Prest, salmediktar, salmebokutgjevar og folkevisesamlar. Foreldre: Sokneprest Hans Landstad (1771–1838) og Margrete Elisabeth Schnitler (1768–1850). Gift 6.5.1829 med Wilhelmine (“Mina”) Margrethe Marie Lassen (27.7.1808–20.2.1892), dotter til prost Albert Lassen (1781–1835) og Dorthea Andrea Lange (1789–1867). Sonedotters son til Peter Schnitler (1690–1751); farfars far til Magnus Brostrup Landstad (1905–97); svoger til Wilhelm Lassen (1815–1907).

Magnus Brostrup Landstad samla folkeviser og skreiv sjølv ei lang rekkje salmar, som han gav ut i to av dei mest sentrale bøkene på 1800-talet, Norske Folkeviser (1853) og Kirkesalmebog (autorisert 1869). Salmeboka var i bruk i meir enn 100 år og kom i mange utgåver, og begge bøkene kom til å få stor verknad for norsk litteratur og kulturliv.

Landstad vart fødd på Måsøy prestegard i Finnmark, men alt som toåring flytte han med familien til Øksnes i Vesterålen, da faren vart utnemnd til sokneprest der. 1811 overtok faren Vinje prestekall i Telemark, og frå 1819 var han sokneprest i Seljord. Magnus fekk undervisning heime, først av mora, så av huslæraren og haugianaren Nils Sveinungsson – han skaffa seinare Landstad ei lang form av Draumkvedet – og deretter av faren. 1822 tok han examen artium ved universitetet i Christiania og tok fatt på teologistudiet.1827 vart han cand.theol. og året etter tilsett som residerande kapellan i Gausdal. I studietida vart han kjend med prestedottera Mina Lassen, og dei gifte seg 1829.

Landstad søkte og fekk sokneprestembetet i Kviteseid i Telemark 1834, og da Hans Landstad døydde 1838, søkte sonen det ledige embetet etter faren i Seljord, og han vart utnemnd 1839. Her vart han verande om lag eit tiår, og det var i denne perioden han gjorde det viktige arbeidet med å samle folkeviser (balladar). Han tok også til å skrive salmar. 1849 vart han tilsett som sokneprest i Fredrikshald (no Halden), og i denne stillinga sat han til han flytte til Sandeherred (Sandar) i Vestfold 1859.

I forordet til Norske Folkeviser karakteriserer Landstad samlinga som eit bergingsprosjekt – som “at redde et gammelt Familiesmykke ud af det brændende Huus”. Han peikar på at det er den grundige kjennskapen hans til folket i Øvre Telemark som gjer at han kan makte oppgåva. Dessutan har han fått oppmuntring “af en Dame, der levende interesserer sig for Sagen”, dvs. prestedottera Olea Crøger. Elles hadde historikaren P. A. Munch og språkforskaren Ivar Aasen vore viktige konsulentar for verket.

Norske Folkeviser hadde ein trong fødsel, i konkurranse med eit planlagd viseprosjekt som Jørgen Moe og boktrykkar P. T. Malling stod bak. Moe og Malling prøvde å presse Landstad ut, og eit visemanuskript som Olea Crøger 1842 sende til Malling med tanke på utgjeving, vart ikkje returnert. I den språklege attgjevinga av visene hadde Landstad først tenkt å følgje uttalen, men valde i samråd med P. A. Munch ei høgtidssam og arkaiserande norm, i retning av norrønt, jf. første strofe av Draumkvedet: “Vil du meg lyða, eg kveða full kan/ um einkvan nýtan drengin,/ alt um han Olaf Ástason,/ som heve sovið sá lengi”. I midten av 1840-åra hadde Landstad klart eit utkast til visesamling (utgitt 1925). Her er tekstane på vesttelemarksmål, og åpningsstrofa i Draumkvedet lyder slik: “Vi du mæg høire, æg kvea ful' kan /alt om dei nyte Drengjin,/ alt om han Olaf Aasteson/ som hæve sovi saa længje”.

