Forfattar og redaktør. Foreldre: Bonde og lærar Eivind (Even) Aadneson Garborg (1822–70) og Ane Oline Johnsdotter Raugstad (1832–1908). Gift 3.12.1887 med Karen Hulda Bergersen (1862–1934; sjå Hulda Garborg).

Arne Garborg var ein av dei mest markante deltakarane i si tids konfliktfylte kulturliv og politikk, og ein av landets viktigaste forfattarar. Som intellektuell hadde han ein del å seie i europeisk åndsliv, spesielt i 1880- og 1890-åra. Frå slutten av 1870-åra til han døydde, var Garborg den viktigaste talsmannen for nynorsk språk, litteratur og kultur. Eit overordna prosjekt i Garborgs livsverk var å finne ut av vilkåra for fridom og sjølvstendig eksistens både for individ og nasjon. Her la han vekt på sambandet mellom språk, kommunikasjon og kulturell daning og sambandet mellom menneska sine materielle og åndelege vilkår. Som “jærbu og europear” problematiserte han stadig spenninga mellom det stadbundne og det utoversøkjande i menneskelivet og mellom tradisjonen og det moderne. I dette spenningsfeltet såg han sitt eige livsløp – som han i skrift gjorde til bilete på nasjonens identitetsdaningskonfliktar.

Garborg var arving til ein relativt stor og velhalden gard på Jæren. Likevel valde han som ungdom å bryte opp frå heimstaden og starte eit intellektuelt livsløp. Alt i tidlege barneår var Aadne, som var døypenamnet hans, fascinert av skriftmedia og dei verdene som opna seg gjennom litteraturen. Han skal ha lært å lese i fire–femårsalderen og utfalda seg gjerne kreativt musikalsk og ved å imitere vaksentale og “dikte” i allslags sjangrar. I tillegg til dei vanlege religiøse skriftene fekk han gjennom naboar, venner og byens leigebibliotek tilgang til meir verdsleg kunnskap og dikting. På skolen var han oppsiktsvekkande flink, og frå 12–13-årsalderen viste han interesse for bladarbeid, formidling og diskusjon gjennom dei handskrivne avisene Vennen, Mellemstunden og Alven. Som 17-årig lærar tok han initiativ til skolelærarselskapet “Idun” med det karakteristiske programmet “at belære sine Medlemmer og uddanne dem for sit Kald som Mennesker, Borgere og Lærere” og “at modarbeide Alt hvad man anseer som Skjævheder eller Usundheder hos Folket” (E. Lie).

Far til Garborg var ein tiltaks- og kunnskapsrik bonde og lærar med store voner om at odelsguten skulle bli føregangsbonde på Garborg. Sjølv sat han lenge i formannskapet og hadde ei rekkje andre offentlege verv. Mora var sterk og arbeidsam med godt humør. Men ho fekk eit stridt liv på Garborg – gjennom ni barnefødslar og med ein eigenrådig mann som med åra utvikla eit sterkt tungsinn, ofte med djupe religiøse grubleri. Dette endra oppveksten til Arne frå ein open og glad barndom med nært samband mellom familie-, arbeids- og folkelivet i bygda – til isolasjon med streng autoritetstru oppseding, bl.a. med forbod mot verdsleg lesnad. “Den paulinsk-luthersk-pontoppidanske kristendomen hans far sprengde meir og meir huset.” Dette har nok forsterka unggutens utferdstrang og draum om å realisere seg sjølv på andre måtar enn i farens fotspor på garden.

Den mest naturlege vegen ut av bygda var via lærarutdaning. Etter eit kort kurs 1866 blei 16-åringen året etter lærar i Riskakvervo i Hetland, der han kom nærare boksamlingar i Stavanger og fekk meir fri tid til lesing og skriveøvingar, sterkt påverka av Ibsen. 1868 begynte han på Holt seminar ved Tvedestrand, der han til tider levde eit nokså fritt og vilt studentliv. Etter han gjekk ut av lærarskolen 1870, fekk han post i Søndeled ved Risør. Sjølve læraryrket opplevde Garborg som ein tvang, og han mistreivst i det. Interessa for opplysningsarbeid var først og fremst knytt til publisering og offentleg debatt. 1871 starta han bladet Seminaristen (seinare Lærer-standens avis) som han dreiv nesten aleine til det gjekk inn sommaren 1873. Bladet skulle ikkje vere eit snevert pedagogisk metodeblad, men bidra til allmenn daning og ei ny lærarrolle der skolemeisteren var “en folke-lærer i og for livet” i staden for “en abc-indbanker i kakkelovns-krogen”. Hausten 1872 starta han òg avisa Tvedestrandsposten. I alle desse media publiserte Garborg artiklar som blei lagde merke til og siterte i den offentlege debatten, om pedagogikk, politikk og litteratur.

Det var såleis ikkje ein urøynd eller ukjend skribentspire som flytte til Christiania vinteren 1873 og fekk innpass i Dagbladet, der han bl.a. skreiv ironiske kommentarar frå stortingsgalleriet. Trass i at han var sjukleg og hadde store vanskar med å klare seg materielt, takka han nei til eit tilbod om økonomisk støtte frå slottet. Han ville ikkje vere bunden av autoritetar.

Våren 1873 kom det vesle debutskriftet Smaa-stubber af Alf Buestreng ut i Tvedestrand. Det inneheld bl.a. eit dramatisk dikt med aktørar som står for ulike sider ved det uavklåra livssynet til den unge diktaren: kristendom, idealisme, ateisme, materialisme og skeptisisme kjem i verbal fektekamp ved ein herremiddag, som ei stilisert framstilling av åndsretningar i tida.

Større oppsikt enn småstubbane vekte skriftet Henrik Ibsen's “Keiser og Galilæer”. En kritisk Studie af G. (1873). Det kom snart i nytt opplag og markerte Garborgs gjennombrot som skarp litteraturkritikar med djuptpløyande analysar av sambandet mellom dikting og åndsretningar i brytning. Ibsenstudien signaliserte òg starten på ein gradvis overgang hos Garborg frå ein estetisk, litt ironisk leikande kommentatorposisjon til krav om etisk fundert handling og deltaking i samfunnslivet. “Tvivlen er ikke en 'gave', den er et standpunkt,ja, hvad der er mer, den er kun et overgangsstandpunkt[…] Tvivleren kan aldri være noen livets mann; thi alt liv er grundet på noget positivt.”

