Bibliotekar, presse- og kringkastingsmann, forlagssjef og kulturadministrator. Foreldre: Sokneprest Johannes Aanderaa (1886–1974) og Margrete Refsdal (1889–1975). Gift 5.6.1954 med sekretær Gisela Margit Helene Imker (24.7.1931–10.11.2014), dotter til ingeniør Willi Georg Alexander Imker (1897–1969) og sjukepleiar Margit Marie Helene Beringer (1909–2001). Dotterson til Ivar Refsdal (1866–1939); fetter til Sjur Refsdal (1935–).

Johs. Aanderaa var ein nybrotsmann i norsk kulturliv og gjorde ein særskilt stor innsats på to område: Han gjorde Det Norske Samlaget om til eit moderne forlag, og han var hovudmannen i utforminga av ein ny norsk kulturpolitikk.

Johs. Aanderaa voks opp i Beitstad i Nord-Trøndelag, som nummer tre i ein søskenflokk på 12. Etter examen artium på Steinkjer offentlege landsgymnas 1945 vart han student ved Universitetet i Oslo, og alt året etter vart han aspirant ved Universitetsbiblioteket, eit arbeid han hadde fram til 1954, då han vart tilsett som programsekretær i NRK. I studietida var han også aktiv i Det norske Studentersamfund, som styremedlem 1950–51 og formann 1952. Av formell utdanning vart det engelsk bifag og Statens bibliotekskole.

I NRK utvikla Aanderaa fleire nye programseriar, m.a. Ord for dagen. Ein serie om dei norske dialektane var blant dei mest populære programma han hadde. “Som redaktør av det litterære magasinet Boknytt førte han med seg en yngre, friskere tone og en bevisst vilje til å prøve noe nytt. Han presenterte litteraturen på en måte som ga større publikumsappell, gjorde programmene ledigere, muntligere, morsommere,” skreiv Jostein Nyhamar.

Aanderaa vart tilsett som forlagssjef i Det Norske Samlaget 1958. Då hadde han alt vore knytt til medlemstidsskriftet Syn og Segn som teatermeldar frå 1953; første artikkelen hadde han i tidsskriftet som 21-åring om Ungdomen og målreisinga. Han var den første forlagssjefen i full stilling i det 90 år gamle nynorskforlaget. Før hans tid hadde Samlaget i hovudsak vore drive etter dugnadsprinsippet. Då han tok til, var staben ei halv stilling; då han slutta 1972, var det 26 faste stillingar. I tillegg til dei som arbeidde fast, knytte han til seg mange rådgjevarar som bidrog med idear til bøker og innsyn i samfunnsspørsmål generelt.

Som sjef heldt Aanderaa i alle trådar. Klisterhjernen hans tok vare på alt frå rekneskapstal til Olav Duun-sitat. 1972 gav forlaget ut 121 titlar mot 22 i 1959. Då den skjønnlitterære innkjøpsordninga vart etablert, knytte han til forlaget ei rad unge og svært dyktige forfattarar som no står sentralt i den norske bokheimen. Aanderaa var formann i Norsk språkråd 1972 og vart heidersmedlem i Samlaget 1974.

Hausten 1971 vart Aanderaa knytta til Kyrkje- og undervisningsdepartementet for å arbeide med den første kulturmeldinga. Men han sleppte ikkje taket i forlaget. Kvar morgon var han innom for å sjå til kva som burde gjerast, og om ettermiddagen kom han innom att for å høyre korleis det hadde gått. Dette heldt fram til han slutta i forlaget sommaren 1972.

Same sommaren vart han utnemnd til ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, som leiar av ei nyoppretta kulturavdeling. Det måtte ein kongeleg dispensasjon til, ettersom Aanderaa truleg var den første ekspedisjonssjefen som ikkje hadde embetseksamen.

Det vart hans oppgåve å gjere mykje av grunnlagsarbeidet og føre i pennen det meste av i alt fire stortingsmeldingar om norsk kulturpolitikk i perioden 1973–81. Den nye kulturpolitikken la, i tillegg til å spreie den tradisjonelle høgkulturen, vekt på å ta utgangspunkt i kulturen til folk flest slik den utfalda seg i folks eige lokalmiljø. Utvida kulturomgrep, desentralisering av kulturpolitiske avgjerder og kulturelt demokrati vart sentrale omgrep. Kommunar og fylke skulle få folkevalde utval og eigen kulturadministrasjon. Aanderaa var resultatorientert og ei sterk drivkraft for å få til endringar. Hovudoppgåva hans i den første fasen var å forme ut ein praktisk norsk kulturpolitikk som kunne gjennomførast.

1976 kom kunstnarmeldinga Kunstnerne og samfunnet, som representerer det store gjennombrotet for kunstnarane sine krav. Det viktigaste resultatet av meldinga var den garanterte minsteinntekta til ein del kunstnarar – og den retten kunstnarorganisasjonane fekk til forhandlingar med staten. Aanderaa var sjølv formann i Statens forhandlingsutval i høve til kunstnarorganisasjonane 1977–80.

I arbeidet sitt med den norske kulturpolitikken vart Aanderaa djupt respektert og omtykt, men også omstridd. Byråkraten med Ap-bok kom til å setje sitt preg på departementets politikk uavhengig av skiftande regjeringar. Han såg med glede fram til arbeidet med ei ny kulturmelding våren 1991, då han vart alvorleg sjuk og døydde 2. juni.

Johs. Aanderaa var ikkje redd for å gå nye vegar. Han var idérik, dristig, uredd, ein meister til å byggje alliansar og dyktig til å gjennomføre planar og program, eit arbeidsjern av dei sjeldne. “Den første moderne forleggjaren,” skriv Ottar Grepstad; “ein visjonær praktikar”, oppsummerte Åse Kleveland; “den beste byråkraten eg har møtt,” sa Einar Førde.

  • Artiklar i SogS 1948–62 og Brev frå forlagssjefen sst. 1965–72
  • red. Byen i ung norsk lyrikk. 10 dikt om Oslo, 1950
  • Norske bunader. En bibliografi 1936–1946, 1951
  • Sovjet – et naboland. En studentdelegasjon forteller (red. sm.m. J. Brandrud og J. Galtung), 1954
  • Bertolt Brecht (sm.m. E. Leiser), 1958
  • Ein tragedie frå det mørke fastland. Arne Garborg og Læraren, i Sveriges Radio (utg.): Nordiska tidsbilder. Nordisk teater i TV hösten 1963, Stockholm 1963, s. 68–103
  • Forfattaren som litteraturprodusent, i NLÅ 1970
  • Kunstnerne og samfunnet, St.meld. nr. 41 (1975–76), 1976
  • Kulturpolitikk i mediesamfunnet, i SogS nr. 2/1987, s. 99–105
  • Femten år med 'ny kulturpolitikk', i G. Arnestad (red.): Kulturårboka 1994, (posthumt) 1994, s. 65–73
  • B. Birkeland m.fl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968, 1968
  • HEH 1979 og 1984
  • N. J. Ringdal: Ordenes pris. Den norske forfatterforening 1893–1993, 1993
  • G. Arnestad: “Frå sinke i Europa til det mest avanserte landet i verda?”, i d.s. (red.): Kulturårboka 1994, 1994
  • E. Førde: “Den beste byråkraten eg har møtt”, ibid.
  • O. Grepstad: “Den første moderne forleggjaren”, ibid.
  • C.-J. Kleberg: “Johs. Aanderaas rolle i eit grannelandperspektiv”, ibid.
  • O. Grepstad: “Den første moderne forleggjaren: Johs. Aanderaa”, i d.s.: Det nynorske blikket, 2002