Faktaboks

Bendix De Fine
Bendix Christian De Fine
Død
2. juni 1746, Stavanger, Rogaland
Levetidskommentar
Fødd 1696 i Lom, Oppland
Verke
Embetsmann og topografisk forfattar
Familie
Foreldre: Sokneprest Arnoldus Montagne de Fine (død 1719) og Catharina Osia Friis (død 1745). Gift 1728 med Charlotte Amalie Lillienskiold (19.2.1683–19.11.1765), dotter til amtmann, kanselliråd Jonas Lillienskiold (ca. 1651–1691) til Herdla og Sidsel Kaas (død 1727).

Bendix de Fine er kjend for ettertida takka vere ei grundig topografisk skildring av Stavanger amt frå 1740-åra. Ho er den tidlegaste samla rogalandsskildringa som finst og ei hovudkjelde til kunnskap om fylket på 1700-talet.

Barndomsåra og ungdomsåra til de Fine er lite kjende. Han fekk truleg ein del opplæring heime hjå far sin, men gjekk sidan ei kort tid på skule i Bergen, kanskje på den private latinskulen til Ole Camstrup, før han 1718 fekk akademisk borgarbrev ved universitetet i København. Der valde han Ludvig Holberg til privatpreseptor.

Det er uvisst kva tid de Fine fekk “attestas” (embetseksamen). Tida hans i København er også lite kjend. 1725 vart han utnemnd til amtmann i Stavanger amt (bestallingsbrevet er datert 20. april 1726). Truleg fekk han stillinga som amtmann gjennom kontakt med grev Ferdinand Anton Danneskiold Laurvig i København, som då hadde den framtidige kona til de Fine i huset. Etter bryllaupet sommaren 1728 vart de Fine heidra med tittelen justisråd.

Som amtmann – og dermed øvste statlege ombodsmann i distriktet – kom de Fine til å stå overfor både store og vanskelege saker. Allereie etter eit par år fekk han i fanget sterke klager mot sorenskrivaren i Jæren og Dalane og dei to futane i distriktet, som var skulda både for å vera hardrådige og for misleg embetsførsle. Styresmaktene i København var lite nøgde med utgreiinga hans om desse sakene. I eit strengt skriv frå statthaldaren vart utgreiinga hans skulda for å vera både uetterretteleg og utilstrekkeleg, slik at saka syntest meir “fordunklet end oplyst”.

1735 fekk de Fine påtale frå Rentekammeret fordi han hadde gitt for mange bønder fripass til å reise til København for å klaga på futen i Ryfylke. Dette kan tyda på at han var noko etterlaten i embetsførsla si og ein lite handlekraftig amtmann, men hendinga kan også tolkast slik at at han var ærleg oppteken av distriktet sitt og folket der. Dette skin gjennom i det store arbeidet Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, som han skreiv i 1740-åra.

Bakgrunnen for denne skildringa er ei rekke spørsmål om tilstanden i riket som Danske kanselli sende ut til embetsmennene 1743. Svara skulle danna grunnlaget for eit stort topografisk økonomisk verk om Danmark-Noreg. Så snart de Fine fekk spørjelista, kasta han seg med entusiasme over henne. Denne entusiasmen må ha hatt røtene sine i det miljøet han kom frå. Oldefaren, bispen Arnold de Fine (1614–72; sjå NBL1, bd. 4), hadde i si tid byrja skrive ei noregshistorie på latin, og farbror til kona hans, amtmannen Hans Hansen Lilienskiold, var også historieskrivar. de Fine skreiv straks til andre embetsmenn i amtet etter opplysningar og reiste sjølv på leiting etter antikvitetar. Same året var han ferdig med ei amtsskildring som han sende til København. Men han var ikkje tilfreds. Det hadde vore for knapp tid. Han ville gjera meir innsamlingsarbeid og bad om løyve til å leiga ein medarbeidar.

I kanselliet i København var dei vel nøgde med svara til de Fine og ynskte meir av same slaget, noko han tok på seg med glede. Han fekk stavangermannen Johan Friman til hjelpesmann, og gjennom eit knapt år arbeidde dei to vidare med innsamling og skriving. 21. juni 1745 var den endelege amtsskildringa ferdig. Ho var nære på fire gonger så stor som den første frå 1743 og delt i 36 postar med inngåande omtale av eit mangfald av emne. Ho er ei av dei fyldigaste topografiske skildringane over eit distrikt som me kjenner frå første helvta av 1700-talet. Noko som gjorde henne ekstra viktig, var fleire interessante vedlegg – eit rogalandskart, tekstilprøvar, malmprøvar og jordfargar.

De Fine fekk aldri oppleva noko svar frå høgare styresmakter på arbeidet sitt. Han døydde sommaren 1746, før nokon endeleg reaksjon kom opp frå København.

Det er amtsskildringa frå 1745 som bergar de Fine frå gløymsla. Ho er sjølvsagt ein viktig del av einevaldsstaten si kartlegging av naturressursar og andre tilhøve med tanke på økonomisk framgang og vokster. Men ho er like mykje eit minne om ein amtmann som var levande oppteken av det distriktet han hadde ansvaret for, og folket der – kanskje meir enn han var av dei daglege embetspliktene sine.

Verker

  • Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, 1743, rev. og utvida utgåve 1745, utg. av N. Nicolaysen i Norske Magasin, bd. 2, 1870, s. 103–243 (ny utg. med innleiing av P. Thorson, Stavanger 1952, illustrert utg. 1987)

    Etterlatne papir

  • Det finst i alt fire manuskript til Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse. 1743-utgåva finst i to eksemplar, båe i Det kgl. Bibliotek, København: Een kort Beskrivelse over de 36ve Poster, som fra Deres Excellence Høy-Velbaarne Hrr Geheimeraad og OberSecretair von HOLSTEIN mig under Skrivelse dat: Cancelliet d: 13 April 1743 ere tilsendte ange: Stavanger Amtets Situationer, Egenskaber, Frugtbarheder, Indbyggernes Næring, Antiqviteter og andre Observationer (Kallske Samling nr. 207 fol.) og Relationes Speciales om Norges Tilstand. 1: Om Stavanger-amt (Ny kgl. Samling nr. 1548 4°). 1745-utgåva finst og i to eksemplar, eitt i Det kgl. Bibliotek (Thottske Samling nr. 933 fol.) og eitt i NBO (Fol. 333)
  • Tre kopibøker for amtmannsembetet i Stavanger frå de Fines tid finst i SA, Stavanger (00 AB 1–3 1726–1747)

Kilder og litteratur

  • E. A. Thomle: “Gravskrifter fra Stavanger Domkirke”, i PHT, bd. 2, 1881, s. 211–228
  • d.s.: “Nedstammer den nulevende danske Slægt Lillienskiold paa Mandssiden fra den i 1676 adlede Hans Hanssøn Smidt?”, i PHT, bd. 6, 1885, s. 1–47
  • L. H. F. de Fine Olivarius: Stamtavler over Slægterne Olivarius og de Fine med personalhistoriske Efterretninger om disse Slægter, København 1894
  • F. Bull: “de Fine, Arnold Hanssøn”, i NBL1, bd. 4, 1929
  • O. Aurenes: Tre amtmenn i Stavanger i 1700-tallet, særtrykk av Stavangeren, Stavanger 1930
  • Rentekammerets norske bestallinger 1660–1814, 1932
  • P. Thorson: innleiing i B. C. de Fine: Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, Stavanger 1952

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri, truleg av Peter Wichmann, u.å.; p.e