Faktaboks

Alexander Seippel
Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel
Fødd
22. januar 1851, Kristiansand, Vest-Agder
Død
22. april 1938, Oslo, gravlagd på Vestre Aker kyrkjegard
Verke
Språkforskar og bibelomsetjar
Familie
Foreldre: Kjøpmann, visekonsul Fedor Ferdinand August Leopold Seippel (1814–87) og Camilla Adelaide Knudsen (1824–86). Gift 4.8.1886 i Østre Gausdal med Ragnhild Marie Nielsen (15.7.1859–6.3.1940), dotter til lensmann Ole Nielsen (1827–1908) og Mari Tordsdotter Svare (1833–81). Nevø (konas systerson) til Andreas Faye (1802–69).
Alexander Seippel
Alexander Seippel
Av /NTB Scanpix ※.

Alexander Seippel var professor i semittiske språk ved universitetet i Kristiania i meir enn 35 år. Gjennom sine omsetjingar av Bibelen kom han til å bli den som meir enn nokon annan forma ut det nynorske bibelmålet.

Seippels far kom som ung mann frå Tyskland til onkelen sin i Kristiansand, trelast- og kornhandlaren Gottlieb Ferdinand Reinhardt, som hadde kome til byen 1807 for å ordna med eit av familiens skip som hadde forlist og hamna i Kristiansand. Reinhardt vart verande og bygde opp stor forretning i byen, og han ordna det slik at nevøen fekk midlar til å opna eiga forretning. Men det gjekk dårleg, og Reinhardt skikka Ferdinand med kone og tre små barn opp til Frøysnes i Setesdal, der han skulle vera verkstyrar for ei storstilt planlagd kopparutvinning som Reinhardt hadde investert i. Kopparverket i Setesdal kom aldri i skikkeleg drift, men det førte i alle fall til at Alexander Seippel hadde sine beste barneår på Frøysnes (i same huset som Hans E. Kinck voks opp, seinare på 1800-talet). 1860 sende familien niåringen til katedralskolen i Kristiansand, men i alle feriar var Alexander heime på Frøysnes.

Etter examen artium 1868 studerte Seippel ved universitetet i Christiania og vart cand.mag. 1873 med latin og gresk. 1874–76 var han språklærar ved Luther College i Iowa, og 1876–86 bygde han seg opp i semittiske språk og persisk, med studiereiser til Leipzig, Paris, London og Oxford. 1886 vart han utnemnd til professor i semittiske språk ved universitetet i Kristiania. Han følgde etter sin tidlegare rettleiar, den legendariske Jens Peter Broch.

Seippels viktigaste vitskaplege innsats var at han samla og systematiserte omtalar av nordiske forhold i arabiske kjelder. Verket kom i to band, med meir enn 30 år millom første og andre bandet, og var skrive på latin – Rerum normannicarum fontes arabici (seinare omsett og utgjeve på norsk).

Men det er ikkje som orientalist og vitskapsmann Seippel blir hugsa, men som språkkunstnar og omsetjar. Han prøvde seg dessutan som skjønnlitterær forfattar, særleg som lyrikar, og nesten heile sitt vaksne liv sanka han stev i Setesdal om somrane. Ingen har samla så mange stev her i landet som han. Men det er som bibelomsetjar han verkeleg nådde høgt – han er utan tvil den største nybrottsmannen for landsmålsbibelen. Seippel kom inn i dette rundt hundreårsskiftet gjennom Samlaget og heldt på med det i 30 år.

Då den første fullstendige landsmålsbibelen låg ferdig 1921, den såkalla “førebelsbibelen”, hadde han åleine omsett over 60 prosent av tekstene. “Den som meir enn nokon annan har ført den nynorske bibelen over på norsk folkemålsgrunn, er professor Alexander Seippel,” skreiv Alf Hellevik seinare. Dét er ikkje små ord.

Seippel hadde i røynda ideelle føresetnader for å bli nybrottsmann i bibelomsetjing. Gjennom lange studium hadde han grundig kjennskap til grunnspråka gresk og hebraisk. Dessutan hadde han uvanlege givnader i uttrykksevne. Og den språklege sareptakrukka han auste or, var det målet han hadde lært på Frøysnes: “Eg sette meg fyre at eg inkje vilde skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja,” skreiv han 1932.

Kva slags bibelstil skapte Seippel? Det som slår ein lesar, er dei dristige stilspranga – poetisk der grunnteksta var det, kvardagsleg der grunnteksta var det. Og venleiksdyrkande som han var, nytta Seippel til fulle treklangen i midlandsmålet (endevokalar på a, i, u) – “læresveinane”, “Israels-ættine”, “kvinnune”. Som omsetjar var han nådelaust profesjonell. Han omsette ikkje Jesu bøn med “Fader vår”, men “Far vår, i himmelen” (Matt 6,9). Først i revisjonen av Nyetestamentet (2004) ser det ut til at dette kan bli løysinga. Men han gjekk stundom vel langt i å gjera bibeltekstene heimlege, til dømes valde han “ein av sokneformennan” (Matt, 9,18), endå det burde ha stått “ein av synagogeformennene”. I vår tid kan Seippel verka gamalvoren og orddyrkande. Men synsvinkelen lurer oss: Han var radikal og nyskapande – i si tid. Og hans løysingar lever: “Dette er sonen min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i” (Matt 3,17).

