Faktaboks

Knut Horvei
Fødd
27. august 1893, Evanger (no Voss), Hordaland
Død
30. mars 1984, Voss
Verke
Gardbrukar og forfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Ole Knutsen Horvei (1854–1939) og Marta Johnsdotter Lien (1868–1920). Gift 1922 med Nilla Marie Skjold (1896–1923).

Knut Horvei skreiv skodespel, romanar/forteljingar og dikt, og den samla produksjonen hans var sikkert mykje meir enn dei 18 bøkene som er utgivne. Han var ein diktar med stor uttrykkstrong, men ikkje alltid like disiplinert evne til å få uttrykket til å hange saman i meir omfattande framstilling.

Horvei overtok garden Horvei på Bolstadøyri etter foreldra og budde der det meste av livet. Han interesserte seg for skriving frå han var heilt ung. Han hadde ikkje formell utdanning utover folkeskulen, men kom i kontakt med bøker og skrivande folk og var aktiv i ungdomslagsmiljøet. m.a. som formann i Bolstadøyri Ungdomslag 1910–23. Viktig for han vart kontakten med lyrikaren Olav Nygard. Nygard var sjuk og fattig, og Horvei gav han tuft og tømmer så han kunne byggje eit lite hus til seg og familien. Dei budde der nokre år kring 1920, og det vart ei lærerik tid for Horvei; m.a. gav Nygard han ei dansk utgåve av Shakespeares skodespel. Seinare gav Horvei hus til ein annan fattig kulturarbeidar, den viktige leik- og songlæraren for ungdomslaga, Arne Hatlestad.

Sjølv om han hjelpte andre, var tida etter første verdskrigen vanskeleg for Horvei, økonomisk og på anna vis. Han gifte seg 1922 og fekk ein son året etter, men same året døydde kona frå han. Som så mange andre på bygdene prøvde Horvei seg med sølvreval, først i heimbygda, men sidan i større skala med farming i Polen og dei baltiske statane. Han tente godt ei stund, men i det såkalla pelsdyrkrakket etter 1930 miste han alt og kom heim att fattigare enn han reiste. Etter dette mislukka økonomiske “eventyret” budde Horvei på garden sin i heimbygda livet ut, delvis i god kontakt med kunst- og litteraturfolk.

Horvei hadde heile sitt forfattarliv ein hang til å skrive drama. Han debuterte 1920 innanfor den nynorske amatørteatertradisjonen med stykket Kristen. Men han stila snart mot andre høgder og hadde lese både Shakespeare og Strindberg då han gav ut dei historisk-symbolske stykka Atlantis og Nero i slutten av 1930-åra.

Mot slutten av 1930-åra vart det også arbeidd med planar om å setje opp stykke av Horvei både ved Den Nationale Scene i Bergen og ved Det Norske Teatret i Oslo. Det er uklårt kvifor dette ikkje vart noko av, men det er grunn til å tru at økonomiske spørsmål har vege tungt. Fleire av stykka hadde t.d. eit urimeleg stort persongalleri og var heller ikkje frå forfattarens hand godt tilpassa scenen på andre vis. Dette galdt også stykke han heldt fram med etter krigen, og det enda med at det første stykket som kom fram på scenen, vart det konvensjonelle problemdramaet Vigdis (1966). Det vart sett opp samtidig i Radioteatret og som turnéteater på Den Nationale Scene. Stykka frå mellomkrigstida kom aldri fram, men Hjallarbrui (1973) av same typen, som Horvei etter Strindberg-tradisjonen gav sjangernemninga “draumspel”, vart i Anne Gullestads regi og omarbeiding sett opp på Den Nationale Scene 1973 og av Sogn og Fjordane Teater i samarbeid med Det Norske Teatret 1983.

Mot slutten av sitt liv hadde Horvei altså ein viss framgang som teaterdiktar, sjølv om viktige forsøk frå hans side aldri vart prøvde. I den forteljande prosaen nådde han endå kortare fram, trass i at halvparten av bøkene etter krigen er mindre prosabøker med sjangernemninga “roman”. Den tida dei kom ut, var forventingane til norske romanar at dei skulle vere psykologisk-realistiske forteljingar, der lesaren endeframt kunne identifisere seg og kjenne att problem. Det er stort sett ikkje fruktbart å lese Horvei sine romanar på denne måten. Den forteljande prosaen hans står nærare folkedikting og munnleg bygdetradisjon og har ein episk struktur som fører tankane heller til eventyr, saga og ikkje minst folkevisene, balladen.

Horvei arbeidde for å få til ein lapidarisk stil, der knappe setningar i heldige fall kan stå fram som ordtak. Særleg innleiingskapitlet i romanen Trollgrep (1959) er eit døme på vellukka saga-pastisj. I eit intervju på 90-årsdagen fortalde Horvei at han hadde laga “fleire tusen ordtøkje”. Nokre av dei er prenta i festskriftet som kom då. Dei er ikkje så krystalliske som mange ordtak i folketradisjonen, kanskje er dei òg meir forsøk på aforismar, men mange er av ein type ein kan finne som oppsummerande eller understrekande sentensar rundt ikring i prosaen hans: – “Det veks ikkje visdom i gode dagar.” – “Du sårar deg sjølv vil du såra andre.” – “Hat er det same som fåvit.”

Verker

    Skodespel

  • Kristen, Bergen 1920
  • Atlantis, 1938
  • Nero, 1939
  • Vigdis, 1966
  • Galehuset, 1968
  • Det trillar i tro, 1970
  • Hjallarbrui, 1973
  • Vårherre og keisaren, 1976

    Romanar/forteljingar

  • Sæle er dei godtrugne, 1941
  • Folk og fredlause, 1945
  • Trollgrep, 1959
  • Vågespel, 1966
  • Millom himmel og hel, 1972
  • Aud, 1973
  • Gann, 1974
  • Spikarpilen, 1974

    Dikt

  • I Flogberget, 1958

Kilder og litteratur

  • E. Eide og K. Nygaard: Den Nationale Scene 1931–1976, Bergen 1978
  • Festskrift til Knut Horvei på 90-årsdagen, Bergen 1983
  • O. Bjørkum: “Kvar dag er eit under”, intervju med Knut Horvei, i Gula Tidend 27.8.1983
  • O. H. Hauge: Dagbøker 1924–1994, 2000