Bård Guttormsson På Rein

Birkebeinhøvding og lendmann. Foreldre: Lendmann Guttorm Åsolvsson og Sigrid Torkjellsdotter. Gift 1) med Ulvhild Pålsdotter, dotter til biskop Pål i Bergen; 2) ca. 1184 med Cecilia Sigurdsdotter (ca. 1150/55–etter 1185); 3) Ragnfrid (el. Ragndid) Erlingsdotter frå Kvie i Valdres. Far til kong Inge 2 Bårdsson (død 1217) og hertug Skule Bårdsson (død 1240); farfar til Margareta Skulesdotter (ca. 1210–1270).

Bård Guttormsson var lendmann hos kong Sverre Sigurdsson, og deltok i fleire store slag saman med kongen fram til han vart såra og døydde 1194. Bårds etterkomarar førte vidare hans nære kontakt med birkebeinane og Sverreætta.

Bård tilhørte ei rik lendmannsætt på Rein i Rissa, i tredje generasjon etter ættefaren Skule Kongsfostre. Faren var ein av dei leiande i krinsen kring kongane Sigurd Haraldsson Munn og Håkon Herdebrei, og dermed i opposisjon til grupperinga kring kong Inge Krokrygg. Den trøndske motstanden mot det viksk-vestlandske lendmannskongedømet, representert ved jarlen Erling Skakke og sonen kong Magnus Erlingsson, gjekk derfor nærast i arv til Bård, sjølv om han også var i nær slekt med kong Magnus.

Erling Skakkes harde framferd mot trønderbygdene først på 1160-talet, og særskilt det makabre drapet på Bårds svoger Fredrik Køna, skjerpa dette motsetningsforholdet kraftig. Det er likevel først etter kong Sverres avgjerande siger på Kalvskinnet 1179 (da Erling Skakke fall) at Bård blir synleg i den indre krinsen kring kongen. Han vart no (før 1181) kongens lendmann, og Reinsætta var såleis ei av dei få gamle lendmannsættene som aktivt slutta opp om Sverres kamp for kongedømet. Den lengre og birkebeinvennlege versjonen av Bǫglunga sǫgur (Soga om birkebeinar og baglar) skildrar da også Bård som ein nær venn av kong Sverre, noko som blir ytterlegare understreka ved at han kring 1184 gifte seg med kongens halvsøster Cecilia.

Med lendmanns rang deltok Bård i det store slaget mellom kongane Magnus og Sverre ved Nordnes i Bergen våren 1181, der Magnus vart jaga på flukt. Men Sverres sagas skildring av striden legg slett ingen glorie kring Bårds innsats. Vurdert som “krigsdagbok” formidlar soga gjennomgåande eit lite flatterande bilde av Bårds militære eigenskapar: sein i snuen, lite angrepsvillig og snar til å leggje på flukt. Sagaberetninga om heklung-angrepet på birkebeinane ved Nidaros hausten 1181, og den fornya striden i februar 1182, er karakteristisk for denne tendensen. Jaga sørover av heklungane møtte Bård og hans soldatar kong Sverre og kongsmennene på Hjerkinn. Her vart dei gjort til spott og spe av sine eigne våpenbrør, og jamvel lendmannen Bård vart nekta å ri til hest på ferda attende til Nidaros. Skalden Bjarne Kalvsson dikta ei spottevise om dette fornedrande opptrinnet, og da birkebeinane under kong Sverres leiing vann Nidaros tilbake, nemner ikkje soga Bårds innsats med eitt einaste ord.

Betre lykke hadde Bård våren 1183, da han saman med Ivar Silke leia ein ekspedisjon til Nord-Noreg mot lendmannen Erling Vidkunnsson i Bjarkøy. Erling vart tatt av dage ved Engeløya i Steigen. Våren 1184 var Bård med i den straffeekspedisjonen som svidde av Lusakaupang i Sogn. Truleg var han også med i det avgjerande slaget mellom kongane Magnus og Sverre ved Fimreite i juni 1184, utan at Sverres saga nemner han særskilt. Siste gong vi møter Bård på ein militær arena, er i kamp med øyskjeggane i slaget i Florvåg våren 1194. Her vart han hardt såra, og døydde stutt tid etter i Bergen.

Den lengre versjonen av Bǫglunga sǫgur, som gir brei plass til skildringa av Bårds etterkomarar, karakteriserer Bård som svært rik, vakker, spaklyndt og ein stille natur. Seinare historieskriving har vore særleg opptatt av Reinsættas tette tilknytning til kongemaktas utvikling i Noreg, like frå Skule Kongsfostre i Olav Kyrres regjeringstid. Bårds søner Inge (birkebeinkonge 1204–17) og Skule (tok kongsnamn 1239) formidlar på mange vis overgangen til det sterke rikskongedømet under Håkon Håkonsson. Det er derfor ikkje tilfeldig når det ved kong Håkons side kom ei kvinne frå dynastiet på Rein, Bård Guttormssons barnebarn, dronning Margareta Skulesdotter. Av dei andre barna til Bård var dottera frå første giftet, fru Sigrid Bårdsdotter, gift med Jon på Austrått på Ørlandet. Ho blei kring 1240 den første abbedissa i Reins kloster. Dottera Ingebjørg (frå tredje giftet) var gift med Alv på Tornberg på Ringerike, og blei stammor til Tornbergætta (sjå Alv Erlingsson).

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Sverris saga, utg. av G. Indrebø, 1920
  • Soga om birkebeinar og baglar, utg. av H. Magerøy, 1988
  • NFH, del 3, 1857
  • L. Daae: “Om Reins-Ættens sidste, fyrstelige Medlemmer”, i HT, rk. 3, bd. 4, 1898, s. 198–239
  • A. Bugge: Tidsrummet 1103–1319, bd. 2:2 i NHfNF, 1916
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • A. Dybdahl: Bygdebok for Rissa, bd. 1, Steinkjer 1990
  • B. Opheim: “Med stønad frå frendar og vener”. Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, utr. h.oppg. i historie, UiB, 1996

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.