Faktaboks

Lars Geilane
Lars Larsen Geilane
Fødd
1786, Time, Rogaland
Død
13. november 1845, Rochester, New York, USA
Levetidskommentar
(døypt 0
Verke
Kvekarleiar og emigrasjonspioner
Familie
Foreldre: Husmann og tømmermann Lars Svendsen Geilane og Maren Enersdatter. Gift 25.12.1824 med Marthe Jørgensdatter Eide (10.10.1803–17.10.1887), dotter til Jørgen Pedersen Opsal og Inger Billestsdatter Lande.

Lars Geilane er kjend som kvekar og leiar av det første store utvandrarfølgjet som drog frå Noreg til Amerika 1825.

Geilane var fødd på Time på Jæren, og fekk i ungdomen opplæring som skipstømmermann. 1801 budde han i Stavanger. Under den britiske blokaden av Noreg 1807 greidde han saman med eit par andre karar å føre ein liten fiskebåt lasta med tømmer til Holland, og prøvde å få med seg ei last med korn attende. Men båten vart teken av britane, og mannskapet vart ført til Storbritannia som fangar. Der sat dei i fengsel – “i prisonen” – fram til fredsslutninga 1814, men Geilane vart også verande eit år i Storbritannia etter at han slapp fri. Her vart han kjend med skriftene til kvekarane, høyrde predikantane deira og vart påverka av dei, og han kom i teneste hos mor til den britiske kvekarleiaren, William Allen.

Etter at Geilane kom attende til Noreg, var han med og etablerte eit lite kvekarsamfunn i Stavanger, det einaste utanom Christiania. Kvekarane i Noreg var ikkje velsette av styresmaktene, og møtte mykje motstand. Til dømes vart dei trua med straff da dei ikkje ville følgje vanlege ritual under gravferd. Tanken om å reise ut av landet hadde derfor tidleg festa seg hos enkelte av dei. Lars Geilane drog attende til Storbritannia 1819 for å søkje arbeid som tømmermann og for å lære språket. Men han fann ikkje noko arbeid, og vende derfor attende til Noreg.

Men kvekarane hadde mange internasjonale kontaktar. 1818 hadde kvekarane i Noreg besøk av William Allen. Han hadde med seg Stephen Grellet, ein fransk emigrant som hadde flykta til Amerika 1795 og blitt kjend med kvekarane der. Han reiste no rundt som kvekarpredikant. Gjennom han fekk nordmennene truleg kjennskap til Amerika, at det var mogleg å emigrere dit, og at dei der fritt kunne utøve religionen sin.

1821 drog Cleng Peerson frå Tysvær til Amerika for å undersøkje korleis tilhøva var for emigrantar. Han kom attende etter tre år, og som følgje av hans opplysningar om Amerika vart det samla ei gruppe på 52 personar frå Tysvær og andre stader i nærleiken. Dei la ut frå Stavanger om bord på sluppen Restaurationen 4. juli 1825. Geilane var leiar for denne gruppa. Cleng Peerson hadde reist i førevegen for å ta imot dei når dei kom fram. Juledagen 1824 hadde Geilane gifta seg, og kona fødde eit jentebarn under overfarten, slik at følgjet var på 53 personar da dei kom til Amerika.

Gruppa kom fram til New York etter 14 veker på sjøen. Dei fekk ein del problem i New York, m.a. vart dei dømde til bøter fordi dei var for mange om bord i forhold til storleiken på båten. Men dei fekk hjelp av kvekarane i Amerika, og dei fleste reiste saman med Cleng Peerson til Kendall township i staten New York, der Cleng Peerson tidlegare hadde kjøpt land.

Men Geilane og nokre av dei andre frå Restaurationen skilde lag med resten av følgjet og drog til Rochester, New York, der dei slo seg ned. Her fekk Geilane arbeid som tømmermann og båtbyggjar ved den nybygde Eriekanalen, og han vart snart ein kjend skipstømmermann, som etter stutt tid etablerte si eiga verksemd.

Han bygde seg også eit stort hus, som etter kvart gjekk for å vere det best kjende norske huset i Amerika. Grunnen var at denne heimen til Lars og Marthe Geilane snart vart ein viktig mellomstasjon for norske emigrantar som kom til området. Emigrantane vart ofte verande der lenge, da dei ikkje kom seg vidare fordi dei ikkje fekk seg arbeid eller ikkje hadde pengar. Etter kvart vart besøket så stort at Lars fann grunn til å sende ei åtvaring heim til Noreg om at folk som hadde tenkt å emigrere, burde kunne språket for lettare å få seg arbeid. Og i alle fall måtte dei ha nok pengar til å kunne greie å betale for reisa innover i landet.

Lars Geilane døydde på mystisk vis 1845. Han drukna på ei båtreise i lag med ein kar han hadde kjøpt ein båt saman med, og familien meinte han var offer for eit rovmord.

Kilder og litteratur

  • M. Ulvestad: Nordmændene i Amerika, deres historie og rekord, Minneapolis (Minnesota) 1907
  • I. Semmingsen: Veien mot vest, 1942
  • J. Rosdail: The Sloopers, Broadview (Illinois) 1961
  • A. Hauge: Cleng Peerson. Møte med vandringsmannen, Stavanger 1983
  • G. B. Naeseth: Norwegian Immigrants to the United States. A Biographical Directory, bd. 1, Madison (Wisconsin) 1993

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Portrett av ukjend fotograf, u.å.; trykt i J. Rosdail: The Sloopers (sjå ovanfor), s. 134