Geistleg og politikar. Foreldre: Skulestyrar Johan Emil Stålsett (1903–72) og Alma Elisabeth Joki (1912–97). Gift 1959 med seinare førsteamanuensis Unn Eriksen (13.7.1931–), dotter til organist Gustav Eriksen (1884–1950) og Røskva Gjøstein (1891–1984; dotter til Johan Gjøstein, 1866–1935).

Gunnar Stålsett hadde ein lang karriere som politikar, prest, organisasjonsmann, prestelærar og internasjonal kyrkjeleiar bak seg då han 1998 vart utnemnd til biskop i Oslo. Her har han halde fram som ein frittalande og engasjert samfunnsrefsar, men òg med auge for einskildmenneske og deira livskår.

Stålsett voks opp i ein familie med åtte ungar, av desse vart seks utdanna til lærarar. Foreldra var påverka av dei læstadianske miljøa i Finnmark. Stålsett budde dei sju fyrste leveåra sine i Repvåg ved Porsangerfjorden, deretter flytta familien til Gildeskål i Salten. Etter realskule på Leknes i Lofoten gjekk han gymnaset på Nordfjordeid og tok examen artium 1953. Året etter søkte han om studieplass ved Misjonshøgskulen i Stavanger, men dei tok ikkje inn studentar det året. Istaden byrja han teologistudiet ved Universitetet i Oslo, men flytta 1957 over til Bethany Lutheran Seminary i Mankato i Minnesota, USA og var der i to år før han kom attende til Oslo. Han vart cand.theol. ved Menighetsfakultetet 1961 og tok praktisk-teologisk eksamen året etter.

Stålsett var skuleungdomsprest i Hamar bispedøme 1962–64 og arbeidde deretter som lærar i systematisk teologi ved Misjonsskulen i Stavanger 1964–70. Han var generalsekretær i Mellomkirkelig råd for Den norske kirke 1969–77, med eit avbrot 1972–73, då han var statssekretær i Kyrkje- og utdanningsdepartementet under Lars Korvalds trepartiregjering. Etter ein treårsperiode som sokneprest i Elverum og prost i Sør-Østerdal 1979–82 var han 1982–85 generalsekretær i Det norske Bibelselskap. 1985 vart Stålsett generalsekretær i Det Lutherske Verdsforbundet, med arbeidsstad i Genève i Sveits, og hadde denne stillinga til 1993. Deretter kom han heim til Noreg og var rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo 1994–98.

Utnemninga av Gunnar Stålsett til biskop i Oslo 1998 var omstridd både i og utanfor Kjell Magne Bondeviks mindretalsregjering og hadde både teologiske overtonar og partipolitiske undertonar. I tillegg til leiande KrF-politikarar gjekk generalsekretærane i Vestlandske Indremisjonsforbund og i Det norske lutherske Indremisjonsselskap sterkt ut mot avgjerda. Kampen stod mellom den noko meir teologisk konservative mørebispen Odd Bondevik og Stålsett. Ein allianse av Senterpartiet og Venstre mot KrF i regjeringa sikra snauast mogeleg fleirtal for Stålsett. Utnemninga var tung å svelgja for mange i KrF.

Gunnar Stålsett har hatt ei rad offentlege verv, mange organisasjonstillitsverv og fleire kyrkje- og partipolitiske ombod. Han sat for Senterpartiet i Oslo bystyre 1975–79 og var vararepresentant til Stortinget frå Oslo 1977–81 (fellesliste med KrF). Han var formann i Oslo Senterparti 1973–78, medlem i Senterpartiets sentralstyre 1975–79 og partiformann 1977–79. Stålsett vart ein lite vellukka partiformann. Det hadde i høg grad samanheng med at han var partileiar i ei tid merkt av sterk motgang (“høgrebylgja”) og av at det nærmast rådde borgarkrig mellom dei i partiet som hadde positivt og negativt syn på regjeringssamarbeid med Høgre.

Stålsett har til liks med svært mange kyrkjelege leiarar åtvara mot antisemittisme, men han har òg kritisert israelske busetjingar på okkupert land og israelske overgrep mot palestinarane. Då USA og deira nærmaste allierte hærtok Irak våren 2003, gjekk Stålsett klårt ut mot krigen og åtvara statsminister Bondevik om at norske styresmakter ikkje kunne rekna med støtte frå kyrkja til ein krig i Irak. Han hevda at ein vestleg intervensjon for å styrta Saddam Hussein var i strid med folkeretten.

I kyrkjelege spørsmål har Stålsett vore økumenisk, og han er kjend for å vera ein teolog open for kvinner i kyrkjelege posisjonar og med liberale haldningar til homofile. For dette har han fått tole skarp kritikk frå konservativt hald i kyrkja, og han har vorte skulda for å blande teologi og politikk, ikkje minst då han 2001, som den første biskop i Noreg og etter manges meining i strid med vedtak i kyrkjemøtet og bispekollegiet, ordinerte ein prest som det var kjent levde i homofilt partnerskap.

Gunnar Stålsett har skrive eller vore medforfattar/(med)redaktør til ei rad bøker og publikasjonar. Forfattarskapen hadde eit tyngdepunkt på tydeleg teologiske spørsmål i 1960-åra, medan det religiøse har vorte tydelegare kopla til politikk og andre mellommenneskelege forhold dei seinare åra. Hva er da et menneske? (2002) uttrykkjer verdiar som kjærleik og toleranse og er eit kraftfullt innlegg mot rasisme, fattigdom og religiøs fundamentalisme. Det vart òg lagt merke til då han 2001 nytta bryllupstalen til kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit til å halde fram rolla som aleinemor som eit døme på kjærleik og omsut for dei svake. Han gjekk av som biskop 2005.

    Eit utval

  • Medred. Hjemmenes Bibel (sm.m. A. Daasvand), 6 bd., 1964
  • red. Misjonstenkningen i dag – og i morgen, 1969
  • red. Kirke underveis. Dokumenter – rapport – kommentarer fra det Lutherske verdensforbunds 5. generalforsamling, Stavanger 1971
  • red. Gud vil rettferd. Dom Helder Camara og Folkets Fredspris, 1974
  • medforf. Att resa trons tecken, Uppsala 1986
  • Uten kjærlighet dør mennesket, 1990
  • Following Christ together. Sermons and adresses on communion, service and hope, Genève 1994
  • medred. Personalkonflikt i kirken. En konferanserapport, 1998
  • Under samme himmel. Taler og prekener, 2000
  • Hva er da et menneske? Tekster til tro og tanke, 2002
  • Bygd og by, 2003
  • Julens budskap, 2003
  • HEH, fleire utg.
  • Nordby, bd. 1, 1985
  • R. Madsen: Motstraums. Senterpartiets historie 1959–2000, 2001