Norske Folkeviser er ikkje noko vitskapleg verk, og dette fekk Landstad kritikk for. Men skuldingane om at han hadde kasta originaloppskrifter og nærmast smurt i hop visetekstane sjølv, var grunnlause; originaltekstane har seinare kome for dagen. Landstads samling er eit uttrykk for både nasjonalromantikk og nasjonsbygging ved midten av 1800-talet. Boka skulle fylle fleire oppgåver: dels leggje fram litterært arvegods, dels gjennom ei stilrein språkform trekke linjer tilbake til norrøn sagatid, dels verke nasjonalt samlande. Norske Folkeviser er eit verk på ca. 900 sider og inneheld kring 100 mellomalderviser (balladar), blant dei Draumkvedet i ei redigert form og i ei oppskrift etter “Pigen Maren Ramskeid” i Kviteseid, og viser som Åsmund frægdegjeva, Roland og Magnus kongen, Liti Kjersti og Bendik og Årolilja. Boka inneheld også nokre nyare bygdeviser, stev, leikar og barnerim, dessutan eit notetillegg ved Olea Crøger. For norske forfattarar sidan 1850-åra har Norske Folkeviser vore ei gullgruve og har verka inspirerande gjennom både stoff og stil.

Landstad samla ikkje bare folkeviser, men også annan folketradisjon. Gamle Sagn om Hjartdølerne vart gitt ut i dødsåret 1880, mens Ættesagaer og Sagn fra Telemarken, Mytiske Sagn fra Telemarken og Fra Telemarken. Skik og Sagn først vart utgitt i 1920-åra. 1879 redigerte han og gav ut ei innhaldsrik samling av eigne dikt. Her står dikt som Et Sognebud, Aneksreisen og Kvenne-Karis Vise; ikkje minst det sistnemnde er inspirert av folkevisene.

Utgjevinga av Norske Folkeviser hadde teke tid, og det stod strid om prosjektet. Strid stod det også om utgjevinga av Kirkesalmebog. Alt 1848 vart Landstad spurt om å ta på seg arbeidet med ei ny kyrkjesalmebok, som det var stort behov for, men han avslo på grunn av stort arbeidspress. Da han fire år seinare fekk same spørsmål frå Kyrkjedepartementet, svara han ja. I mellomtida hadde presten Wilhelm Andreas Wexels gitt ut ei revidert utgåve av Christelige Psalmer, som såg ut til å kunne sigle opp. Dette ville Landstad hindre, og han skreiv ein knusande kritikk av Wexels' salmebok (1852). Etter Landstads syn var Wexels' salmebok språkleg unasjonal, stilen var upoetisk og heile grunntonen for grundtvigiansk til å høve i den norske kyrkja.

I slutten av 1850-åra hadde Landstad laga ferdig eit framlegg til salmebok, og 1861 låg Kirke-Salmebog. Et Udkast føre. Kritikken mot utkastet kom særleg til å gjelde språket; det var teke med for mange særnorske folkemålsord, vart det hevda. Landstad tok kraftig til motmæle, med fagleg ryggdekning av Ivar Aasen. Likevel måtte han ta omsyn til fleire endringsframlegg, også fordi han nå hadde ein ny konkurrent i salmeboka til presten Andreas Hauge, son til Hans Nielsen Hauge, som hadde støtte hos det konservative lekfolket. Men 1869 vart Landstads Kirkesalmebog autorisert til bruk i den norske kyrkja, og det var denne boka som vann fram.

Salmeboka hans vart brukt i Den norske kyrkja i meir enn 100 år, og det vart også laga ei utgåve for bruk i dei norske kyrkjene i Amerika. Boka vart omvølt av Gustav Jensen i byrjinga av 1900-talet (Landstads reviderte salmebok, autorisert 1924) og fekk samstundes konkurranse frå Nynorsk salmebok, men rådde grunnen i dei fleste norske kyrkjelydar fram til Norsk salmebok vart innførd 1985.

Landstads salmebok er den første norske kyrkjesalmeboka, og innslaget av norske salmar er da også relativt stort. Petter Dass er sjølvsagt representert, likeeins Dorothe Engelbretsdatter og Johan Nordal Brun. Men den danske og tyske salmetradisjonen er langt frå broten: Boka innheld om lag 300 danske og 200 tyske salmar i gjendikting. Arbeidet med folkevisene hadde gjort Landstad til ein framifrå gjendiktar, noko som kom godt med ved omarbeidinga av eldre salmestoff. Sjølv er han representert med fleire salmar, blant dei julesalmen Fra Fjord og Fjære, adventssalmen Jeg løfter op til Gud min Sang og dødssalmen Jeg veed mig en Søvn i Jesu Navn. Den førstnemnde har blitt karakterisert som ein kombinasjon av jule- og fedrelandssalme:

“Fra Fjord og Fjære, fra Fjell og dyben Dal

Et: Ære være! i dag gjenlyde skal.

