Faktaboks

Johan Gjøstein
Johan David Haslund Gjøstein
Fødd
5. januar 1866, Stord, Hordaland
Død
15. februar 1935, Stavanger, Rogaland
Verke
Skolemann og politikar
Familie
Foreldre: Seminarlærar Amund Vikingsen Gjøsteen (1820–73) og Anne Munthe Olsen (1826–1901). Gift 29.8.1888 med Anna Charlotte Moberg (1869–1956; sjå Anna Gjøstein). Systerson til Christian Holberg Gran Olsen (1835–1921); bror til Ole Georg Gjøsteen (1854–1936).

Johan Gjøstein var stortingsmann i 12 år og kjempa særleg for einskapsskolen. Han var òg aktiv i lokalpolitikken i Stavanger og sat som skoledirektør i Agder og Stavanger 1921–34.

Far til Gjøstein var lærar ved seminaret på Stord, men døydde då sonen var berre 7 år gamal. Tre år seinare flytta Johan til broren Ole Georg i Christiania. Den eldre broren var litt av eit førebilete for Johan, som alt som 12-åring skal ha sagt at han ville bli “nett som han Ole”. Etter middelskoleeksamen reiste han attende til Stord og tok lærarprøva ved seminaret der 1884. Familienamnet fekk ny skrivemåte da seminaristen Johan oppdaga at Gjøsteen var ei dansk skriftform; slik vart steen til stein.

Etter eit år som lærar i Stavanger drog Gjøstein på ny til Kristiania og tok examen artium som privatist 1887. Våren 1888 reiste han til USA. Under opphaldet der gifta han seg, men verken gullgraving, ein kortvarig redaktørperiode i ei avis i Chicago eller andre strøjobbar gav framtidsvoner. Han drog derfor tilbake til Noreg og tok arbeid som lærar i folkeskolen i Stavanger 1890. Der vart han til 1921, frå 1909 som styrar ved Solvang folkeskole. 1921 vart han utnemnd til skoledirektør i Agder (frå 1925 Agder og Stavanger) bispedømme og satt i denne stillinga til årsskiftet 1934/35.

Alt medan han las til artium, var Johan Gjøstein aktivt med i den gryande sosialdemokratiske folkerørsla. 1892 vart Stavanger sosialdemokratiske Forening stifta i hans eiga stue, ei foreining som var grunnlaget for både Stavanger Arbeidarparti og fagrørsla i byen. 1896 vart han vald til lærarrepresentant i skolestyret, og 1899 kom han inn i bystyret som ein av dei to første sosialdemokratane der. Frå 1902 var han med i formannskapet, og 1911 og 1912 vart han vald til ordførar i Stavanger med eit fleirtal av venstrerøyster. Gjøstein engasjerte seg òg i lokalpressa i byen; i 1890-åra var han med og skipa bladet 1ste Mai og var bladstyrar der i seks år.

Ved stortingsvalet 1906 vart Gjøstein vald inn for Arbeidarpartiet frå Værket krets i Stavanger, og han møtte på Stortinget i snautt fire veker, men valresultatet vart forkasta og ved omvalet same hausten tapte han mot den borgarlege kandidaten. Ved valet 1912 vart Gjøstein vald inn på ny og sat deretter på Stortinget fram til 1924. Ved partisplittinga 1921 følgde han med mindretalet over til Norges socialdemokratiske Arbeiderparti og var leiar for stortingsgruppa til dette partiet dei tre siste åra han sat på tinget.

Både som lærar og politikar var Gjøstein sterkt oppteken av skolen si rolle som nasjonsbyggjar språkleg, kulturelt og politisk. Yrkesbakgrunnen merka han som politikar. På Stortinget var han først og fremst oppteken av praktiske saker som utvida skoletid, fri tannrøkt, føremiddagsundervisning, likelønn for lærarar og lærarinner, folkeskolen som einskapsskole, utbygging av framhaldsskolen, skoleheimar og tvangsskolar. Dessutan arbeidde han for å skipe eit statsforlag for skolebøker, noko som fekk støtte frå arbeidardemokratane og fleire venstrefolk. Noko fleirtal på Stortinget var det naturleg nok ikkje for det nye statsforlaget, og ideen vart heller ikke teken opp att av Arbeidarpartiet etter at dei fekk regjeringsmakt 1935.

På Stortinget var Gjøstein medlem av kyrkjekomiteen (som handsama skolesakene). Frå 1919 vart komiteen kalla Kirke- og skolekomiteen, og Gjøstein var sekretær der i tre år og dei siste tre åra komitéformann. Han støtta ikkje innstillinga frå Enhetsskolekomiteen, der eit fleirtal gjekk inn for ei løysing på skolestrukturen med ein meir differiensiert 7-årig folkeskole og ein toårig middelskole (7+2). Gjøstein ville ha ei 7+3-løysing, trass i at dette ville kosta noe meir. For han var ikkje kostnadene noe problem. Samfunnet måtte investere meir for å ta vare på ein 7-årig felles einskapsskole, meinte han.

1920 gjorde Stortinget eit vedtak som i røynda gav landet ei 7+3-ordning i skolen, ein struktur med ein treårig middelskole som bygde på 7-årig folkeskole. Stortingsvedtaket endra ikkje ein bokstav i skolelovene frå 1889 og 1896, men nasjonalforsamlinga slo fast at berre høgre skolar som bygde på avslutta folkeskole, skulle få statsbidrag. Det er ikkje rett, slik det har vore hevda, at dette vedtaket skjedde nærmast som eit kupp frå Gjøstein si side, men han var formann i kyrkje- og skolekomiteen da den framtidige støtteordninga til den høgre skolen skulle drøftast.

Det var eit nært samarbeid mellom brørne Gjøsteen/Gjøstein i dei 12 åra yngstemann satt på Stortinget. skoledirektøren var nok meir praktisk orientert og mindre teorifokusert enn instrumentmakaren. På eitt område var dei usamde: Den praktiske skolemannen ville ha ein framhaldsskole, stikk i strid med grunnsynet til broren.

Verker

  • Bør statskirken ophæves? Et indlæg i diskussionen om hvorvidt statskirkens ophævelse bør opføres paa Det Norske arbeiderpartis program, 1918

Kilder og litteratur

  • Stud. 1887, 1912
  • biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • I. Debes: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • biografi i Haffner, bd. 1, 1949
  • H. Brattset: Det Norske Arbeiderpartis skulepolitikk fram til 1920, mag.avh. (klausulert) UiO, 1955
  • R. Grankvist: Utsyn over norsk skole, Trondheim 2000

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (bronse) av Erik Haugland, 1937; i parken ved Solvang skole, Stavanger