Biletkunstnar. Foreldre: Lærar Amund Haavardsholm (1860–1948) og Josefine Nielsen (1872–1952). Gift 1929 med forfattar Hans Henrik Holm (1896–1980), ekteskapet oppløyst 1945. Farfars kusine til Espen Haavardsholm (1945–).

Frøydis Haavardsholm var verksam i mange kunstgreiner og til langt ut i 1930-åra svært produktiv. Etter kvart fekk ho problem med å få arbeid unna, men kvaliteten var alltid høg.

Haavardsholm voks opp i Tromsø og Kristiania som einaste barn i ein lærarfamilie. Faren karakteriserer ho som ein søkjande og grublande mann med draging mot det mystiske. Mora var munter og lys av sinn, og forteljingane hennar om nordlandsnaturen, midnattssol og nordlysskin sette seg fast. Som jentunge gledde Frøydis seg over fargeprakta i dei første vårblomane, og ho fortel at i 7–10-årsalderen granska ho strå, blomar og kryp av alle slag nøye som ein vitskapsmann. Inntrykk frå denne tida brukte ho seinare i kunsten sin.

Etter middelskoleeksamen begynte Frøydis i gymnaset, men slutta etter ein månad for å bli elev hos bilethoggaren Lars Utne 1913–15. Samstundes gjekk ho på Tegneskolen med Oluf Wold-Torne som lærar 1914–17. Wold-Tornes kjærleik til det norske, spesielt norsk middelalderornamentikk og den folkelege prydkunsten, var noko Frøydis fortel at ho ønskte å føre vidare. Foreininga Brukskunst (stifta 1918), Brukskunsts kyrkjeutval (1921) og Forening for norsk bokkunst (1900) var svært aktive i 1920-åra. Dei satsa alle på den unge og lovande Frøydis Haavardsholm, som også sat i Brukskunsts styre.

1916 gjekk den første studiereisa utanlands. Målet var Joachim Skovgaards grundtviginspirerte fresker i Viborg domkyrkje, Glyptoteket i København og Ernst Josephson i Göteborg. Hausten 1919 reiste ho saman med Joronn Sitje til Paris. Jentene måla ei stund hos Othon Friesz, teikna croquis i Académie Colarossi, hadde av og til modell i atelieret saman med Henrik Sørensen og Jean Heiberg og fekk då rettleiing av dei – men skreiv heim at «det skjønneste jeg endda har set» var katedralen i Chartres. I halvanna år 1921–22 budde Frøydis Haavardsholm i Toscana og Umbria, der ho studerte og kopierte italiensk ungrenessanse og gamle fresker. Giotto, og spesielt Fra Angelico, tiltalte henne, med sin enkle forteljingsmåte og naive stil, men der sterk kjensle og vilje gjennomstrøymer bileta i forteljinga. I 1920-åra drog ho på eit par kortare reiser til Sverige for å studere svensk kunsthandverk, og ho reiste ein del i Noreg, m.a. til Jølster, der ho laga grafikk saman med Nikolai Astrup.

Alt i studietida fatta Haavardsholm interesse for det som skulle bli hovudområda hennar: glasmåleri, bokkunst og kyrkjetekstilar. Gjennombrotet kom 1917 med illustrasjonane og bokutstyret til jubileumsutgåva av Martin Luthers Om et kristenmenneskes frihet. Boka blei utstilt i Tyskland, og den unge bokkunstnaren fekk omtale utanlands. Då dei liturgiske bøkene til Den norske kyrkja skulle gjevast ut på nytt, fekk ho i oppdrag å lage bokutstyr og illustrasjonar. Friser og border i Altarbok for Den norske kyrkja (1920) er tydeleg i slekt med Gerhard Munthes Snorre-dekorasjonar frå 1890-åra, medan illustrasjonane i messeboka Graduale (1925) ber preg av at ho har studert ungrenessansemeistrane i Italia i mellomtida.

Illustrasjonane og bokutstyret til diktsyklusen Jonsok-natt (1933), skriven av ektemannen Hans Henrik Holm, blei omtala som eit storverk då boka kom ut. Ved å gjenta og variere skaper biletkunstnaren samanhengar som ikkje alltid er så tydelege i teksten. Ho utnyttar norsk flora og fauna i den personleg prega ornamentikken og legg noko monumentalt inn i dei norske landskapa.

Hovudinnsatsen blei glasmåleriet. Dei største og mest kjende er Korsfestelsen i Korskirken i Bergen (1928) og fem store korvindauge i Trefoldighetskirken i Oslo (1933–35). I denne kunstgreina var Haavardsholm i stadig utvikling og utrøytteleg på leit etter nye uttrykk i materialet og stilen. Frå ein litt tung og bunden middelalderstil i dei første arbeida, utvikla ho seg gjennom virtuost teikna figurgrupper i Korskirken og polykrom oppbygging som i Kristi barndoms historie i Trefoldighetskirken, til eit frigjort og personleg uttrykk i Livet gror same stad. Ei personleg tolking av uttrykk og funksjon i kyrkjekunsten låg også bak motiv og plassering av ti glasmåleri i Sykkylven kyrkje, der dei bibelske scenane på kvinnesida og på mannssida var parallellar til daglegliv og næringsaktivitet i bygda.

