Edvard Storm er i Noreg mest kjend for sine dølaviser, skrivne med innleving og sikker formsans. Han tok aktivt del i kulturlivet i København, og som forfattar og lærar var han med på å markere Noreg innanfor unionen og styrkje den norske nasjonalkjensla.
I breva sine framhevar Edvard mest påverknaden frå faren, som var læraren hans i dei første barneåra. Johan Storm var ein sterk og samansett person, som bygdefolket elska. Mora innordna seg under den myndige soknepresten, men ho var evnerik, og med sin ættebakgrunn knytte ho band til andre framståande familiar.
13 år gamal reiste Edvard Storm 1762 til Christiania for å byrje på latinskolen, og etter tre år gjekk turen til København med attest frå rektor Hersleb om at han var ein særs dugande elev med høg moralsk integritet. Han tok examen artium hausten 1765 og avla filosofisk eksamen sommaren 1766. Han braut så av og reiste heim til Vågå, der han budde dei følgjande tre åra, avbrote av eit halvår som huslærar i Lesja. 1769 vende han tilbake til København for å studere teologi. Studiet fullførde han ikkje, men København vart frå no av heimstaden hans, og Vågå-bygda som han lengta så sterkt tilbake til, såg han aldri meir att.
Dei første tre åra i København budde Storm på Regensen, der utvalde studentar hadde gratis losji, seinare på ulike stader i byen. Han hadde ulike læraroppdrag og var aktiv i krinsen av diktarar og intellektuelle. I sine siste år var han knytt til Selskabet for Efterslegten, som han sjølv var med på å stifte 1786. Her fekk han bustad, vart lærar og frå 1790 overinspektør for selskapets realskole.
Medan han var heime i Vågå 1766–69, dreiv Storm skole for to av tenestegutane på prestegarden, Jakob Danielsen og Erik Jørgensen, og i ei seinare brevveksling med dei to møter vi Edvard som pedagog, omsorgsfull ven og sjelesørgjar og som ekte vagvær. Vagværen møter vi også i den ordlista han arbeidde ut, nær innpå 1400 ord, nedskrivne på tilnærma dialekt med tydingar. Men aller klårast kjem heimstadtilknytinga til uttrykk i dølavisene – åtte i talet – som har som bakgrunn Vågå-bygda med sin storslåtte natur og sitt mangslungne liv. Sætervisene Oss har gjort kva gjerast skulle og Markje grønast er bygdelivsskildring av beste merke, og det vakre Skogmøte viser kor inderleg fortrylla han var av bygda. I dette siste diktet er også hans eiga kjærleikshistorie med bygdejenta Ragnhild Hammer fletta inn. Det vart berre ein episode, men det sette merke på diktinga hans.
Segn, natur og kjærleik var populære diktarmotiv i samtida, men det er ein himmelvid skilnad mellom Storms viser og den standardiserte hyrdediktinga. Medan Doris i eit samtidig anonymt dikt “toer sin hvide Hals” og tek mot sin Damon “i sin silkebløde Favn”, er det hjå Storm traust vågåungdom som lever ut si glade ungdomslyst: “Riom'te oss kjystest, riom'te oss log, / Takom fækk oss full'åt ingkort einna hog.” – Det hadde vorte dikta på bygdemål også før Storm. Samstundes med at han skreiv Skogmøte, gav Thomas Stockfleth ut sitt dikt Hejmatkomsten (1772), og det var med Storm og Stockfleth at heimbygdsdiktinga vart lyft opp på eit høgre litterært nivå.
