Gardbrukar og politikar. Foreldre: Stempelpapirforvaltar Ove Caspar Gunnerus Mellbye (1823–94) og Sophie Munch (1840–1918). Gift 7.4.1906 med Laura Emilie Pettersson (21.10.1879–26.1.1954), dotter til professor Sven Otto Pettersson (1848–1941) og Agnes Irgens (1853–1928). Dotterson til Peter Andreas Munch(1810–63); brorson til Christian Mellbye (1833–1910; sjå NBL1, bd. 9) og Johan Mellbye (1835–1913; sjå sst.); svoger til Hartvig Nissen (1874–1945); farbror til Peter Andreas Munch Mellbye (1918–).

Johan E. Mellbye sat som formann i Norsk Landmandsforbund/Norges Bondelag samanhengande i over 30 år. Han var også ein kort periode landbruksminister, stortingsrepresentant i to periodar og hadde elles ei rekkje sentrale verv innanfor landbruket.

Mellbye voks opp i Kristiania. På konfirmasjonsdagen fekk han storgarden Grefsheim på Nes i Hedmark i gåve av gudfar sin, sorenskrivar Johan Egeberg. Grefsheim omfatta 1200 mål innmark og 7500 mål skog. Johan tok over garden 1889, 23 år gamal. Då hadde han teke landbruksutdanning, først som landbrukslærling og deretter ved studiereiser i utlandet, før han 1888 vart uteksaminert ved Den høiere Landbruksskole på Ås. På Grefsheim var åkerdrift viktigast, men Mellbye bygde også opp animalsk produksjon med vekt på svin og kalkun. Dessutan satsa han på hagebruk og førte opp planteskule med store drivhus.

Mellbye kom tidleg med i samfunnsdebatten og skreiv fleire artiklar om landbruksspørsmål, m.a. i Hamar Stiftstidende. Frå 1899 var han i mange år formann i landbrukslaget i Nes, og 1905–08 leidde han landbruksselskapet i Hedmark. På denne tid hadde han etablert seg som ein nasjonal landbrukspolitikar. Han var ein av “fedrane” bak opprettinga av Norsk Landmandsforbund 1896, sat i det første styret og var forbundets andre formann 1901–04. 1903 vart han oppnemnd som landbrukets talsmann i Den departementale tollkomité, som la grunnlaget for tolltariffen av 1905. Hausten 1904 gjekk han inn i Hagerups andre regjering som landbruksminister og sat der til regjeringa gjekk av mars 1905.

1909 vart Mellbye på nytt valt til formann i Landmandsforbundet, eit verv han no hadde heilt fram til 1945, berre avbrote av okkupasjonen. Det var i denne perioden at forbundet – frå 1922 Norges Bondelag – vart bygt opp til å bli ein av dei mektigaste næringsorganisasjonane i landet. Mellbye handplukka Wilhelm Dietrichson til sekretærstillinga og fekk med det ein dyktig og lojal organisator som gav han høve til å ofre seg fullt ut for leiaroppgåvene.

Mellbye var på fleire måtar ein konservativ bondepolitikar. Før etableringa av Bondepartiet 1920 tilhøyrde han Høgre. I åra rundt 1905 var han mellom dei som ynskte å etablere eit samlingsparti med grunnlag i næringslivet. Han var tilhengar av å modernisere landbruket, men ynskte å ta vare på sentrale trekk i det gamle jordbrukssamfunnet, som han såg på som eit harmonisk fellesskap mellom ulike grupper. Framfor alt var han uroa over at landbrukets plass i samfunnet vart redusert. 1908 vart han formann i organisasjonen “Ny Jord, Selskapet for Landets Kolonisation og Emigrationens Indskrænkning”. Som namnet sa, var formålet å snu migrasjonen mot nye område i Noreg, dyrke ny jord og etablere nye gardar. Mellbye var oppteken av å byggje opp eit ideologisk forsvar for bygdene og landbruket. Han såg på jorda og bonden som eit “forsonande” og “balanserande” element i eit samfunn prega av større og større sosiale og politiske motsetningar.