Denne overgangen skjedde for fullt etter sprenglesing på Heltbergs “studentfabrikk” og ein glimrande examen artium 1875. Han fekk fast arbeid som litterær medarbeidar i Aftenbladet, der han på nyåret 1876 drog i gong ein debatt om det som i teori og praksis skulle bli ei av dei store hovudsakene hans: Kva er norsk språk og nasjonalitet? Polemikkane med folk som Ludvig L. Daae, Johan Vibe og Hartvig Lassen verka både teoretisk avklarande og praktisk inspirerande, og 1877 gav Garborg ut verket Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse – to månader etter han hadde starta Fedraheimen. Eit Vikeblad aat det norske Folket. Tidlegare på året blei han òg vald til formann i Det Norske Samlaget. “No er eg komen midt upp i denne praktiske “kamp”, som eg lengje heve ynskja á koma,” skreiv han.

Garborgs entré i den praktiske kampen må forståast både som ledd i hans eigen Kierkegaard-inspirerte, eksistensielle avklåringsprosess og som eit produkt av det moderne gjennombrotet i kulturhistoria med si brytning mellom konservativ ideologi og moderne europeisk positivisme. Lenge hadde Garborg inntatt ein relativt moderat posisjon i høve til f.eks. Georg Brandes, ventande på at kristendommens intellektuelle skulle “komme og greie disse Spørgsmaalene. For de kunde da for Fanden ikke sidde der og være Professorer i Teologi og ikke ha Greie paa den Slags Ting! [...] – Naturligvis kom de ikke. Men – Fritænkerne kom. Brandes, Sars, Renan, Taine, Darwin [...] Jeg strittede imod af al Magt; thi jeg kjæmpede for mit “eneste Livshaab” [...] Jeg stod som paa en gyngende Myr […],” skreiv han i eit sjølvbiografisk brev til Gerhard Gran 1896.

Avgjerande for Garborgs politiske radikalisering og frigjering frå kristendommen var òg Bjørnstjerne Bjørnsons berømte tale “Om at være i Sandhed” oktober 1877, og i tida fram til riksrettsstridane 1883–84 var Garborg saman med Bjørnson ein av kulturlivets mest markante og produktive talsmenn på den radikale venstresida for parlamentarisme og ein uavhengig unionspolitikk. I treårsperioden 1880–83 skreiv han over 400 bidrag til aviser og tidsskrift – alt frå små kommentarar og polemiske innlegg til foredrag, artiklar, essay og større skjønnlitterære forteljingar.

Det teoretiske grunnlaget for dette praktisk-politiske engasjementet – “Politiken, det vil sige den praktiske Filosofi” – hadde Garborg levert med verket Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Det har dialogisk form som 10 “polemiske Sendebreve til Modstræverne” og er si tids mest konsekvente forsøk på å definere nasjon og nasjonalitet på språkfilosofisk grunnlag. Her sette han fram den såkalla to-nasjonslæra om at Noreg ikkje var “sig selv” som ein nasjon, men hadde “Dobbelnationalitet” på grunn av eit misforhold mellom talemålet til folkefleirtalet på den eine sida og det rådande dansk-norske skriftspråket. Dette var både pedagogisk og sosialt uheldig, og det hindra utviklinga av ein autentisk nasjonal kultur og identitet. I tillegg til kravet om samsvar mellom morsmål i tale og fedrelandsspråk i skrift inneheld Garborgs teori fleire eksistensielle kriterium for ein utvikla nasjonalitet: Nasjonen og nasjonaliteten eksisterer berre i den grad han blir skapt av språkbrukarane. Språkbruk og tekstkulturskaping er prosessar som skaffar fram nasjonen gjennom aktiv deltaking i eit større politisk og kulturelt fellesskap. Nasjonen er såleis ikkje ferdig gitt på eit bestemt tidspunkt, men må haldast vedlike av folk flest. Både språk og nasjonalitet kan såleis berre fattast som “ustanseligt pulserende Virksomhed, ved hvilken den netop opretholder sig”. Både desse tankane og Garborgs ironisk-polemiske stil er påverka av Kierkegaard.

Eit viktig aspekt ved Garborgs tenking her og seinare, er det gjensidige forholdet mellom individ og samfunn. Fellesskapet får sin sjølvstendige identitet – blir “sig selv” – gjennom dei individuelle brukarane, samtidig som nasjonen til gjengjeld gir noe tilbake ved å vere det området som kan frigjere individa frå autoritetar, skaffe dei daning gjennom eit kjent språk. Såleis blir “hiin enkelte” i stand til stadig å gjere nye frie val, føresetnaden for det nye demokratiet.

Garborgs eige nynorske folkeopplysningsprosjekt gjennom Fedraheimen blei ikkje straks berre ein publikumssuksess. Ein grunn var radikaliteten i kravet om toleranse, fri kunnskapsutvikling og ytringsfridom i essay som Um tålsemd i tru og meiningar (1878), Censur! (1879), Um å tenkja (1880) og Kva er 'Humanitet'? (1881). Ein annan var fritenkjarstempelet. Den politiske radikaliseringa og fleire skarpe oppgjer med teologiske autoritetar, f.eks. i essayet om Vantroens Væsen, førte til at Fedraheimen mista tingarar, og han måtte overlate bladet til andre frå 1883. Året før hadde han vore ei varm potet til og med for liberale politikarar i Stortinget, som stemde mot reisestipend.

Men samtidig markerte Garborg seg tydeleg både som intellektuell skribent og skjønnlitterær forfattar gjennom fleire eigne utgivingar. Ei framhaldsforteljing med den abonnentskræmande tittelen Ein Fritenkjar frå Fedraheimen 1878–79 kom i bokform 1881 og på nytt i Forteljingar og Sogur (1884). Større foredrag i Studentersamfundet kom som særtrykk: Den religiøse Erkjendelses Princip (1881) og Betegner den moderne naturalisme i poesien et fremskridt eller et forfald? (1882).

