Hulda Garborg

Forfattar. Foreldre: Overrettssakførar Christian Frederik Bergersen (1829–73) og Marie Petrine Olsen (1835–88). Gift 3.12.1887 med forfattar og statsrevisor Arne Garborg (1851–1924).

Hulda Garborg var ein allsidig forfattar og kulturperson. Ho gav ut romanar, skodespel og dikt. I aviser, vekeblad og føredrag landet rundt var ho ein aktiv samfunnsdebattant og idealistisk folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i så vel målsak, teaterarbeid, kvinnesak, kosthald, bunadbruk som folkevisedans. Som ei intellektuell kvinne tidleg på 1900-talet var ho på mange vis føre si tid.

Karen Hulda Bergersen blei fødd på storgarden Såstad i Stange på Hedemarken. Foreldra blei skilde da ho var småjente, og mora måtte flytta med tre døtrer på hybel i Hamar. 1870 blei Såstad seld. Faren var ruinert.

På Gløersens pigeskole i Hamar fekk vesle Hulda ein lærar som vekte interessen hennar for nasjonal kultur. Som ungjente reiste ho til hovudstaden, der ho fekk butikkstilling hos venstremannen Mikkel Dobloug. Saman med andre radikale unge kvinner vanka ho i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund, der ho vart kjend med framskrittsvenlege politikarar og kunstnarar.

Hausten 1885 gjekk Hulda Bergersen på ein slags målskule som redaktør Ivar Mortensson-Egnund heldt i lokalet til Fedraheimen, landsmålsavisa Arne Garborg gav ut i Kristiania frå 1877. Ho lærte mykje om folkedikting og kulturhistorie av Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Molkte Moe.

1887 blei ho borgarleg gift med Arne Garborg og flytta til “Kolbotnen” ved Savalen i Nord-Østerdalen. Sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg blei fødd året etter. I Fra Kolbotnen og andetsteds fortel ho både morosamt og alvorleg om dei 9 åra familien budde fast i fjellheimen.

Matstell lærte ho av bondekvinnene i grannelaget, ein lærdom ho førte vidare til lesarane gjennom artiklar i landsmålsavisa Den 17de Mai, ein tittel ho sjølv var gudmor til. Ho legg særleg vekt på tradisjonell bondekost og sunn landsens husskikk. Artiklane vart seinare til boka Heimestell.

Både ektemannen og Amalie Skram inspirerte ho til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen Et frit forhold, ei djerv skildring av eit moderne samliv, kom ut anonymt i Bergen. I det psykologiske dramaet Mødre hentar ho tema frå fjellbondens ættekjensle, og syner at det i smilande bygder kan skjule seg mørke krefter.

I komedien Rationelt Fjøsstell gjev ho eit lysare og lystigare bilete av liv og generasjonsmotsetnader på ein gard. Med skjemt og ironi viser ho korleis moderne tankar tapar mot gamle tradisjonar. Stykket gjekk sin sigersgang i Kristiania. Hulda Garborg er den kvinnelege forfattar som har fått oppført flest skodespel på våre scener i ei tid da menn dominerte norsk dramatikk. For tragedien Sovande sorg vann ho tilmed premie. Men da ho var eit travelt menneske med mange jarn i elden, blei den dramatiske diktinga noko ujamn. Eit høgdepunkt er Liti Kersti, der ho sameinar nasjonal musikk, song og bunad. Dramaet Edderkoppen, som er tydeleg påverka av Ibsen, fortener å bli framført på nytt.

Hulda Garborg skreiv av og til på riksmål, men var heile livet oppteken av målsaka. Ho irriterte seg over at landsmål og dialekt ofte vart skamfare av skodespelarane. Difor gjekk ho tidleg inn for eit heilt reint landsmålsteater. 1895 blei ho leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget.

1898 slo ekteparet Garborg seg ned på Hvalstad i Asker. Der heldt spellaget til med øvingar når det ikkje farta landet rundt på spelferder. Spellaget blei vårt første riksteater. Turneane var ein stor suksess, trass i pipekonsertar i nokre byar. 1912 blei “Spellaget til Hulda” omgjort til “Det Norske Teatret”, som fortsatt er ei av våre mest moderne teaterscener.