1922–30 sat Mellbye på Stortinget for Hedmark, heile tida som parlamentarisk leiar for Bondepartiet. Dei store konfliktane i politikk og arbeidsliv desse åra førte han meir over i høgreradikal retning. Saman med Dietrichson og andre i bonderørsla søkte han kontakt med den politiske høgresida; han gav uttrykk for antiparlamentariske holdningar og fremja tanken om ei regjering over partia leidd av ein sterk “førar”. Han vart aldri nokon framståande stortingspolitikar og kom også meir og meir på kant med fleirtalet i si eiga gruppe. Etter at han forlet Stortinget 1930, var han talsmann for å byggje opp ei politisk rørsle i samarbeid med høgreradikale organisasjonar. Kriseforliket 1935 knuste slike planar.

Mellbye fekk på denne bakgrunn ein tvetydig posisjon som “bondehøvding”. Ved viktige korsvegar var han eit hinder mot den vegen bonderørsla kom til å gå. Han var skeptisk til vedtaket om å opprette Bondepartiet og måten partiet vart organisert på. Han var skarp motstandar av samarbeidet med Arbeidarpartiet, han var usamd i utforminga av kornpolitikken (korntrygda) og like eins i utbygginga av omsetningsorganisasjonane og reguleringa av omsetninga i 1930-åra. Men samstundes var han oppteken av einskap og gjekk aldri ut i hardsett strid for å presse standpunkta sine igjennom. Han var oppteken av å løfte fram dei kulturelle sidene ved bonderørsla, og gjennom mange reiser og talar landet over og ved dei årlege store bondestemna han leidde, vann han respekt og tiltru. Det gav han ein sterk og noko opphøgd posisjon som leiar for bøndene.

Hausten 1940, etter samanbrotet i riksrådsforhandlingane, var Mellbye ein av dei som opna for å samarbeide med NS. Det var likevel han som, etter press frå sine nære omgjevnader, til slutt sette foten ned mot slikt samarbeid, og han vart avsett av Reichskommissar Terboven mars 1941. Dette var viktig for ettermælet hans – og for motstandsholdningane blant bøndene under okkupasjonen.

Johan E. Mellbye vart æresmedlem i Bondelaget 1931 og ærespresident 1945. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, fekk kommandørkorset med stjerne 1935 og storkors 1946, og han var visekanslar for ordenen 1932–45. Han var òg kommandør av Dannebrogordenen, den britiske Victoriaorden og den svenske Vasaorden.

  • Mot emigrationen (sm.m. J. Sundby, S. Carlsen og P. Myhrvold), 1909
  • Nationen og landbruket, 1915
  • Norsk Landmandsforbund. Turen til Sverige. Den 5.–16. august 1916, 1916
  • Eit ord for dagen. Tale ved bygdemøta den 7. februar 1925, 1925
  • Det seksuelle spørsmål som samfundsproblem. Tre foredrag (sm.m. S. Erichsen og R. Eriksen), 1934
  • Den norske bondes stilling gjennem tidene, Bergen 1938
  • Bidrag til jordbrukets historie gjennem tidene, i J. A. Bakken (red.): Nes bygdebok, bd. 1:2, Hamar 1944, s. 624–731
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • O. K. Skuggevik: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • W. Dietrichson (red.): Johan E. Mellbye 80 år. Uttalelser i anledning merkedagen, 1946
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • HEH 1950
  • nekrologar i Aftenp. 17.12.1954, Nationen 18. og 20.12.1954 og Norges Bondeblad 14.01.1955
  • G. Werner-Hansen: Norges Bondelag 1896–1956, 1956
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 i Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • M.-B. O. Nielsen: Jord og ord. En studie av forholdet mellom ideologi, politikk, strategi og mobilisering hos den tredje pol i det norske partisystemet. Bondepartiet 1915–1940, 1997
  • d.s.: Bondekamp om markedsmakt. Senterpartiets historie 1920–2000, bd. 1, 2001
  • Måleri usignert, u.å.; Norges Bondelag, Oslo; trykt i Rovde 1995 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 94