Garborgs eigentlege skjønnlitterære gjennombrot kom med den ideologikritiske romanen Bondestudentar 1883. “Den handler om – og søger at piske – den norske Usoliditet og Uselvstendighed m.m., og har bl.a. det bestemte Formaal at ægge Bønderne til Mod og Mandom. Forresten er den i sin Grundtendens statsøkonomisk, og med Hensyn til Stof er den specifik norsk,” skreiv Garborg i brev til Georg Brandes, som på si side kalla romanen for “den dybe, alvorlige Bog om Norges Fattigdom, dens Aarsager, dens Væsen og dens Følger med Hensyn til Karakterernes Forkrøbling og den aandelige Forsumpnings Herredømme”. Romanen er forma som ein ironisk og negativ daningsroman om den blåøygde bondesonen Daniel Braut som får sjansen til å forlate potetåkeren, gå på skolar, studere og bli prest. På vegen mot “åndshimmelen” blir han eit offer for manglande økonomisk evne og status hos bøndene – og eit offer for den tradisjonalistiske forståinga av samfunnet. Den veike Daniel er ikkje i stand til å gjere frie val blant dei meir positive daningsalternativa i boka, representert ved grundtvigianaren Hirsch, liberalaren Storr eller radikalaren Fram (Olaus Fjørtoft). Daniel blir Garborgs fremste døme på korleis bøndene ikkje skulle handle i det moderne nasjonale fellesskapet: “Det er noko av min eigin Framvokster, med Framleggjing av dei Samfunds- og serlegt nasjonale Tilstand som dreiv meg innpaa min Veg; Daniel Braut er, kann eg segja, den nasjonale Stakkarsdomen eg hev funni i Folke og i meg sjølv, og som det daa skulde gjelde um aa vinne yvi” (Dagbok).

Garborgkjennaren Rolv Thesen reknar første halvdel av 1880-åra som Garborgs “gladaste, mest vonfulle stridstid”. Han hadde gjort ei – mellombels – religiøs og ideologisk avklaring i høve til det moderne, han var optimistisk med i ei framgangsrik politisk venstrerørsle, fleire artiklar, essay og bøkene frå 1883 og 1884 blei debatterte i Skandinavia og vekte interesse i Tyskland, og som statsrevisor frå 1883 fekk han betra økonomi. 1885 reiste han til Paris og Tyskland og var saman med Brandes i København. “Jærbuen” var med Thesens ord blitt “europear”.

Eitt av Garborgs store tema i 1880-åra var spørsmålet om vilkåra for kjærleik og samliv. “Ved vor norske kjærlighedsdiskussion er at bemærke, at man ikke er nået så langt som til kjærlighed. Det er usædeligheden, man holder på med. Denne kjærlighedens udartning, som samfundet gjennem sin ægteskabsordning, sin økonomiske ordning og sit opdragelsessystem stadig påny fremkalder og gir næring, opfattes som et fænomen for sig, og vore doctores, barberer og signekjællinger lægger råd op om, hvordan man skal kunne fjerne denne sygdom uden først at fjerne dens årsager,” skreiv han i det sentrale essayet Fri skilsmisse frå 1888. Då hadde han i fleire år kritisert både reinleikskravet i den bjørnsonske hanskemoralen (med novella Ungdom, 1884) og kvinnesaksrørsla for ikkje å vere radikal nok og ikkje setje spørsmålet om det seksuelle skikkeleg på dagsorden. Sjølv la han vekt på at moral, oppseding og samlivsformer konsekvent måtte sjåast i ein økonomisk og sosial samanheng.

Dette grunnsynet spelte Garborg ut i ei rekkje variantar, som i den einaste positive meldinga av Amalie Skrams debutroman i analysen Constance Ring (1885), i den lange, infamt ironiske meldinga av den konservative professor Fredrik Petersens brosjyre “Egteskab, eller fri Kierlighed” (1887) og i større diskusjonsmøte i Studentersamfundet same året.

Skjønnlitterært gav Garborg form og liv til moral- og samlivsdebatten gjennom romanane Mannfolk (1886) og Hjaa ho Mor (1890). Stoffet og konfliktane i Mannfolk er henta frå student- og kunstnarmiljø, men lesaren møter òg “brave” borgarar, tenestejenter, prostituerte, “frigjorte” damer og til og med teologikandidaten Daniel Braut frå Bondestudentar. Dei fleste personane er meir eller mindre sosialt forkrøpla skapnader i klemme mellom sitt eige naturlege driftsliv og ideal på den eine sida og samfunnet sine moralske dommar og økonomiske system på den andre. Framstillingsmåten er naturalistisk og utan moralisering. Men Georg Jonathan står fram som Garborgs talerøyr i mangt han seier og i det frivillige og likeverdige samlivet han prøver setje ut i livet saman med Julie Lindner, og får fort erfare at samfunnet ikkje var modent for “den nye verdi han spådde um, denne underlege verdi då alle skulde arbeide og vera like, so ingen fekk råd til å kaupe den andre, og ingen hadde naud på å selja seg. Og alle skulde ha upplysning, so dei visste at kjærleik høyrde med til live so vel som mat, og at kjærleiken hadde si rette tid i dei åri som no vart burtøydde i sedløyse og sut, av di folk ikkje hadde råd til å gifte seg.”

I Hjaa ho Morskildrar Garborg oppveksten til ei ungjente hos ei skild mor. Fanny Holmsen er i utgangspunktet eit leikelystent naturbarn, men samfunnsmoral, økonomi og oppseding øydelegg gradvis kjærleiksevna og spirande voner, bl.a. fordi ho ikkje kan få arbeid med god nok løn til å sørgje for seg sjølv. Samfunnet sitt “korsett” snører seg om henne, “på sjæli som på kroppen”. Denne boka skreiv Garborg i nært samarbeid med Hulda Bergersen, som han gifta seg med desember 1887.