Gjennom teaterarbeidet oppdaga Hulda Garborg at norsk bondekultur heldt på å døy ut. Folkedansen var nærmast ute av soga. Derfor gjorde ho 1902 ei studieferd til Færøyane for å finne att ringdansen. Deretter sette ho i sving danseringar i bygd og by. Noregs Ungdomslag gav ut eit hefte, Norske folkevisor, med hennar danseinstruksjon.

Også bondebunaden fann Hulda Garborg fram frå gløymsla. I det arbeidet møtte ho vankunne og sjølvhat blant såkalla opplyste nordmenn. Etter boka Norsk Klædebunad arrangerte ho bunadskurs i ungdomslaga, og i dag er bunaden statusplagg. Det skyldest ikkje minst hennar pionerinnsats, eit arbeid som blei følgt opp av Klara Semb.

Meir oppsikt enn nasjonalt arbeid vekte Hulda Garborgs oppriktige engasjement i kvinnesak og kvinnespørsmål. Men ho var ingen fanatikar og meinte at kvinner skal vere stolte av å vere husmødrer. Morskallet er ei sann glede. Høgast set ho bondekvinnene, som hjelpte ho den første tida ho var gift. I romanen Mann af Guds nåde, eit nådelaust angrep på late mannfolk, heidrar ho kona på ei liten fjellgard, som slit seg forderva, mens husbonden gjer ikkje anna enn å setje elleve ungar på ho.

Hulda Garborg svarte anonymt på den austerrikske filosof Weiningers fordøming av kvinner med Kvinden skabt af Manden og Fru Evas Dagbog, der ho forfektar kvinnas sunne rett til kjærleik og rettar hard skyts mot undertrykkande mannfolk. Ho går inn for eit naturleg menneskeliv, ikkje minst for dei heilt unge. I Barn i by hevdar ho at barn har ein naturleg rett til å vekse opp i landlege forhold.

Hulda Garborg reiste mykje for å sjå og lære, i både Noreg og Vest-Europa, men ein tur til USA 1913 for å avduke ein bauta av Ivar Aasen i Fergus Falls i Minnesota blei den største opplevinga. Sterkast inntrykk gjorde likevel møtet med siouxindianarane. Saman med Longfellows dikt inspirerte det til ei stor hylling av fredshovdingen Hiawatha i Den store freden.

Om Hulda Garborg tok avstand frå statskyrkjas kristendom, søkte ho etter livsens sanning i filosofi og religion, særleg kva som skapte fred og menneskeverd på jorda. Fredstankar fann ho også i orientalsk religion. Under Bodhitræet er eit vakkert og poetisk drama frå indisk buddhisme.

I romanane med tema frå Nord-Østerdalen gjev Hulda Garborg eit bilete av historie, økonomi og kultur i ei nasjonal overgangstid. Inspirert av Rousseau idealiserer og idylliserer ho bevisst fjellbygda, som ho også skreiv ei bok om. Særleg er ho samd i lovprisinga av bondelivet: Byane oppdreg folk til egoisme; i ei grend lever folk i solidaritet og fellesskap. Ho var også påverka av anarkistane Kropotkin, Ivar Mortensson-Egnund og forfattar Leo Tolstoj.

Hulda Garborg meinte at pengeveldet og ukulturen oftast snik seg inn i bygda utanfrå. Harmoni finst det derfor lite av i tendensromanen Hildring, der ho fortel korleis jobbetid og rå kapitalisme trenger seg inn i eit sunt bygdesamfunn. Bønder let seg rive med i spekulasjon og må gå frå gamal gard og grunn.

I romanane frå Hedemarken, som kom i fleire opplag, vender Hulda Garborg tilbake til eige barndomsmiljø i skildringa av storgard og klassesamfunn på flatbygdene. Forteljingane er både epos og propaganda. Ho følgjer opplysingslina frå Wergeland og folkehøgskule fram til moderne arbeidarrørsle, der kvinna er den naturlege forkjempar for ei ny og betre tid, mannen den nedbrytande.

Hulda Garborg forfatta også to diktsamlinger, som fortener å lesast opp att. Fleire dikt er det sett musikk til. I stemningar og naturskildringar viser ho eit poetisk og kjenslevart sinn, som ho elles helst ville skjule for andre enn dei næraste.

Som ein ukueleg og idealistisk samfunnsdebattant skreiv Hulda Garborg eit veld av artiklar og innlegg i Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet, Verdens Gang m.m. og fekk usaklege svar frå mannlege forfattarar. Heldigvis hadde ho mykje støtte, særleg av mannen og venene Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer.

