Norskamerikansk utvandringspioner. Foreldre: Gardbrukar Per (Peder) Larsson (1755–1841) og Inger Sjursdotter (1744–1814). Gift 1) 2.4.1807 i Finnøy med syerske Ane Cathrine Pedersdotter Sælinger (ca. 1749–22.9.1831); 2) 3.9.1848 med tenestejente Maria Charlotta Jansdotter Dahlgren (26.5.1809–ca. 1849), dotter til gardbrukar Jan Larsson (1777–1821) og Anna Maria Dahlgren (f. 1783).

Cleng Peerson reiste 1821 på oppdrag frå kvekarane i Stavanger til USA for å undersøkja forholda for immigrantar der. Etter at han var tilbake, kom den første organiserte emigrasjonen av norske til USA i stand 1825.

Cleng Peerson (Kleng Pedersson) voks opp på garden Hesthammar i Tysvær, men var fødd på garden Lervik i same bygda. Fødselsåret hans er mest truleg 1783, ikkje (som det står i gravskrifta hans) 1782; dette har ein rekna ut etter alderen hans ved konfirmasjonen 1800 (17 1/2 år), folketeljinga 1801 (18 år) og militær rulle 1802 (19 år). Foreldra var leiglendingar på garden Hesthammar, som låg under embetet til den residerande kapellanen i Stavanger. Dei levde i jamt gode bondekår.

Då Kleng 1802 var på militærsesjon (der kroppshøgda hans blei målt til 1,62 m), bad han om å bli overført frå landforsvaret til sjøforsvaret. Dette kan vera eit tidleg uttrykk for utferdstrong. I tillegg til at han blei innrullert som marinesoldat og truleg tenestegjorde utanlands, er det også kjent at han seinare var utanlandsfarar ved fleire høve før han tok på seg oppdraget som utsending til USA, og han kom i løpet av denne tida til å opphalda seg i fleire europeiske land.

Kleng flytta til Finnøy ved giftarmålet med den svenskfødde enkja Ane Cathrine Sælinger 1807. Ekteskapet med den meir enn 30 år eldre Ane Cathrine var neppe lukkeleg. Ane Cathrine, som hadde fleire ekteskap bak seg då ho gifta seg med Kleng, var skreddar. Ekteparet budde som husmannsfolk på plassen Kingestadhagen, og ved sida av gardsarbeidet verka Kleng som snikkar og jekteførar.

Kleng Pedersson sympatiserte i yngre år med kvekarane. Eit uttrykk for dette var at han 1818 opponerte mot massealtergangen. Han slutta seg derimot aldri til kvekarsamfunnet og skal seinare i livet ha blitt stadig meir kritisk til dei ulike kyrkjesamfunn. Det var truleg etter nattverdskritikken 1818 at han drog utanlands, men han kan ha fare før den tid og vore tilbake for kortare tid då han stod fram som slik kritikar. Sjølv er han siste gongen registrert som nattverdsgjest så tidleg som 3. november 1816.

1821 gjorde Kleng Pedersson si undersøkingsreise til USA saman med ein annan mann frå Finnøy, Knut Olson Eide. Reisa kom til å vara i tre år, og Kleng brukte tida til å gjere seg kjend med landet og tilhøva der. Han fann mellom anna eit område ved Lake Ontario nordvest i staten New York som han meinte eigna seg godt for ein norsk koloni. Då han kom heim til Noreg 1824, gav Kleng ein rapport om det han hadde funne til kvekarane i Stavanger, og dei tok til å rusta ut ein ekspedisjon for å oppretta eit norsk “settlement” i Nord-Amerika. Kleng Pedersson – eller Cleng Peerson, som han heretter kom til å skriva seg – reiste føre for å leggja alt til rette for emigrantane.

Den 39 tonn store seglsluppen “Restauration” segla frå Stavanger 4. eller 5. juli 1825 med 52 passasjerar om bord. Under reisa, som tok 14 veker, blei det fødd eit barn om bord, så dei var 53 som 9. oktober kom i land i New York, der Cleng Peerson tok imot dei. På vegen til området han hadde kjøpt for dei, ved noverande Kendall i Orleans County, fekk dei oppleva opninga av Erie Canal, den nye vassvegen mellom Hudson River og Lake Ontario. “Sluppefolket” blei verande i Kendall i nokre år, men etter at Cleng Peerson 1833 hadde undersøkt tilhøva i staten Illinois, flytta dei fleste av nybyggjarane frå Kendall over til eit nytt norsk settlement ved Fox River i LaSalle County vest for Chicago 1834–35.