Debatten og litteraturen om samfunnsinstitusjonar, fattigdom og seksualmoral innebar òg ei utprøving av grensene for ytringsfridomen i det nye parlamentariske demokratiet. Frå Paris skreiv Garborg forsvar for Hans Jæger i samband med beslaglegginga av Fra Kristiania-Bohêmen (1885). Og då også Christian Krohgs Albertine blei forboden 1886, troppa Garborg opp i regjeringa og kravde det same for Mannfolk. Viss ikkje, var han redd for at boka ville bli oppfatta som mindre farleg. Han fekk ikkje viljen sin, men reaksjonane på boka førde til at Stortinget tok hovudinntekta frå Garborg ved ikkje å gjenvelje han som statsrevisor 1887. “Ja mi sæl vart eg avsett frå Statsrevisjonen. Og det var ikkje Christian Friele som gjorde det, men mine eigne stortingsbøndar – med sine prestar. Ja, ja. Det er den nye fridomen, ser du. Fridomsmennane styrer; kva skal me med fridom då? […] No, då eg trudde at eg minst måtte vera likso fri som fyrr til å tenkja og tala, sét dei meg på dør for di eg hev livt etter paragraf 100,” skreiv Garborg i eit desillusjonert brev til Fedraheimen frå Kolbotnen i Tynset, som han hadde kjøpt 1885, og der det nygifte ekteparet busette seg fast 1887 og budde til 1896, med avbrot av større reiser og utanlandsopphald.

I Tyskland og Frankrike blei Garborg påverka av anarkismen og sosialismens fridomsidear. Frå Paris skræmde han landsmenn og byfolk med Anarkistsong til Fedraheimen (1886). Heimkomen publiserte han Politistyre og personlig Frihed, der han nærast kritiserte landet for å vere politistyrt og ligge “ope for fridomsfiendsleg innverknad frå to kantar – frå kontor- og politistaten Tyskland og frå det puritanske England” (Thesen). Venstres erobring av politisk makt frå tidlegare i 1880-åra var blitt avløyst av splitting, reaksjon og politisk handel, meinte han, og ikkje nytta til vidare individuell daning og sosial frigjering for folket.

Det mest representative uttrykket for Garborgs samfunns- og kultursyn på denne tida er artiklane om Bondekultur og åndsfridom (1886). Her er det “europearen” Garborg som går kraftig til angrep på dei konservative og moderate si lansering av “bondekultur” som eit nasjonalt og konservativt honnørord – ei motvekt mot uttrykket “europear” – som hadde vore den stigmatiserande samlenemninga på det moderne heilt sidan slutten av 1870-åra. For den nasjonale “europearen” Garborg blir talen om “bondekultur” ei innsnevring av eit allment kulturomgrep. Å lansere forestillinga om ein slik “standskultur” er isolerande frå større frie felleskap. Til og med forestillinga om at ein allmenn kultur skal vere “bygd på heimleg grunn”, går Garborg kraftig imot: språket er nasjonalt og ein føresetnad for kultur, men kulturen er grenselaus: “Nei, ein kann ikkje byggja kulturen på den og den grunn. Kulturen er det menneskelege åndsliv; dets vekst gjenom verdi med sjølve soga […] Å laga ein serskilt nordmannskultur vilde ikkje vera å gjera oss meir norske, det vilde vera å gjera oss meir dumme, og me vilde mindre og mindre kunna vera med i det store kappstræv millom nasjonarne.” Essayet om “bondekultur” er òg eit godt døme på korleis Garborg ser individuell og nasjonal identitetsdaning som ein gjensidig, kulturell daningsprosess: “Liksom ein mann, just gjennom arbeidet med å koma inn i den ålmenne daning, utviklar seg sjølv og vert seg sjølv, so han sidan kann arbeida med i livet på sin måte, – like eins er det med eit folk: gjenom arbeidet med å eigna til seg det ålmenne åndsliv utviklar det seg sjølv og vert sjølvstendigt. Og når det hev vunnet ei sjølvstendig utvikling, so det kann vera med å arbeida i verdi på sin måte, so segjer me, at det hev ein “nasjonal kultur”.”

1888 debuterte Garborg som dramatikar med Uforsonlige. Det er det mest direkte politiske verket han skapte, ein samtidskommentar til korridorpolitikk og maktspel innan Venstre-koalisjonen før splittinga. Stykkjet har klare modellar som Johan og Jacob Sverdrup, statsråd H. R. Astrup og ei rekkje andre politikarar og bladfolk i Kristiania. Garborg var svært desillusjonert då han skreiv dramaet i Kolbotnen etter å ha mista jobben i Riksrevisjonen. Hans tidlegare nære alliansepartnar Johan Sverdrup vart sett på som “Foræder” i hendene på “den klerikale Reaktion” som hadde vist andlet bl.a. i Kiellandsaka. Uforsonlige er aldri blitt vist på norsk scene, men skal ha vore sett opp i Berlin, “hvor det gjorde lykke og vakte stor opsigt” (Lie, Dale).

Berlin var elles den staden i utlandet Garborg lykkast best, først og fremst gjennom det intellektuelle miljøet rundt teaterscenen og tidsskriftet Freie Bühne der han var medarbeidar, og som prenta mange essay om og av Garborg. Dei tyske utgåvene av Bondestudentar og Mannfolk (i Budapest) og Hjaa ho Mor (i Berlin) skaffa han såleis internasjonalt ei litterær anerkjenning og ei økonomisk støtte han ikkje fekk i Noreg. I 1890 fekk han eit stipend på nesten to tusen mark frå Freie Bühne.

Om Garborg utover i 1880-åra var vonbroten både over den norske innanrikspolitikken og unionspolitikken med Sverige, framkalla likevel denne stridstida dei beste evnene i han, både som litterat, filosof og politisk kommentator. Med 1890-åra gjekk han inn i sin viktigaste diktariske periode: I tillegg til Hjaa ho Mor både på norsk og dansk kom Kolbotnbrev og andre Skildringar i bokform 1890. Då publiserte han òg to av sine mest berømte essay, Hanna Winsnes's kogebog og Den idealistiske Reaktion. Begge tematiserer på svært ulike vis spenningar og overgangar i tidas åndsliv. “Hanna Winsnes's kogebog” har form som ei sanseleg bokmelding, men er ein humoristisk-ironisk kritikk av all slags harmoni- og forsoningsideologi både i klassesamfunnet og i den samtidige litterære debatten mellom naturalisme og nyromantikk – eller “Ny-idealisme” som Garborg kallar det i “Den idealistiske Reaktion” – eit viktig kunstfilosofisk essay som viser kor grundig og sjølvstendig forfattaren arbeidde med estetisk teori. Det er òg viktig for forståinga av sambandet mellom 1880- og 1890-årsdiktinga til Garborg og kor fåfengt det er å operere med moteretningsmerkelappar på kunstverka hans. “Man disputerer ikke med en smagsretning; den er en kjendsgjerning og ingen teori. Den former sine teorier, når den allerede er der […] Lad os i Guds navn få ny-idealismen! – sin berettigelse må den som andre smagsretninger godtgjøre ved at frembringe god kunst. En ting er vis: det vil mærkes på ny-idealismen, at den har havt naturalismen til forgjænger.”