Hulda Garborg var partipolitisk interessert og sat ei tid for Det frisinnede Venstre i Asker kommunestyre, og ho blei Askers første kvinnelege formannskapsmedlem. 1932 fekk ho riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho blei gravlagd ved sida av ektemannen, venen og støttespelaren sin på Knudaheio på Jæren.

Verker

  • Et frit forhold, roman, 1892
  • Mødre, drama, 1895
  • Rationelt Fjøsstell, komedie, 1896
  • Hos Lindelands, komedie, 1899
  • Noahs Ark, farse, 1899
  • Heimestell, 1899
  • Sovande sorg, drama, 1900
  • Lidt om madstel paa landsbygden, 1902
  • Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903
  • Liti Kersti, eventyrspill, 1903
  • Norske folkevisor, 1903
  • Norsk klædebunad, 1903
  • Song-Dansen i Nord-Landi, 1903
  • Kvinden skabt af Manden, 1904
  • Edderkoppen, drama, 1904
  • April (Vaar), drama, 1905
  • Fru Evas Dagbog, 1905
  • Kongens Kone. Interiør fra Ludvig XIV's hoff, drama, 1906
  • Matstell paa Landsbygdi, 1907
  • Sigmund Bresteson, drama, 1908
  • Mann av Guds Naade, roman, 1908
  • Rousseau og hans Tanker i Nutiden, 1909
  • Rousseau, 1910
  • Under Bodhitræet. En drøm i fire billeder, drama, 1911
  • Eli, roman, 1912 (til nederlandsk 1915 og svensk 1916)
  • Barn i by, 1913
  • Norske dansevisur, 1913
  • Mot Solen, roman, 1915
  • Tyrihans, sangspill, 1915
  • Gaaden. Efter Præstedatteren Else Marie Lindes Optegnelser, roman, 1916 (til nederlandsk 1917)
  • Norsk Klædebunad, 1917
  • Den store Freden, drama, 1919 (omsett av Samuel Garborg: Hiawatha's Vision, USA 1927)
  • Mens dansen gaar, roman, 1920
  • I huldreskog, roman, 1922
  • Naar heggen blomstrer, roman, 1923
  • Grågubben, roman, 1925
  • National kost, 1925
  • Trollheimen, roman, 1927
  • Helenes historie, roman, 1929
  • Kornmoe. Vers og visor, diktsamling, 1930
  • Hildring, roman, 1931
  • Symra, diktsamling, 1934
  • Barndomsminne, 1935
  • Dagbok 1903–1914 (utval ved K. G. Koht og R. Thesen), 1962

    Etterlatne papir

  • Dagbøker i Håndskriftsaml., NBO

Kilder og litteratur

  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 4, 1929, s. 392–396
  • A. Garborg: Dagbøker (u.å.)
  • O. Midttun i SogS 1932
  • R. Thesen i Norsk pedagogisk tidsskrift, 1932
  • O. Skogstad: Hulda Garborg, i Årbok for Glåmdalen 1957
  • J. A. Dale: Hulda Garborg, 1961
  • T. Obrestad: Hulda, 1992
  • A. D. Østigaard: Arne og Hulda på Kolbotnen, 1995
  • S. Sem Borse: Hulda Garborg og miljøet i Asker, 1997
  • d.s.: Hulda Garborgs liv og forfatterskap, 1997

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste av Trygve Thorsen, 1928; Det Norske Teatret, Oslo
  • Portrett av Otto Valstad, u.å.; H. Aschehoug & Co., Oslo
  • Dobbeltportrett av Otto Valstad, 1908; Asker Museum
  • Maleri av Harriet Backer (Gamlestua på Kolbotnen), 1896; NG
  • Portrett av Reidar Fritzvold, 1985; Det Norske Teatret

    Fotografiske portrett

  • Ungdomsbilete, 1876; A. Knudsen
  • Hulda og Tuften, 1890; S. Garborg Talle
  • Hulda og “Tuften” i Dresden, 1892; H. Aschehoug & Co., Oslo
  • Portrett, 1898; i NBO
  • Bilete på 70-årsdagen, 1932; Alfhild Knudsen
  • Hulda som lita jente, u.å.; Kunnskapsforlaget
  • Ungdomsportrett, u.å.: S. Garborg Talle
  • Bunadsportrett av E. Enger, u.å.; i NBO

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.