Faktaboks

Ivar Refsdal
Fødd
6. april 1866, Vik, Sogn og Fjordane
Død
4. april 1939, Oslo
Verke
Lærar og kartograf
Familie
Foreldre: Lærar, gardbrukar og stortingsmann Anfinn Larsen Refsdal (1839–1920) og Anna Bentsdatter Risløv (1839–69). Gift 31.3.1896 med lærar Kristine Marie Rasmussen (1.12.1865–2.9.1934), dotter til skipsførar Christen Abel Rasmussen (1825–66) og Margrete Larsdatter Gundersen (1832–1917). Farfar til Sjur Refsdal (1935–); morfar til Johs. Aanderaa (1927–91).

Ivar Refsdal er mest kjent som kartograf. Atlaset og skuleveggkarta hans var i lang tid dominerande i norske skular. Elles var han allmennlærar med særleg interesse for geografi og kunstfag.

Refsdal voks opp i ein heim med sterke boklege interesser, og faren var nært knytt til pietistiske rørsler m.a. som emissær. Som ung hadde Ivar hug til å bli forfattar og biletkunstnar, men valde læraryrket. Likevel nådde han eit høgt nivå som teiknar, også av kunstnarlege bilete. Han tok lærareksamen 1885 på Hamar seminarium. Truleg møtte han der grundtvigianske tankar, og det er mogleg eit anna kristendomssyn kan vere bakgrunnen for usemje med faren på visse punkt.

1886 vart Refsdal lærar i Herand i Hardanger, men 1889 tok han lærarstilling i Arnafjord i Sogn. 1892 flytte han til Hisøy ved Arendal, der han var lærar fram til 1901, då han vart tilsett ved Foss skole i Kristiania. 1926 vart han kartograf på heiltid.

Tida i Arnafjord var vanskeleg; han sleit med elevane og disiplinen, men verst var det at foreldra protesterte mot at han ville innføre landsmål i storskulen. I den saka fekk han støtte frå lærarkollegane, men ikkje hjå skuledirektøren. Refsdal var ein aktiv avisdebattant og fekk ein del motbør lokalt. Tida som lærar i Kristiania vart lettare, og han er omtalt som ein uvanleg interessert og dyktig lærar.

Det fyrste heftet han fekk prenta, var resultatet av valmanns- og stortingsvalet 1897, framstilt som kart. Samstundes laga han eit lite noregsatlas “for skole og hjem”, der hovudprinsippet var å syne busettinga i landet. Dette atlaset vart lagt merke til, og det inspirerte Refsdal til å lage eit verdsatlas som Aschehougs forlag gav ut 1902. Fire år seinare teikna han det kjende Refsdals skuleatlas, som kom i 20. utgåve 1968.

Skolekart over Norge i 2 blade har også prega skulestovene, med 26 utgåver frå 1904 til 1971. Vidare teikna han ein serie med tre skuleveggkart over Noreg, Europa og verdsdelane. Nordenveggkartet til Refsdal kom i 8 utgåver frå 1911 til 1970. Den kartserien flest vil hugse, er dei tre noregskarta på lerret som blei utgjevne frå 1914 til 1968.

Når ein så lett kan skilje Refsdals kart frå andre, er det på grunn av teiknemåten. Som kartograf konsentrerte han seg mest om teiknearbeidet, kunstnar som han var. Det typiske er skravurteknikken for dalsidene, slik at fjell og dalar får ei teikna utforming i staden for berre symbolske fargar. Han var kalligrafisk dyktig og skreiv med hand alle namn på karta. Det blei så vakre kart både i terrengframstilling og fargebruk at professor Edvard Bull kalla han “en kartograf av Guds nåde”.

Når det gjeld namneformene på karta, var Refsdal nøyaktig og tru mot gjeldande regelverk. Han fekk såleis lite kritikk for val av namneformer. Men han var ingen pådrivar i fornorskinga av stadnamn.

Refsdal fekk mykje fagnad for kvaliteten på kartarbeidet. I minneordet då han var død, skreiv Norsk Skuleblad: “På kartografiens felt har vårt land aldri hatt noe navn som kunne sidestilles med hans.”

Sonen, dr.philos. Anfinn Refsdal (1897–1956), overtok saman med m.a. dr.philos. Axel Sømme ansvaret med å gje ut atlaset og karta etter Ivar Refsdals død.

Verker

  • Kart over Valgmands- og Stortingsvalget 1897, 1898
  • Atlas over Norge for skole og hjem, Bergen 1898
  • Atlas for skole og hjem, 1902
  • Skolekart over Norge i 2 Blade, 1904 (26. utg. 1971)
  • Refsdals skole og vægkarter, serie 1–3, 1903–05
  • Skoleatlas af Ivar Refsdal, 1906 (20. utg. 1968)
  • Refsdals skolevægkarter: Norge med Sverige og Danmark, 1911 (8. utg. 1970)
  • Aschehougs kart over Kristiania, 1914 (23. utg. 1966)
  • Refsdals skoleveggkarter, Norge, 1–3, 1914–28 (siste utg. 1965–68)
  • Skoleveggkart. Europa, 1921 (siste utg. 1964)
  • Akershus fylke. Oversiktskart, 1925
  • Norge i vestlommeformat. 20 karter med navnefortegnelse, 1926 (4.utg. 1949)

    Etterlatt materiale

  • Brev, upubliserte manuskript, teikningar, foto, kart, m.m. i Vik lokalhistoriske arkiv, Vik i Sogn

Kilder og litteratur

  • H. Aschehoug & Co: jubileumskataloger, 1922 s. 229–230, 1947 s. 268–269, 1972 s. 177
  • “Karttegneren Ivar Refsdal”, i Skolebladet nr. 2/1923
  • bio-bibliografiske opplysninger av Ivar Refsdal (autobiografi) 21.8.1926
  • S. Mundal: “Ivar Refsdal”, i Norsk Skuleblad 4.4.1936
  • “Kartograf Ivar Refsdal er død”, i Norsk Skuleblad 15.4.1939
  • “En kartograf av Guds nåde”, i Skolen og vi 14.9.1940
  • K. Nissen: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • A. I. Sæbø (red.): Ivar Refsdal 1866–1939. Kartograf, lærar, diktar, teiknar, Vik i Sogn 1995

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett (eit utval)

  • Konfirmasjonsbilete, ca. 1880; i Sæbø 1995 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 14, original i Vik lokalhistoriske arkiv (VLA)
  • Foto av Laura Helgesen, Arendal, ca. 1892; sst. s. 5, original i VLA
  • Ungdomsbilete; sst. framsida, original i VLA
  • Ivar og sonen Einar, foto frå 1911; sst. s. 25, original i VLA
  • Fotografisk portrett, 1916; original hjå Geir Refsdal
  • Portrett, 1936; i Norsk Skuleblad 4.4.1936