Oppveksten på Frøysnes gjev truleg ikkje heile forklaringa på kvifor Seippel vart den han vart. Me gjer klokt i å ta med ei djupt personleg oppleving – kjærleikshistoria med Birgit Nestoga (1863–1948) frå Åraksbø-grenda. Han var 29 år, lovande og lærd; ho var 17 år, bondejente som to år tidlegare hadde stått fremst på kyrkjegolvet. Bryllup var avtalt og stelt til – men unge Seippel kom ikkje roande over til bryllupsgarden. Gamle-Seippel hadde nok funne ei råd; ingen veit. Då fall orda frå Nestoga-bonden i den gjestepynta stova, og dei lever på folkemunne i dalen enno: “So sype me suppa sjave i Nestoga, då.”

Sviket låg venteleg over Seippel heile livet. Kanskje var det hans botsgang å gje Bibelen til folket? I sitt åttiande år var han i igjen i dalen om sommaren, som vanleg. Ein dag ordna han seg båtskyss over til Åraksbø. Ho Birgit nærma seg 70, hadde vore gardkone, men var no enke. Det seiest at Seippel hadde med seg eit bibeleksemplar. Ho tok imot og gav han den største og beste nepa frå åkeren. Nøyaktig 50 år etter bryllupssviket. Ordet var kome til bygds – og Seippel hadde gjort skyldnaden sin.

Arbeidet hans som bibelomsetjar gav Seippel ry som språkleg smaksdommar og stilmeister. Han var formann i styret for Det Norske Samlaget 1888–91 og styremedlem 1903–20. Ein periode i 1920-åra var han språkkonsulent på Det Norske Teatret, og 1932 gav han ut heftet Ymse rettleidingar um norsk målbruk.

Etter at Seippel fall for aldersgrensa og gjekk av som professor 1922, vart han statsstipendiat. Han var medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1897. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1896 og til kommandør 1938, same året som han døydde, ved eit historiens lune det same året som den første autoriserte nynorskbibelen kom ut.

Verker

    Bibelomsetjingar (eit utval)

  • Fyrste – femte Mose-bok eller Upphavsboki, 5 bd., 1905–12
  • Josva-boki, 1913
  • Evangilja eller Fagnad-bodi etter Matthæus, 1915
  • Evangilja eller Fagnad-bodi etter Markus, 1916
  • Domarane, 1916
  • Evangilja eller Fagnad-bodi etter Johannes, 1920
  • Evangilja eller Fagnad-bodi etter Lukas, 1920
  • Apostel-soga, 1923
  • Samuels- og Konge-bøkane eller Israels konge-sogur, 1930
  • Breve fraa apostelen Paulus til romarane, 1934

    Vitskaplege publikasjonar

  • Rerum Normannicarum fontes Arabici, 2 bd., 1896/1928 (norsk oms. Nordens historie i middelalderen etter arabiske kilder, ved H. Birkeland, DNVA Skr. II 1954 nr. 2, 1954)

    Eiga dikting

  • Granskaren, ei universitets-kantate, 1911
  • Ein høgsong, 1924

    Anna

  • Oms. Persiske vers etter Omar Kajjam, Hafis, Karabkuhi, 1912 (av dikta er om lag helvta i røynda skrivne av Seippel under pseud. Karabkuhi; auka utg. med fleire sjølvskrivne dikt: Norsk-austerlendsk divan, 1923)
  • Ymse rettleidingar um norsk målbruk, Voss 1932

Kilder og litteratur

  • Stud. 1868, 1893, 1919
  • Alexander Seippel. Heidershefte paa 75-aarsdagen hans 22. januar 1926, 1926
  • HEH 1938
  • R. Indrebø: “Den nynorske Bibelen”, i Luthersk Kirketidende 1938, s. 420–424
  • H. Birkeland og O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • Universitetet i Oslo 1911–1961, bd. 1, 1961, s. 469–470
  • A. Hellevik: “Gamal bodskap i ny bunad”, i SogS 1976, s. 259–277
  • Aa. Lande, S. Lomheim og G. Stubseid: Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel – livet og livsverket, Kristiansand 2001
  • J. Bondevik: Og ordet vart nynorsk, Bergen 2003

Portretter m.m.

  • Måleri (halvfigur) av Wilhelm Wetlesen, 1919; UiO
  • Måleri av Lars Osa, ca. 1920; attgjeve i Lande m.fl. 2001 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 3
  • Måleri (halvfigur) av Eivind Engebretsen, 1921; UiO