, og ikke større, ibid., s. 276–298

    Etterlatne papir

  • Manuskripta Forslag hvorledes man kunde blive underrettet om enhver Gaards beskaffenhed paa Sundmør (1764) og Forslag til at faa om ei alle, dog de fleeste Ødegaarder paa Sundmør igjen beboelige og dyrked (1765) finst i Sogn Folkemuseum, Sogndal
  • Aa. Daae: “Søndmørs Praktiske Landhusholdningsselskap”, i Tidsskrift for Sunnmør historiske lag 1914, s. 5–54
  • S. Skappel: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • A. Døssland: “Melchior Falch og den sunnmørske jordbruksøkonomien på 1700-talet”, i Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1982, s. 70–90
  • B. Rabben: Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, bd. 1, Ålesund/Molde 1982
  • R. P. Amdam: Den organiserte jordbrukspatriotismen 1769–1790 – ei jordbrukspolitisk reformrørsle?, h.oppg. UiO, 1985
  • A. Døssland: Med lengt mot havet 1671–1835, bd. 1 i Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, 1990