Forfattar og omsetjar. Foreldre: Rektor Severin Eskeland (1880–1964) og Olga Dorothea Olsen (1886–1975). Gift 1) 1953 med Ingebjørg Olaug Drivenes (26.1.1933–), dotter av Olav Drivenes (1902–75) og Anna Digranes (1907–63), ekteskapet oppløyst 1965; 2) 1967 med konsulent Aase Lill Skare (13.4.1932–), dotter av instrumentmakar Petter Skare (1905–99) og Klara Mundheim (1899–1995). Brorson av Lars Eskeland (1867–1942).

Ivar Eskeland var ein mangslungen kulturformidlar og språkrøktar som omsetjar, forlagsmann og organisasjonsmenneske, og som statsstipendiat frå 1976. Han var heidra av den islandske presidenten for sitt arbeid med å formidla islandsk kultur. Sitt største publikum nådde han som kåsør i radio og bokform.

Eskeland hadde sin kulturelle ballast frå det vestlandske norskdomsmiljøet, men utan å vere svoren Venstremann, som tradisjonen tilseier. Han var ikkje fråhaldsmann og melde seg ut av Den norske kyrkja 1976. Både faren Severin og onkelen Lars var framståande skulemenn og målmenn. Ivar Eskeland var fødd og oppvaksen på Stord, der faren var rektor ved Stord offentlege lærarskule. Han tok sjølv eksamen der 1949 etter examen artium ved Valler høgre almenskole i Bærum. Filologisk embetseksamen hadde han frå Universitetet i Oslo 1955, med fransk bifag og norsk hovudfag. I studietida var han formann i Filologisk studentutvalg.

Si første arbeidsøkt hadde Eskeland i nynorskrørsla. Han er æresmedlem i Noregs Mållag, der han var generalsekretær 1955, varaformann 1957–60 og formann 1960–63. Han var produksjonssjef i Fonna Forlag 1956–60, teaterkonsulent ved Det Norske Teatret 1960–65 og redaktør av vekeavisa Dag og Tid 1965–66. Eskeland var medlem av Vogt-komiteen (1965–67), som gravla samnorskpolitikken og la grunnlaget for språkpolitisk avspenning. Han stod bak fleire rettskrivingsordlister.

Ivar Eskeland var ein slags uoffisiell kulturambassadør for grannefolket vest i havet. Si hovudfagsavhandling skreiv han om nobelprisvinnaren Halldór Kiljan Laxness, som han også omsette mykje av til norsk. Han laga lærebok i islandsk og skreiv biografi om Snorre Sturlason. 1968 flytta Eskeland til Island som direktør ved Nordens Hus i fire år. Han var også initiativtakar og direktør for Festspela i Reykjavík. Etter det var han i to år (1972–74) leiar for Sekretariatet for nordisk kulturelt samarbeid i København. 1971 vart han utnemnd til storriddar av den islandske Falkordenen, og 1997 fekk han ordensstjerna.

Eskeland gjorde langvarig teneste i norske kulturorganisasjonar og kulturbedrifter. I to periodar (1965–68 og 1978–86) var han formann i Norsk Oversetterforening, der han òg var æresmedlem. Han var også æresmedlem i Norsk Litteraturkritikerlag, der han var formann 1975–81. Han var formann i Norges Kunstnerråd 1992–94. Som forlagsmann arbeidde Eskeland med litteratur både i Fonna Forlag, Atheneum Forlag (1974–76) og fleire andre norske forlag. I midten av 1960-åra arbeidde han frilans med oppdrag som lærar ved Statens Teaterskole i Oslo, programleiar i radio og fjernsyn og teaterkritikar i Dagbladet. Han var formann i Kringkastingsrådet 1963–68.

Ved sida av alt anna var Eskeland heile tida aktiv som omsetjar og gjendiktar. Han omsette meir enn 120 bøker til bokmål og nynorsk: romanar, novellesamlingar, barne- og ungdomsbøker og framførde skodespel. Arbeidet med verket til Halldór Kiljan Laxness ruver mest, men han omsette også forfattarskapet til William Heinesen frå dansk, og romanar og skodespel frå færøysk, svensk, engelsk, fransk og tysk. Bastianprisen fekk han 1972.

Ivar Eskeland heldt sitt første morgonkåseri i NRK 1974. Sidan vart han sjølve rikskåsøren – først og fremst i radio, men også som talar på samkomer i organisasjonar og bedrifter. Han findyrka sjangeren med ein særeigen kombinasjon av underfundig humor og bitande sarkasmar. Med si velmodulerte røyst på klangfullt normalnynorsk var han lett og lun og tilsynelatande slentrande i form, men som oftast med viktige saker som tema. Han sat ting på spissen både for å vekkje og underhalde. Eskeland gav ut 8 bøker med kåseri i store opplag. Dei har titlar som På nordmenns vis, Vårt dyre fedreland og Rapport frå annleislandet. Eit utval er samla i Vår norske folkesjel (1997).

    Bøker (eit utval)

  • Halldór Kiljan Laxness. Menneske og motiv, 1955
  • I strid for norsk mål. Noregs mållag 1906–1956, 4. februar, 1956
  • 50 års soga om Bondeungdomslaget i Bergen. 1909–27. april,1959, 1959
  • Lærebok i islandsk, sm.m. Magnús Stefánsson, 1963, 1967
  • Så seier soga, sm.m. Jon Leirfall, 1970
  • Du store alpakka. Soga om Gisle Straume, 1987
  • På nordmenns vis, 1992
  • Vårt dyre fedreland, 1993
  • Rapport frå annleislandet, 1994
  • Vår norske folkesjel, 1997

    Omsetjingar (eit utval)

  • Halldór Kiljan Laxness: Den gode frøken og huset, Gerpla, Land til salgs, Det gjenfunne paradiset, Liv og lagnad i Brekkukot, Skaldetid, Sju segl, Snæfridur Islandssol, Kristenrøkt under jøkulen, Innarsveitarkrønika, Egil Skallagrimsson og Fjernsynet, Thor Vilhjalmsson, Gråmosen gløder
  • William Heinesen: Det fortryllede lys, Gamaliels Besættelse, Kur mot onde ånder, Moder syvstjerne, Det gode håb, De fortapte spillemænd
  • CV for Ivar Eskeland
  • diverse avisklipp
  • HEH, fleire utg