Eit slikt overgangsverk er Kolbotnbrev og dei tre reiseskildringane frå Tyskland og Frankrike som kom i same bokform. Her finst framleis den skarpe sosiale kritikken frå åttiåra, men den impresjonistiske stilen er sterkt fornya, og emne og problemstillingar meir varierte, noe som peikar fram mot nye tema i komande diktverk. Først kom Trætte Mænd (1891), som straks blei ein populær salssuksess for forfattaren og for Aschehoug som då blei Garborgs hovudforlag. Verket er ein dagbokroman som tematiserer dei dekadente og idealistiske straumdraga i tida, filtrert gjennom sinnet til den urolege, urbane Gabriel Gram. Han klarer aldri realisere sine kjærleiksprosjekt eller bestemme seg i ideologiske spørsmål og endar i ein slags katolsk mystisisme. Romanen er humoristisk og tragisk på same tid, og full av ironiske refleksjonar og aforismeliknande kommentarar. Trætte Mænd skulle vere eit harselerande oppgjer med det “religiøs-romantiske Atterslage”, men eg-forma gjorde at teksten òg blei oppfatta som ei omvendingsbok frå den naturalistiske fritenkjaren. Denne mangelen på utvetydig distanse til hovudperson og tematikk er med på å gjere verket ekstra spenningsfylt og eit av dei beste om individ og modernitet i norsk litteratur.

Garborgs neste hovudverk kom med Fred (1892) og Haugtussa (1895). ““Fred” er min naturalistiske Jær-Roman, ikkje lite rik, og heilt sann; der er ikkje noko eg kunde vilja brigde […] kvar line synest meg innhaldsfyllt […] Jamsides den stend “Haugtussa”, som er mitt Jærbu-dikt. Desse tvo bøkane saman er heimen min og eg, heimen min set med mine augo, og eg sjølv stigande fram gjenom denne skildringi,” skreiv forfattaren i eit tilbakeblikk i Dagbok 9. mars 1907. Det er vanleg og naturleg å lese Fred sjølvbiografisk. Liksom bonden Enok Hove i boka enda far til Arne Garborg strevet etter jordisk og himmelsk fred med sjølvmord. Og liksom odelsguten Gunnar sa Arne frå seg garden og reiste bort i frustrasjon over oppvekst- og oppsedingsvilkåra heime. Likevel blir forteljinga om Hove-heimen noe meir enn bidrag til ein personleg Garborg-biografi: Fred er som kunstverk både ei personleg familieskildring, ei skildring av det norske bondesamfunnet i omlegging – og ein allmenn djuptborande religionspsykologisk og -sosiologisk studie – på høgd med det beste i europeisk litteratur.

1895 kom eit slags motstykkje til Fred, den episk-lyriske diktsyklusen Haugtussa. Med den ville Garborg gi eit positivt “Bilæte fraa det eldre og meir egte jærske Bondelive”. Gjennom ei folkeleg diktform og bruk av tradisjonsstoff tematiserer han individuelle konfliktar, samtidig som verket er sterkt samfunnskritisk, “poetisk trolldom for trælar” (Linneberg). Dikta kan lesast både som frittståande tekstar og som forteljinga om Veslemøy. Haugtussa har fått ein eineståande posisjon i Garborgs produksjon. “Ingen stad merkar ein så sterkt som i Haugtussa den livsglede og livselsk som – trass alt – budde i Garborg” (Thesen). 1901 kom I Helheim (Haugtussa II) etter mønster frå mellomalderleg visjonsdikting. Dette verket er ledd i ein freistnad på “å nå fram til eit livssyn, som utan teologi og trongsyn kunde vinne fram til det heile og sterke og friske i folketrui, det som ein måtte byggje på, um ein skulde kunna vente ei norsk framtid” (Dagbok).

Garborgs høge produktivitet i 1890-åra er ikkje berre skjønnlitterær. Mellom Fred og Haugtussa publiserte han 1893 Fra det mørke Fastland. Reiseindtryk fra Stavanger og Jæderen; ei samling bitande ironiske og til dels sarkastiske artiklar som hadde stått i Verdens Gang. Same året kom Jonas Lie. En Udviklingshistorie, ein stor biografi over den forfattarkollegaen Garborg kanskje sette høgast. Og saman med ein annan venn, Ivar Mortensson-Egnund, gav han ut Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok for høgre skular. I dei store debattane som følgje av framgangen til landsmålet i 1890-åra, bidrog han med hovudinnlegg som brosjyren Vor sprogudvikling. En redegjørelse og fleire artiklar mot Bjørnson etter hans berømte riksmålstale om Maalsagens Stilling i vort Kulturliv hausten 1899. Konfrontasjonane med Bjørnson hadde hatt eit forspel alt 1888, med pamfletten Norsk eller Dansk-norsk?.

Frå 1894 var Garborg medredaktør i Syn og Segn. Dette året starta han òg nynorskavisa Den 17de Mai. Norskt folkeblad saman med Rasmus Steinsvik, ein annan tidlegare Fedraheimen-redaktør. Garborg var politisk redaktør i den nye avisa – som resten av livet skulle bli det viktigaste forumet for debattanten og artikkelskribenten Garborg. Berre i startåret publiserte han nærare 150 artiklar og innlegg, svært mange av dei om unionspolitiske spørsmål.