Også tekstilar skulle gjere kyrkjene vakre og gudstenesta rikare. Frøydis Haavardsholm teikna mønster til korkåper, messehaglar og altarringsteppe, utførde i tekstil og prydsaum av dyktige kvinnelege kunsthandverkarar.

Haavardsholm laga ein mykje brukt konfirmasjonstelegramblankett for Telegrafverket, ex libris, plakatar og julemerke, og ho teikna tapet og barnemøblar. 1931 fekk ho i oppdrag av Noregs Bank å teikne utkast til nye pengesedlar, og Ulf Aas omtala dei som «stramt komponert, men samtidig med en djervhet og personlig klo, som gjør dem til små kunstverker».

Frå slutten av 1930-åra blei livet tyngre, sjukdom og økonomiske sorger gjorde sitt. Ekteskapet med Holm blei oppløyst 1945, skiftet var opprivande og nedverdigande. Til tider kjende ho seg forfølgd, på slutten av livet isolerte ho seg meir eller mindre. Ho hadde idear og planar, men problem med å få ting unna m.a. 14 nye glasmåleri til Trefoldighetskirken, som ho skreiv kontrakt om 1961, fekk ho aldri ferdig, heller ikkje t.d. dei planlagde illustrasjonane til Jonas Lies Trold eller Petter Dass' salmar.

Frøydis Haavardsholm hadde Statens kunstnarløn frå 1940 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1953.

    Trykt materiale

  • Nikolai Astrup og hans tresnitt, i Ku&K 1928, s. 213–221
  • «Kunst i film og kinoutstyr», i Film nr. 10/1930, s. 4–6
  • Utkast til norske pengesedler, i Brukskunst nr. 4/1931, s. 21–25
  • «Barndomsminner fra Nordland», i Urd, Julen 1932, s. 871–873
  • Bokutstyr til «Jonsok-natt», 1934
  • Nikolai Astrup, 1935
  • Harriet Backer Ved Lampelys, i Urd nr. 28, 1932

    Glasmåleri i følgjande kyrkjer

  • Våler, Østfold, 1917
  • Jesu bønnekamp og Oppstandelsen, Nøtterøy, Vestfold, 1921
  • Nordstrand, Oslo, 1920 og 1935
  • Jesus velsigner de små barn, Østre Aker, Oslo, 1929
  • Korsfestelsen, Korskirken, Bergen, 1928
  • fem store korvindauge og to mindre i skipet, Trefoldighetskirken, Oslo 1933–35 og 1958–59
  • Jesus på korset, Romedal, Hedmark, 1938
  • Sykkylven, Møre og Romsdal, 1939 og 1948, øydelagde 1983
  • Jesu gravlegging og oppstandelse, Bygstad, Sogn og Fjordane, 1937–39
  • Betlehem, Asker, Akershus, 1955
  • Den oppstandne Kristus, Nikolaikyrkja, Gran, Oppland, 1958
  • Korsfestelsen, Finnøy, Rogaland, 1959–60

    Andre glasmåleri

  • To grisaillevindauge, KIM, Oslo, 1930
  • Zodiac, Redernes hus, Møllervegen 6, Haugesund, 1939

    Liturgiske tekstilar

  • Bispekåpe, Stavanger domkyrkje, 1924
  • altarringsteppe, Holmenkollen kapell, Oslo, 1929
  • Olavsteppet, altarringsteppe og to messehaklar, Nidarosdomen, Trondheim, 1930
  • bispekåpe, Hamar domkyrkje, 1936
  • bispekåpe, Heddal stavkyrkje, Telemark, 1956
  • bispekåpe, Bodø domkyrkje, 1956

    Illustrasjonsarbeid

  • M. Luther: Om et kristenmenneskes frihet, 1917
  • Altarbok for Den norske kyrkja, 1920
  • Aarmaalsdagar, 1923
  • Graduale. Messebok for Den norske kyrkja, 1925
  • Koralbok for Den norske kyrkja, 1926
  • H. H. Holm: Jonsok-natt, 1933
  • Illustrert familiebibel, 1934
  • H. H. Holm: Om norsk folkesjel, 1941
  • Norske gardsbruk, 1941
  • H. Ingstad: Apacheindianerne, 1954

    Ikkje-publisert materiale

  • Materiale i NG, UBO, RA og hos Arne Malmedal, Asker
  • O. Dalgard: Frøydis Haavardsholm, 1930
  • A. Bugge, H. Grevenor og H. Aars: Frøydis Haavardsholms dekorative kunst, særtrykk av Samleren nov. 1931
  • H. Grevenor: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • A. Torjusson: Frøydis Haavardsholm og norsk leid i dekorativ kunst, 1933
  • T. Kielland: Frøydis Haavardsholm, 1935
  • d.s.: “Har norsk bokkunst et ansikt?” i Ku&K 1935
  • S. Hagemann: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • HEH 1984