Dølavisene gjorde Storm seg ferdig med i byrjinga av 1770-åra. Han ville bli norsk-dansk diktar, og det er lite av heimbygdsdikting å finne i den første boka han gav ut, Bræger (1774). Han kalla boka eit heltedikt, same sjanger som J. H. Wessels Kierlighed uden Strømper, men som diktverk fell Bræger igjennom. I den boka han gav ut året etter, Adskilligt paa Vers (under psevdonymet Erland Siverssen), er innhaldet farga av det som var mote i tida: idyllar og elskugsfarga oder. Men det som gjev boka litterær verdi, er opningsdiktet, Ode til Jutulsbierget, der det på nytt er heimbygda Vågå som lever. Jutulberget var symbolet på alt som knytte seg til Storms segn- og lykkeverd: “Jeg skylder dig, mit ædle Bierg, en Sang.” Og i denne lykkeverda var også hans eige kjærleikseventyr innvove: “Saa sang og du, min Ragnhild, for mig før, / naar i min Arm paa dette Bierg du hvilte.” Diktet leverte Storm inn som sitt bidrag i ein konkurranse som Selskabet til de skjønne og nyttige Videnskabers Fremme lyste ut. Emnet for konkurransen avspeglar tidlegromantikken: Det skulle vere “malende eller beskrivende Poesi”, knytt til “noget Sted i de Danske Stater” som merka seg ut med “Yndighed” eller “Skræksomhed”, eller som “udmerke sig med en gammel Sagn”. Her plasserte Storm Vågå og Jutulberget.
Tidstypiske er også dei Fabler og Fortællinger som kom 1778 og 1781, og der den moraliserande Storm fører ordet, på same vis som i samlinga hans av “gateviser”. “Min redelige Hensigt,” skriv han om fablane, “er at opvække Agt og Kierlighed for Dyden, og giøre Lasten forhadt og Daarligheder latterlige.”
Ei anna side ved Storm møter vi i Indfødsretten i fire Sange (1778). Boka har som bakgrunn ei kongeleg forordning frå 1776, og Storm skriv oppglødd om politisk og menneskeleg fridom, og han finn mange høve til å lovprise Noreg og det som er norsk. Poesien er på det jamne. Som dikt er det meir kraft i Zinklars Vise (1782), der han på nytt vende tilbake til barndomsriket sitt.
Edvard Storm hadde nære slektningar og gode vener i København, og fleire av dei sokna til krinsen rundt Det norske Selskab. Storm var berre sporadisk innom selskapet, som etter hans meining konsentrerte seg for mykje om estetikk og for lite om politisk og kulturell norsk sjølhevding. Dessutan kunne han ikkje stå ut med Wessel: “Hans Musa overlod en lavere Forfatter / Med misbrugt Parodie at vække Daarens Latter.” Sitatet er frå diktet Ewald eller den gode Digter (1782) og seier noko vesentleg om kvifor det etter kvart vart ein isfront mellom Storm og Det norske Selskab: Storm rekna seg som tilhengjar av Johannes Ewald, som i si kjenslevare dikting var sterkt påverka av tysk naturlyrikk. Medan han vart latterleggjort av Wessel og hans drabantar, er impulsar frå Ewald merkande i fleire av Storms idyllar.
Det etiske alvoret som avteiknar seg i brevvekslinga med Jakob Danielsen og Erik Jørgensen og i mykje av Storms dikting, fører direkte over til Selskabet for Efterslegten, stifta 1786 med det føremålet å reformere samfunnet ved å oppdra ungdom til gode borgarar. Storm var no 37 år gamal og hadde i fleire år vore plaga av sjukdom. Den patriotiske innstillinga hadde ikkje tapt seg. Ein av elevane hans, den seinare diktaren Adam Oehlenschläger, fortel at Storm fekk ein eigen glød og varme i røysta når han i geografiundervisinga kom til Noreg: “Nu kommer vi til mit Fædreland, mit Barn.” Denne kjensla hadde vakse fram frå kjærleiken til heimen og heimbygda, og han samlar heile kjenslefylden i nokre liner i Ode til Indfødsretten: “Bort, Nedrige, hvis Hierte er / til intet Fædreland forbundet, / som ingen venlig Drift har fundet / at elske noget Sted i sær.”
Edvard Storm døydde i København 1794 og vart gravlagd på Assistens kyrkjegard der. Han var ugift og barnlaus, men hadde fostra opp to pleiesøner, Lars Jørgensen og Poul Rasmussen (1776–1860), som båe tok Edvard som mellomnamn; den sistnemnde teikna eit portrett av fosterfaren som òg finst på diktarens gravstein.