Garborg spelte ei stor nasjonal rolle som formidlar av dei nyaste tankar frå Europa, spesielt innan politikk, kultur og kunst, religion og filosofi. Eksempel på dette er dei to essaya frå 1895, Troen paa livet og Friedrich Nietzsche – begge er også nøkkeltekstar til forståinga av Garborgs ideologiske utvikling i 1890-åra. “Troen paa livet” “tonar ut i eit slags religiøs eksistensialisme” og er “eit retorisk meisterverk og høyrer til den beste dansk-norske prosadiktinga frå førre hundreåret” (Hellesnes). Ein kan òg seie at han nærmar seg ei positiv “fenomenologisk” livsoppfatning som ikkje lar seg logisk begrunne: “Livet står der. Aldeles umotiveret, fuldkommen fornuftstridigt; et blot og bart postulat […] Et postulat så overlegent, at det forsmår at begrunde sig; så suverænt, at selv når vi fornægter det, er vi dets love eller luner undergivne med hver fiber af vort væsen.”

Overfor Nietzsche var Garborg ambivalent. Han kunne ikkje slutte seg til den negative samfunnsmoralen til filosofen, “når han tenkjer på samfundet, er han, som ein kan vita, svært reaktionær”. Men Garborg var fascinert av den konsekvente kritiske tenkinga hans, og han kjende seg på mange måtar igjen i alle spenningane i Nietzsche mellom logikk og mystikk, tenking og drøyming, livsnyting og askese. Eit anna viktig fenomen Garborg merkte seg, var spenninga mellom det objektive og det subjektive. Nietzsches livsverk viser korleis all skrift og alle tankebyggverk i siste omgang er subjektive “dei er i grunnen berre uviljande, dulde sjølvskildringar, sjølvforklåringar, og tilståingar […] Menneskjet kan med si sannkjenning strekkja seg aldri so vidt, synast seg sjølv aldri so objektivt: til sist fær det ikkje anna ut av det en sin eigen biografi,” skreiv Garborg om Nietzsche – på den tida han sjølv for alvor begynte å prøve ut biografisk stoff i diktinga.

Ambivalensen og spenningane i Garborg viser seg òg i to store essay om Lev Tolstoj, som han las samtidig med Nietzsche-studiane. “To giganter – Kristus og Antikristen, slaven og herren, Asien og Europa, man kan næsten svimle. Tolstoy er den gudhengivne sektstifter, Nietzsche den oprørske anarkist; – anarkismen er fremtiden,” skreiv han i eit brev til Jonas Lie 18. april 1890. Først presenterte han Tolstoj gjennom eit kritisk-ironisk essay om etterordet til romanen Kreutzersonaten, Tolstoy og kyskhedsproblemet (på norsk og tysk 1890). Men i essayet Leo Tolstoi's kristendom seks år seinare er kritikken utvikla til djup respekt for det sosial-etiske innhaldet i Tolstojs liv og lære. Då skreiv Garborg dramaet Læraren. Mange har meint at Garborg var påverka av Tolstoj då han forma hovudpersonen, bonden Paulus Hove som tok Jesus på ordet og selde alt og gav det til dei fattige. Med Paulus ville Garborg skape eit positivt alternativ til destruktive krefter han hadde skrive om i Fred. Men Paulus blir ein farleg mann som må arresterast, ikkje så mykje fordi han bryt med den tradisjonelle kristendommens synd- og angerlære, men fordi han blir eit trugsmål mot makttilhøva ved sin antikapitalistiske kritikk og forkynning av ein solidarisk gjerningskristendom. Garborg ville vise at “en sand kristen vilde i det kristelige samfund bli endnu verre uglesét end en fritænker” (brev til Jonas Lie).

I Den burtkomne Faderen (1899) og Heimkomin Son (1908) utvikla Garborg tankane sine frå Læraren om ein positiv etisk og jordisk kristendom fri for dommedagsangst. Denne kristendomsforståinga gjorde han fagleg greie for i Jesus Messias (1906), eit oppgjer med rådande teologi som hadde gjort kyrkja til “eit Rike av denne Verdi, og sidan til Tenar for Rike av denne Verdi”. Den burtkomne Faderen er ei slags dagbok i bibelsk vismannsstil med eksistensielle refleksjonar og dialogar mellom Gunnar og Paulus (nå Paal!) Hove. Heimkomin Son er tydlegare påverka av den eldre Garborgs samfunnssyn, som han systematisk har gjort greie for i pamflettane Partistyre og folkestyre (1912) og Vaknande spursmål (1915). Ein hovudtanke er at krig og sosiale misforhold ikkje kjem av “naturmakter”, men er “samfunds-sjukdomar som treng social lækjedom”. Garborgs løysingsforslag er folkestyreformer som er meir direkte enn det parlamentariske partidemokratiet. Partistrid er “borgarkrig i borgarlege former”. Alternativa fann han i dansken Johan Pedersens sjølvstyretankar. I desse, og i amerikanaren Henry Georges lære om jorda som grunnlag for samfunnsøkonomien, fann antikapitalisten og “bondekultur”-kritikaren frå 1880-åra eit samfunnssyn som høvde godt til hans eigne nye positive tankar om bonden. I Noreg gav den georgistiske rørsla ut tidsskriftet Retfærd, der Garborg var medredaktør i fleire år.

Sjølv om Garborg ikkje produserte så mykje dikting i vanleg meining etter 1900, var han i høgste grad ein aktiv kulturarbeidar og publisist heilt til han døydde 1924. I tillegg til dei nemnde skriftene omsette og gjendikta han fleire verk frå verdslitteraturen. Han var medhjelpar ved A. M. Steenbuch Arctanders omsetjing av Faust og stod sjølv for gjendiktinga av Homers Odyssevskvædet 1918, Rama-kvædet, eit gamalindisk dikt, 1922, og fleire Holberg- og Shakespeare-drama.

Det fyldigaste innsynet i Garborgs tankar og verksemd etter 1900 får ein gjennom Dagbok I-VI (ved Hulda Garborg 1924–1927), eit slags framhald av Knudaheibrev.