Fra Kirketaarne i Fryds Basuner stød

For Guds Enbaarne, som er i dag os fød;

Vi var forlorne, nu er vi frelst af Nød!”

Landstads livssyn, slik det kjem til uttrykk i salmediktinga hans, er tungt og alvorsfylt. Mennesket er av naturen vendt bort frå Gud, og ei djuptgripande syndsvedkjenning er derfor nødvendig for å bli frelst. Livet i “denne heimen” er ei lang og mødesam pilegrimsvandring mot det evige livet i “den andre heimen”:

“Jeg løfter op til Gud min Sang

Endnu engang

Fra disse Jordens Dale.

Vor Herre Krist han henter mig

Snart hjem til sig

I Himlens høie Sale.”

Magnus Landstad vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1870. I seinare år var helsa skral, og etter eit slag 1876 fekk han avskil i nåde og flytte til Kristiania, der han døydde 1880. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

    Eit utval

  • Hjertesuk til hver Dag i Ugen, Morgen og Aften, saavelsom ved andre Anledninger, 1846
  • Neslands Kirke. Et Digt, Fredrikshald 1852
  • Norske Folkeviser, 1853 (uendra opptrykk 1968)
  • Kirke-Salmebog. Et Udkast, 1861
  • Om Salmesagen. En Redegjørelse, 1862
  • Kirkesalmebog, 1869 (rev. utg. Landstads reviderte salmebok ved G. Jensen, 1924)
  • Sange og Digte af forskjellige Slags, mest fra gamle Dage, 1879
  • Gamle Sagn om Hjartdølerne, 1880 (ny utg. Notodden 1985)
  • Salmebog for Lutherske Kristne i Amerika, (posthumt) 1900 (ny utg. Minneapolis 1909)
  • Ættesagaer og Sagn fra Telemarken, 1924 (ny utg. Telemarks blodige kjemper, Porsgrunn 1997)
  • Folkeviser fra Telemarken, utg. av K. Liestøl, 1925
  • Mytiske Sagn fra Telemarken. Efterladte Optegnelser, 1926 (ny utg. Porsgrunn 1995)
  • Fra Telemarken. Skik og Sagn. Efterladte Optegnelser, 1927 (ny utg. Porsgrunn 1996)

    Etterlatne papir

  • Magnus Brostrup Landstads dagbok 1825–1829, utg. av S. Kolsrud og I. Kvamen, 1950 (særprent frå Norvegia Sacra 1939)
  • Foreløbigt Udkast til en Prestehistorie for Telemarken, NBO
  • Biografi i NFL, bd. 3, 1892
  • R. Berge: Norske folkeminnesamlarar 2, Risør 1920
  • K. Liestøl: “M. B. Landstads Norske Folkeviser”, i Edda,bd. 26, 1926, s. 1–19
  • K. Valkner: “Landstads og Hauges salmebøker. Tilblivelseshistorie og hymnologisk karakteristikk”, i Norvegia Sacra 1932, s. 1–129
  • H. Blom Svendsen og K. Liestøl: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • H. T. Landstad: M. B. Landstad på nært hold, belyst med familiebrev, 1989
  • E. Elseth: Magnus Brostrup Landstad. Kulturvilje og kristentro, 1997
  • d.s.: “Magnus Brostrup Landstad. Mannen og verket”, i Ki&K nr. 4/2002, s. 363–379
  • F.-E. Vinje: “Jeg vilde saa inderlig gjerne faa bruge det rette norske Ord”, sst., s. 381–393

    Kunstnarlege portrett (eit utval)

  • Pastell (dobbeltportrett av Landstad og kona) av Christian Olsen, 1851
  • Litografi (brystbilete) av C. Simonsen, 1859
  • Måleri (brystbilete, mogelegvis etter eit fotografi) av Christian Olsen, u.å.; attgjeve i K. Elster d.y.: Illustreret norsk litteraturhistorie, bd. 2, 1924, s. 272
  • Statue (stein) (heilfigur) av Hans Holmen, 1928; Landstads plass, Sandefjord
  • Statue (granitt) (heilfigur, ryttarstatue i profil) av Anne Grimdalen, 1951; ved Seljord kyrkje
  • Relieff (bronse) (ansikt) av Johan B. Hygen, 1982; Måsøy kyrkje

    Fotografiske portrett (eit utval)

  • Fotografisk portrett av C. Simonsen 1852/53