Faktaboks

Gunnar Grjonbak
('Grynrygg') Gunnar Grjonbak
Levetidskommentar
Fødselsår, fødestad og foreldre er ukjende; truleg hadde han sin slektsbakgrunn i Trøndelag; Død 1232
Verke
Frostatingslagmann
Familie
Far til erkebiskop Einar Gunnarsson Smjorbak (død 1263).

Gunnar Grjonbak er den første kjende kongeleg utnemnde lagmannen i Noreg, med Trøndelag i Frostating lovområde som embetsdistrikt. Han spela ved fleire høve ei sentral rolle i norsk politisk historie, m.a. ved riksdelinga mellom baglar og birkebeinar 1208, og på riksmøtet i Bergen 1223, da den norske trona vart tildømd Håkon 4 Håkonsson.

Gunnar fortel sjølv i Håkon Håkonssons saga at han vart utnemnd til lagmann av kong Sverre, medan erkebiskop Øystein ennå levde, altså før 1188. Han er den første kjende, namngitte lagmannen med kongeleg utnemning, og denne formaliseringa og spesialiseringa av ein eldre juridisk-konsulterande ombodsfunksjon i bondesamfunnet går neppe særleg lenger tilbake. Gunnars understreking av at han var eit “kotkarsbarn” og såleis kom frå ringare bondekår, og at kong Sverre baud han å skifte mellom kotkarar og ikkje mellom høvdingar, kan nettopp tyde på at han i utgangspunktet representerte ein overgangsfase i lagmannsinstitusjonens profesjonsutvikling. På riksmøtet i Bergen 1223 vart han også titulert som Gunnar Bonde; seinare lagmenn hadde gjerne høgare sosial status.

Gunnar opptrer første gong i Sverresoga 1198, da han overfor kongen bad om grid for Torstein Kugad, som stadig hadde skifta lojalitet mellom baglar og birkebeinar. På det store forliksmøtet i Kvitsøy 1208, da baglar- og birkebeinarflokken slutta fred og delte landet, hadde Gunnar den viktige og prestisjetunge oppgåva å formulere eiden som gjorde forliket rettskraftig. Det at han fekk denne rolla, vitnar om personleg integritet og juridisk autoritet på tvers av ulike partsinteresser.

Etter at Håkon Håkonsson var blitt konge 1217, møter vi Gunnar Grjonbak som vitne på det myntprivilegiet og vernebrevet kongen utferda for Nidaroskyrkja, truleg 1222. Derimot er han ikkje nemnd på noko av dei møta som 1217 og 1218 vart haldne i Bergen og Nidaros i samband med tronskiftet. Til gjengjeld spela han ei avgjerande rolle på riksmøtet i Bergen sommaren 1223. Kong Håkon presenterte han her som den eldste lagmannen og den visaste mannen i landet, rettvis i all si ferd. Derfor vart han også førstevoterande blant lagmennene da dei gav lovorskurd om kongens arverett. Den talen Håkons saga ved dette høvet legg Gunnar i munnen, får trønderlagmannen til verkeleg å ruve i landskapet, og blir avgjerande for sakas utfall. Etter at Håkon var blitt tildømd arveretten, tala Gunnar Grjonbak saman med Dagfinn Bonde sterkt for at det måtte bli fred mellom kongen og Skule jarl. Før møtet slutta vart da også partane samde om ei riksdeling som blei ståande i 10 år.

Gunnar Grjonbak er ein av dei lagmennene i mellomalderen vi har best kunnskap om. Gjennom si lange funksjonstid – frå 1180-talet og truleg til han døydde 1232 – må han ha opparbeidd seg ein solid og omfattande juridisk kompetanse. Men det var først og fremst i skjeringsfeltet mellom det å vere lovkunnig og funksjonen som politisk aktør at Gunnar Grjonbak skapte seg ein plass i norsk historie.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 1
  • Sverris saga, utg. av G. Indrebø, 1920
  • Soga om birkebeinar og baglar, utg. av H. Magerøy, 1988
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • NFH, del 3, 1857
  • E. H. Lind: Norsk-isländska personbinamn från medeltiden, Uppsala 1920–21
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • G. Indrebø: “Spreidde merknader um dei norske logmannsembætti”, i HT, bd. 30, 1934–36
  • G. Nissen: Frostating lagmannsembete og lagmenn inntil 1797, 1956
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972