I tråd med ei biografisk forståing blir det gjerne lese eit skuldkjenslemotiv inn i Fred og seinare verk. Garborgs gjennomførte bruk av miljø og motiv frå Jæren blir tolka som uttrykk for at han nå “vende heim” og ville “skrive seg fri”. Dette blir forsterka ved tematiseringa av religiøse problemstillingar og bibelsk vismannsstil og titlar som Den burtkomne Faderen og Heimkomin Son på seinare bøker om Hove-ætta. Og i det store sjølvbiografiske verket Knudaheibrev utdjupar han barndoms- og ungdomstida, og set heile sitt vaksne liv inn i ein kulturkritisk samanheng.

Ei psykologisk motivert vending i liv og forfattarskap i 1890-åra skal derfor ikkje underkjennast. Men meir fruktbart er det å sjå Garborgs “Jærdikting” og sterke bruk av sjølvbiografisk stoff som ei logisk og konsekvent vidareføring av det moderne identitetsdaningsprosjektet han starta alt då han valde eit skriftliv framfor jordarbeid. Dette var starten på ei livslangs “identitetskrise” som han freista finne ut av, og som han utnytta konstruktivt, nettopp i og med skriftproduksjonen: han skapte seg “identitet” og “personlegdom” gjennom språk og skrifttekstar – og ved å bli intellektuell førar for “Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse”.

Når Garborg i denne samanhengen brukte mykje eg-form og sjølvbiografisk stoff, var det oftast som lekk i ein diktarisk strategi der han gjorde seg sjølv og si identitetssøking til eit bilete på nasjonens identitetskrise og -daning – og dermed samtidig freista å gi både seg sjølv og nasjonen eit autentisk liv. Dette legg han opp til i det lange sjølvbiografiske brevet til Gerhard Gran 1896, og heile Knudaheibrev er litterært komponert som to samanfletta identitetskrisehistorier – ei personleg om “Aadne 'ans Eivind” og ei kollektiv med det stillfarande, arbeidande folket som hovudperson – alt bygd inn i ein refleksjon over årsaker og framtidsløysingar – ikkje over skuld og soning.

1897 busette Hulda og Arne Garborg seg på Labråten i den såkalla Kunstnerdalen på Hvalstad i Asker. Samtidig fekk Arne bygd seg ein sommarbustad, Knudaheio, i Time, ikkje langt frå barndomsheimen. Labråten blei utgangspunktet for kulturinnsatsen til ekteparet resten av livet. Begge er gravlagde på Knudaheio. Både Labråten, Knudaheio og Garborgheimen er i dag opne for publikum.

T. M. Andersens bibliografi over Garborgs publiserte produksjon har registrert 2244 titlar. Både kvantitativt og kvalitativt sett er dei fleste tekstane med på å gjere forfattaren, essayisten og bladmannen Arne Garborg til ein av dei viktigaste bidragsytarane til moderne norsk skrivekunst – både den “dansk-norske” og nynorske.

  • Bibliografi i NFL, bd. 2, 1888, s. 359–363, i A. Aure: Nynorsk boklista, bd. 1–3, 1916–26, og i T. M. Andersen: Garborg-litteratur 1866–1942, 1945 (først i Norsk bibliografisk bibliotek, bd. 3, hf. 5, 1943–45, s. 193–321)

    Samleverk

  • Skriftir i Samling, fleire utg. (7 bd., 1908–09; “jubileumsutgåva”, 7 bd., 1921, 8 bd., 1944 og 1951)
  • Dagbok 1905–1923, 6 bd., red. Hulda Garborg, 1924–27
  • Mogning og manndom (red. av J. Dale og R. Thesen), 2 bd., 1954
  • Verk, 12 bd. (med to bd. artiklar og essay og eitt bd. brev), 1980
  • Fjellbrev, eit redigert utval av Garborgs brev frå Kolbotnen til Den 17de Mai i åra 1894–95 (red. av A. D. Østigaard), 1985
  • Skrifter i samling, 12 bd., 2001

    Skjønnlitterære verk (eit utval)

  • Smaa-stubber af Alf Buestreng, 1873
  • Norsk fedralandssong ('Gud signe Norigs Land'), i Fedraheimen 15.5.1878
  • Ein Fritenkjar. Forteljing, 1881 (som føljetong i Fedraheimen 1878–79)
  • Bondestudentar, 1883 (første delen som føljetong i Fedraheimen 1882)
  • Forteljingar og Sogur, 1884 (bl.a. Hemn, Av laak Ætt, Ein Fritenkjar. Ei Forteljing or Samtidi og Seld til den Vonde, først trykt i Fedraheimen1878–79)
  • Mannfolk, 1886
  • Uforsonlige. Skuespil i fire akter, 1888
  • Kolbotnbrev og andre Skildringar, 1890
  • Hjaa ho Mor, 1890 (samtidig på norsk i Bergen, dansk i København og 1891 på tysk i Berlin)
  • Trætte Mænd, 1891
  • Fred. Forteljing, 1892
  • Haugtussa, 1895
  • Læraren. Eit Spé1 i fem Vendingar, 1896
  • Den burtkomne Faderen, 1899
  • I Helheim, 1901
  • Fjell-luft og andre smaastykke, 1903
  • Knudahei-brev, 1904
  • Heimkomin Son, 1908

    Artiklar, essay, foredrag og andre publikasjonar (eit utval)