Cleng Peerson greidde ikkje å slå seg til ro nokon stad i lengre tid. Etter fire år i Fox River-kolonien la han ut på ei ny vandring; denne gongen kom han heilt til det nordaustre hjørnet av staten Missouri og grunnla eit settlement i Shelby County. Her budde han sjølv i fleire vender, mellom anna 1843–47. I mellomtida hadde han vore på fleire besøk i Noreg, og han fekk med seg over havet nye emigrantar, som han førte til nye settlement lenger og lenger vest.

Cleng Peerson var ein samansett person. Det er hevda at han ønskte å sameina alle norske som søkte til Amerika i eit felles samfunn der dei åtte alt i saman. Dette samsvarar med at han 1847 slutta seg til det svenske kristen-kommunistiske samfunnet Bishop Hill i Henry County, Illinois. Under opphaldet der gifta han seg med den 26 år yngre Maria Charlotta Dahlgren. Ho hadde slutta seg nært til miljøet omkring sektleiaren Erik Janson før ho emigrerte frå Sverige 1846. I åra før hadde ho blitt stemna for retten på grunn av gudstenesteforsøming og fordi ho hadde “öfvergivit den lutherska trosbekännelsen”. Maria Charlotta døydde truleg under koleraepidemien i Bishop Hill 1849, før Cleng reiste derifrå, sjukdomsherja og vonbroten over at fellesskapssamfunnet ikkje svarte til forventningane hans.

Frå Cleng Peerson finst berre nokre få brev og somme inserat i blad og aviser. Eit av avisstykka skreiv han i Bergens Stiftstidende under noregsopphaldet 1842–43. Han hadde nokre dagar tidlegare i den same avisa blitt skulda for å driva amerikapropaganda. Sjølv tilbakeviste han dette, men han vedgjekk at når folk spurde, uttalte han seg “uforbeholdent til Fordeel for Nordamerica”. Tilsvarande skreiv han 1852 i Arbeider-Foreningernes Blad om amerikanske innbyggjarar som tenesteviljuge og hjelpsame.

Cleng Peerson reiste tilbake til Fox River, men etter kort tid tok han på ny landevegen fatt, og no gjekk ferda heilt til Texas, som hadde vorte ein delstat i USA 1845. Her budde han i Dallas County frå 1850 og til slutt frå 1854 i settlementet Norse i Bosque County. Der døydde han 1865 og blei gravlagd på den lutherske kyrkjegarden. Det er reist eit monument på grava hans. Også i Tysvær, kommunen der han blei fødd, er det reist minnesteinar. Forfattaren Alfred Hauge har behandla livet hans litterært i dei tre romanane Hundevakt, Landkjenning og Ankerfeste.

  • Artiklar i Bergens Stiftstidende 28.4.1843 og Arbeider-Foreningernes Blad 10.7.1852
  • Brev frå Cleng Peerson er attgjeve i M. S. De Pillis: “Still More Light on the Kendall Colony. A Unique Slooper Letter”, i Norwegian-American Studies, bd. 20, Northfield (Minnesota) 1959, s. 24–31, og i O. Øverland og S. Kjærheim: Fra Amerika til Norge. Norske utvandrerbrev, bd. 1–4, 1992–2002
  • A. Kildal: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • A. Hauge: Cleng Peerson, 3 bd., 1961–65 (Hundevakt, 1961, Landkjenning, 1964, Ankerfeste, 1965)
  • M. S. De Pillis: “Cleng Peerson and the Communitarian Background of Norwegian Immigrants”, i Norwegian-American Studies, bd. 21, Northfield 1962, s. 137–157
  • A. Hauge: Cleng Peerson – møte med vandringsmannen. Biografisk skissebok, Bergen 1983
  • O. S. Lovoll: Det løfterike landet. En norskamerikansk historie, 2. utg., 1997
  • S. I. Langhelle: Tysvær. Slik levde dei. Frå 1820 til 1920, Stavanger 1997
  • O. S. Lovoll: “Cleng Peerson”, i American National Biography, bd. 17, 1999
  • N. O. Østrem: “Cleng Peerson – skaparen av den store forteljinga om Amerika”, i Ætt og heim. Lokalhistorisk årbok for Rogaland 1999, Stavanger 2000
  • Teikning av Ivan Doseff, 1922; attgjeve i O. M. Norlie: History of the Norwegian People in America, 2. utg., New York 1973