Landbruksskolestyrar, organisasjonsmann og politikar. Foreldre: Løytnant David Dietrichson (1856–1921) og Maria Amalie Hjorth (1859–1930). Gift 12.2.1908 med Anna Synnestvedt (24.7.1881–22.4.1942), dotter til kasserer Gerhard Marius Synnestvedt (1844–1915) og Anna Maren Margrethe Kraft (1847–1929).

Wilhelm Dietrichson var sekretær/generalsekretær i Norsk Landmandsforbund/Norges Bondelag frå 1910 til 1945, og spela ei sentral rolle i oppbygginga av denne organisasjonen og av Bondepartiet i åra fram mot 1930.

Dietrichson nedstamma frå offisersslekter på både mors- og farssida. Sjølv valde han landbruket som utdanningsveg. Han vart agronom 1899 og gjekk to år seinare ut som kandidat ved Norges Landbrukshøgskole. I heile sitt liv kom han til å arbeide med landbruksfaglege og -politiske spørsmål, først som kontrollassistent (1901–03), frømeklar (1903–08) og redaktør for landbruksbladet Frøi (1908–10), før han 1910 vart sekretær og frå 1918 generalsekretær i Norsk Landmandsforbund. Denne stillinga hadde han heilt fram til nazifiseringa av organisasjonen 1941, og formelt sett heilt fram til sommaren 1945.

I perioden 1918–21 representerte han forbundet på Stortinget, innvald frå Nedre Romerike krins. Men han treivst dårleg i denne posisjonen. Når han sa nei til attval, hadde det dessutan samanheng med arbeidet han sette i gang med å etablere Follo landbruksskole. Skolen vart oppretta 1922, og han sat som styrar heilt fram til han døydde 1949. 1925 vart det reist skolebygg på garden hans, Finstad, som han kjøpte 1918.

Dietrichson byrja arbeidet i Landmandsforbundet i ei tid då organisasjonen gjekk inn i ein sterk vekstperiode. I åra fram til 1920 vart forbundet ein reell landsorganisasjon og ein masseorganisasjon for bøndene. Dietrichson hadde mykje av æra for dette. Han hadde stor arbeidskraft og var ein dyktig organisator og innsiktsfull strateg. Han oppretta god kontakt med krinsane, eldna dei slappe til innsats, stilte strenge krav og skifta – om nødvendig – ut dei som ikkje dugde. Etter at forbundet vedtok å bli parti 1920 (med forgreininga i Norges Bondelag og Bondepartiet 1922), hadde han også hovudansvaret for å byggje opp partiadministrasjonen. Han la m.a. mykje arbeid i å opprette ei partipresse. 1930 vart partiet skilt frå mororganisasjonen, og Dietrichson kunne konsentrere seg om arbeidet i Bondelaget.

Den sterke stillinga han fekk i Bondelaget var også eit resultat av det nære forholdet til formannen, Johan E. Mellbye. Dietrichson vart handplukka av Mellbye til sekretærstillinga 1910, og dei to arbeidde tett saman heilt til begge gjekk av sommaren 1945. Dei utvikla eit partnarskap som er eineståande i norsk organisasjonshistorie. Det kvilte på felles syn og ideologi, at bondesamfunnet, skapt under forsete av den “frie” norske odelsbonden, var – og måtte vere – ryggrada i det norske samfunnet. Saman prega dei Bondelaget som ein toppstyrt organisasjon, Dietrichson som organisatoren og strategen, Mellbye som den nasjonale “bondeføraren” – ei rolle generalsekretæren la vekt på å byggje opp.

Gjennom arbeidet til Dietrichson hadde Bondelaget kontakt med fleire høgreradikale organisasjonar i mellomkrigstida. Både generalsekretæren og formannen stod også i opposisjon til viktige strategiske val i bonderørsla. Det galdt t.d. oppbygginga av omsetningsorganisasjonane tidleg i 1930-åra og kriseforliket med Arbeiderpartiet 1935. Dei kom også etter kvart i motsetning ikkje berre til Bondepartiet, men også til reformkrefter i Bondelaget. Fram mot krigen fekk derfor Dietrichson eit meir og meir pessimistisk syn på framtida for bondesamfunnet og bonderørsla.

Etter okkupasjonen var Dietrichson ein av dei i leiinga som var skeptisk til kontakten organisasjonen hadde med NS, og han tok frå starten av avstand frå forhandlingane om samarbeid med partiet hausten 1940. Etter nazifiseringa av Bondelaget drog han seg attende til garden sin i Ski og til arbeidet ved Follo landbruksskole. Våren 1945 tok han initiativet til reaktiviseringa av organisasjonen. Ved formannsvalet på landsstyremøtet i juli fekk han halvdelen av røystene, men valde likevel å trekkje seg frå den endelege valrunden.

Wilhelm Dietrichson hadde den høgste utmerkinga i Bondelaget, gullmerket, og han var æresmedlem. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1946.

  • Nogen ord om kunstgjødselen, tilegnet Norges 150 000 smaabrukere, 1911
  • 1919–1921. Programmet aat Norsk landmandsforbund. Ei stutt utgreiding, 1918
  • Arbeid og åndsmakt. Taler til de unge, 1943
  • Bjella. Sangbok for landbrukets fagskoler og ungdomsskolene, 1943
  • Joh. L. Hirsch 1843 – 31. desember – 1943, 1943
  • Bjerke gård, 1946
  • Johan E. Mellbye 80 år, 1947
  • O. A. Johnsen: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • T. Aadahl: nekrolog i Nationen 5.8.1949
  • J. W. Krohn-Holm: Slekten Dietrichson 1724–1974, 1974
  • O. Rovde og B. Gjerdåker: Norges Bondelag 1896–1996, 2 bd., 1995
  • M.-B. Ohman Nielsen: Jord og ord. En studie i forholdet mellom ideologi, politikk, strategi og mobilisering hos den tredje pol i det norske partisystemet. Bondepartiet 1915–1940, 2 bd., Bergen 1997