Faktaboks

Jens Tvedt
Fødd
14. juni 1857, Åmvikedalen i Kvinnherad, Hordaland
Død
3. september 1935, Stavanger, Rogaland
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Fanejunkar og gardbrukar Johannes Johannesson Tvedt (1817–1918) og Kristi Jensdotter Lund f. Øye (1819–85). Gift 1) 1.6.1884 i Stord med Gudrun Lorentzia Gjøsteen (21.5.1859–11.4.1904), dotter til seminarlærar Amund Vikingsen Gjøstein (1820–73) og Anne Munthe Olsen (1826–1901); 2) 5.5.1906 i Stavanger med Berthine (“Betty”) Jonasine Andersen (23.5.1884–24.9.1951), dotter til gullsmed Jonas Hummeland Andersen (f. 1845) og Bertine Mauritzen (f. 1844). Svoger til Ole Georg Gjøsteen (1854–1936) og Johan David Haslund Gjøstein (1866–1935).
Jens Tvedt
Jens Tvedt
Av /NTB Scanpix ※.

Jens Tvedt er ein av dei fremste heimstaddiktarane i norsk litteratur. Han skildra bygde- og bondelivet på Vestlandet slik ingen andre har gjort det.

Tvedt hadde ein oppvekst ulik dei andre ungane i Åmvikedalen i Kvinnherad. Familien hadde økonomisk fridom, og han trong ikkje ta del i gardsarbeidet. Far hans var av dei fyrste i bygda som heldt aviser, og Jens laga etter kvart handskrivne aviser som vart lesne av mange i bygda. Han skreiv for ymse barneblad, lærde seg å binda inn bøker, og denne kjærleiken og nærleiken til bøker skulle vara livet ut.

Han studerte to år ved lærarskulen på Stord. Også her laga han eit handskrive blad, men møtte òg nye impulsar som kom til å påverka livet hans. Han vart både målmann og venstremann, og han var trufast mot desse ideala livet ut. Han var ferdig utdanna 1878 og arbeidde som lærar nokre stader i Hordaland før han 1882 fekk lærarjobb i Stavanger. Der vart han buande resten av livet.

Tvedt arbeidde som lærar til 1899, men var òg knytt til kommunebiblioteket frå 1885. 1901 vart han bibliotekar der, og denne stillinga hadde han fram til han døydde. Det vitnar om stor arbeidskapasitet når han ved sida av desse oppgåvene arbeidde som omsetjar, styrde ungdomsbladet Heimdal i tre år og framleis skreiv for aviser. Det var òg i denne tida at han debuterte som forfattar.

Debutboka, Inn i fjordarne, kom 1885. Mange har peika på at boktittelen kan brukast som fellesnemnar for heile forfattarskapen hans. Dei aller fleste av forteljingane hans går føre seg i eit fjordlandskap på Vestlandet, slik Tvedt sjølv opplevde det i oppveksten. Både hovud- og bipersonar er oftast bønder eller av bondeætt, og så godt som alt han har skrive, kan tidfestast til andre helvta av 1800-talet. Forteljingane hans er i slekt med bondeforteljingane til Bjørnson og Janson, men Tvedt tilfører likevel sjangeren noko nytt.

Gjennombrotet kom 1888, med romanen Nybrot. Her har Tvedt funne si eiga litterære røyst, som han vidareutviklar i dei neste bøkene. 1891 kom romanen Vanheppa, som høyrer med til dei viktigaste bøkene hans. Her møter lesaren eitt av særmerka til Tvedt – dei gode skildringane av varsame og veike menneske, som slit med å ta tak i livet. Fram til Vanheppa hadde han gjeve ut bøkene sine sjølv, men denne boka kom på Mons Litlerés forlag.

Rundt hundreårsskiftet kom dei beste bøkene til Tvedt. I Madli und' apalen (1900) møter me husmannsjenta Madli, som ikkje har store voner om eit liv i velstand, men som likevel står fram som eit rikt menneske. Her har Tvedt skapt eit av dei beste litterære portretta av ei norsk arbeidarkvinne, og boka er òg eit sterkt bilete av underklassa i bygdesamfunnet.

Djup jord (1904) må også reknast som eitt av hovudverka til Tvedt. Denne romanen er den einaste historiske romanen hans – handlinga er lagt til tidleg 1800-tal – og er ei kjærleikssoge mellom ein husmannsgut og ei prestedotter.

Tvedt skreiv for det meste romanar og forteljingar, men prøvde seg òg som dramatikar. Også språkleg heldt han seg til heimbygda, og han er såleis på fleire måtar ein regional diktar. At han heile tida skriv om det same bygdesamfunnet gjer at han etter kvart går tom for tema, og dei siste bøkene hans tilfører lite nytt. Den seinare delen av forfattarskapen er òg prega av for mange idyllar.

Tvedt fekk statens forfattarløn frå 1912. Han hadde mange verv og var mellom anna mykje med i Den norske forfatterforening. Han var òg aktiv i lokale lag i Stavanger.

På 75-årsdagen heidra byen han med ei byste, laga av Ståle Kyllingstad. Bysta er plassert utanfor biblioteket i Stavanger, og ein kopi er sett opp ved fødestaden i Kvinnherad.

Verker

    Eit utval

  • Inn i fjordarne. Forteljingar, Stavanger 1885
  • Nybrot. Forteljing, Bergen 1888
  • Hamna-Tjonet. Forteljing, Bergen 1889
  • Vanheppa. Forteljing, Bergen 1891
  • Laurdagskveld til støls. Spelstykke, Bergen 1892
  • Godmenne. Forteljing, Bergen 1893
  • Madli und' apalen. Ei soga, 1900
  • Djup jord. Forteljing, 1904
  • Guds løn. Andre soga um Madli und' Apalen, 1906
  • Haavard Brittanius, 1908
  • Detaljert bibliografi i Nynorsk boklista, bd. 1–4, 1916–42

Kilder og litteratur

  • NFL, bd. 5, 1901
  • O. Midttun: “Jens Tvedt. 1857 – 14. juni – 1927”, i SogS 1927
  • O. Omvik: “Jens Tvedt. Heimbygdi, ætt og uppelde”, i Norsk Aarbok 1927
  • K. Elster d.y.: Illustrert norsk litteraturhistorie, 1934
  • L. Aas: “Jens Tvedt”, i Norsk Aarbok 1935
  • A. Espeland: Jens Tvedt. Glimt frå vokstergrunnen og livet hans, 1959
  • J. Myhre: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • NLH/Beyer, 1978
  • W. Dahl: Norges litteratur, bd. 2: Tid og tekst 1884–1935, 1984

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett (eit utval)

  • Måleri (brystbilete) av Lars Osa, 1920; Bondeungdomslaget, Stavanger; brukt på omslaget av Espeland 1959 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)
  • Kolteikning (brystbilete) av Kristofer Sinding-Larsen, 1925; Stavanger bibliotek; attgjeve i Norske portretter. Forfattere, 1956, s. 195
  • Måleri (halvfigur med hatt) av Thoralf Gjesdahl, ca. 1930; Stavanger bibliotek; attgjeve sst
  • Byste (bronse) av Ståle Kyllingstad; 1932; Stavanger bibliotek, oppstilt i Sølvberget kulturhus, utanfor kulturbiblioteket; kopi i Åmvikedalen