  • Henrik Ibsen's “Keiser og Galilæer”. En kritisk Studie af G., 1873
  • Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne, 1877
  • Um tålsemd i tru og meiningar, i Fedraheimen 1.7., 17.7. og 20.7.1878
  • Censur!, i Fedraheimen 1.11., 5.11., 6.12., 20.12. og 27.12.1879
  • Um å tenkja, ibid. 18.9.1880
  • Kva er “Humanitet”?, ibid. 12.2.1881
  • Vor nationale Skam, i VG 24.2, 1.3., 3.3. og 8.3.1881
  • Vantroens Væsen, i Nyt tidsskrift 1883, s.426–448
  • Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular (sm.m. I. Mortensson-Egnund), 1885
  • [Amalie Skram's] Constance Ring, i Nyt tidsskrift 1885, s. 377–391
  • “Bondekultur” [og Aandsfridom], i Fedraheimen 5.6. og 28.7.1886
  • Ægteskab istedetfor prostitution. Anmeldelse af professor Petersens brocheure "Egteskab eller fri kjerlighed", i Nyt tidsskrift 1887, s.538–573
  • Norsk eller Dansk-norsk? Svar til Bjørnson fra Arne Garborg. Med et Anhang, Bergen 1888
  • Fri Skilsmisse. Indlæg i Diskussionen om Kjærlighed, Bergen 1888
  • Fri Forhandling. Ymse stykkje (paa norsk og dansk) um Tru og Tanke, Bergen 1889
  • Hanna Winsnes's kogebog, i Samtiden 1890, s. 215–223
  • Den idealistiske Reaktion – Ny-idealismen, i Dagbl. 22.6., 25.6., 2.7., 6.7. og 7.7.1890
  • Fra det mørke Fastland. Reiseindtryk fra Stavanger og Jæderen, 1893
  • Jonas Lie. En Udviklingshistorie, 1893
  • Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular (sm.m. I. Mortensson-Egnund), Bergen 1893
  • Norges Selvstændighedskamp fra 1814 til nu. En Oversigt, Fagerstrand 1894
  • Vor Sprogudvikling. En Redegjørelse. Med et Tillæg, 1897
  • Ivar Aasen, Norske folkeskrifter 2, 1902
  • Jesus Messias, 1906
  • Den burtkomne Messias. Innlegg i Ordskifte um Trui, 1907
  • Leo Tolstoi, Norske Folkeskrifter 56, 1911 (først trykt i SogS 1911, s. 145–165)
  • Partistyre og folkestyre, København 1912
  • Vaknande spursmaal, 1915
  • Politik. Blad-Innlegg fraa 1870-Aari til Riksretten (Garborgs eige utval av politiske og litterære avisartiklar frå 1871 til desember 1882), 1919
  • Straumdrag. Litterære utgreiingar fraa aatti- og nitti-aari, 1920

    Omsetjingar og gjendiktingar

  • O. Hansson: Friedrich Nietzsche hans Personlighed og hans System, 1890
  • E. Givskov: Eit 4000-aars rike, Norske folkeskrifter 27, 1905
  • Homer: Odyssevskvædet, 1918
  • Srî Ananda Acharya: Snøfuglar, 1919
  • L. Holberg: Jeppe paa Berget eller Bbonden som vart Baron, 1921
  • Rama-kvædet. Eit gamalindisk dikt, 1922
  • L. Holberg: Den politiske kannestøyparen, 1922
  • H. A. Bjerregaard: Fjelleventyret. Songspel i tvo vendingar, 1925
  • L. Holberg: Erasmus Montanus eller Rasmus Berg, 1929

    Brev

  • S. Garborg Talle: Kjære bror!, 2001, inneheld ei stor samling av Garborgs brev til familien.
  • SogS 1911 (særnr. til 60-årsdagen jan. 1911)
  • T. Mauland: “Arne Garborg. Ætti og ungdomstidi”, ibid., s. 1–22
  • E. Lie: Arne Garborg. En livsskildring. Med Billeder og Breve, 1914
  • V. Erichsen Lynner: “Søren Kirkegaards betydning for norsk aandsliv”, i Edda 1923, s. 372–385
  • I. Mortensson-Egnund: Arne Garborg. Ein fyretalsmann,2. utg. 1924
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • R. Thesen: Arne Garborg, 3 bd., 1933–39
  • Å. Åmlid: Arne Garborg, svein og meister. Ei historisk-genetisk innleiding til gjenombrotsdiktinga hans, 1938
  • T. M. Andersen: Garborg-litteratur 1866–1942, 1945
  • J. A. Dale: Studiar i Arne Garborgs språk og stil, 1950
  • d.s.: “Garborg i Tyskland”, i Garborg-studiar, 1969
  • G. Bø: Garborg og Tolstoj. Sammenheng eller sammentreff? En komparativ analyse, 1973
  • d.s.: Søkelys på Arne Garborgs bøker om Hove-ætta, 1978
  • J. Hellesnes: “Arne Garborg – diktar-filosofen som kvarv i skuggen av “åndshovdingen””, i Forfatternes litteraturhistorie, bd. 1, 1980
  • A. Linneberg: “Poetisk trolldom for trælar”, i S. Time og E. Lejon (red): Aadne Garborg, 1981
  • S. Time: Arne Garborg om seg sjølv, 1988
  • G. Mork: Den reflekterte latteren. På spor etter Arne Garborgs ironi, dr.avh. UiO, 1989
  • T. Obrestad: Arne Garborg. Ein biografi, 1991
  • J. Nerbøvik: “Kven eig jorda? Arne Garborgs tankar om jordbruk og økologi”, i SogS nr. 4/1994
  • S. Time: “Språk og nasjonalitet hos Arne Garborg”, i M. H. Frøyen og S. Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme. To studiar, KULTs skriftserie nr. 61, 1996
  • S. Reime: “Helten i Fred. Eivind Aadnesen Garborg”, i SogS nr. 2/1999
  • J. Nerbøvik: “Samfunnssyn og politikk hjå den eldre Arne Garborg”, i J. Nerbøvik: Nasjonsbygging og modernisering. Tema med variasjonar, Volda 2000

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (portrett i Paris-interiør) av Kitty Kielland, 1887; NG
  • Måleri av Eilif Peterssen, 1894; NG
  • Gammelstua på Kolbotn, dobbeltportrett (Arne og Hulda Garborg) av Harriet Backer, 1896; NG
  • Portrettbyste av Gustav Vigeland, 1903; NG
  • Portrettbyste av Jo Visdal, 1904; UBO
  • Dobbeltportrett (Arne og Hulda Garborg) av Otto Valstad, 1905; Asker Museum
  • Måleri av Olav Rusti, 1912–14; H. Aschehoug & Co., Oslo
  • Karikaturteikning av Olaf Gulbransson, 1923
  • Portrettbyste av Gunnar Janson, 1949; i nisje ved hovedinngangen til Deichmanske bibliotek, Oslo

    Fotografiske portrett

  • Arne Garborg i Knudaheio, fotografi av K. K. Kleppe, 1909, òg som postkort