Faktaboks

Vetle Vislie
Fødd
21. september 1858, Skafså i Tokke, Telemark
Død
7. februar 1933, Oslo
Verke
Forfattar og skulemann
Familie
Foreldre: Gardbrukar Gjermund Vetleson Vislie (1825–1903) og Anne Larsdotter Mandt (1818–1904). Gift 1) 17.3.1894 med lærar Gerda Marie Annerlöv (31.10.1869–31.12.1898), dotter til skreddar Johannes Annerlöv (f. 1840) og Gustava Engelbrektsdotter (f. 1847); 2) 4.8.1900 med Gunhild Helene Bergve (19.4.1876–19.2.1935), dotter til kommandørsersjant Knut Tormodsson Borgejordet (Bergve) (1832–99) og Signe Halvorsdotter Moghus (1843–1931).

Vetle Vislie var som forfattar merkt av at han kom frå eit bygdemiljø i Telemark, men blei ikkje som mange samtidige nokon typisk heimstaddiktar. Hans journalistiske byrjing på skrivekarrieren var samfunnskritisk, særleg mot pietismen, og dette tok han med seg inn i diktinga.

På morssida var Vislie av same ætta som Gunnar Utsond, Anne Grimdalen, Dyre og Aslaug Vaa, som alle var etterkomarar etter den tyske sylvsmeden Michel Mandt (fødd 1692). Som barn vart han skremd av domedagspreiker, og som ung las han Ibsens Brand. Dette førte han inn i ein kompromisslaus kristendom.

Då han 1874 kom til lærarseminariet i Kviteseid, opplevde han ei førebels frigjering frå det religiøse trykket. Men som lærar i Holt, Aust-Agder 1876 kom han attende til kristendomen og kom med i den sørlandske gudlege vekkinga. Då ville han bli prest, men fyrst blei det Hamar Seminarium 1878–79, der han tok vidare lærarutdanning med beste karakter. Så blei det to nye år som lærar i Holt og to år som lærar på Sagene skole i Kristiania. Jamsides dette gjekk han på Holans privatskule og tok examen artium 1885 etter to år på gymnaset Hauges Minde. På universitetet tok han andreeksamen 1887 og tok til med teologistudiet, noko som førte han inn i eit oppgjer med den tronge kristendomen.

Snart gav han opp tanken om å bli prest og vart meir oppteken av litteraturhistorie. Truleg har det samanheng med at han av Det norske Samlaget fekk i oppdrag å fullføre utgjevinga av A. O. Vinjes Skrifter i samling 1889–90. Som ei vidareføring av dette arbeidet skreiv han ein omfattande biografi om Vinje 1890, der han peika på dei sosiale føresetnadene for Vinjes liv og dikting. Vislie stod også for utgjevinga av Ivar Aasens Udvalgte Skrifter 1896.

Utover i 1890-åra livnærte Vislie seg som lærar, forfattar og bladmann. I Dagbladet, Firda og Den 17de Mai skreiv han dikt, forteljingar, bokmeldingar og artiklar om religion, målsak, politikk og skulespørsmål. Han var òg redaktør av skjemteblada Tyrihans 1892–93 og Urædd eit halvt års tid 1894.

Vislies karriere innanfor lærarutdanning byrja 1897 som lærar ved Elverum Privatseminarium, og 1902 vart han adjunkt ved Levanger lærerskole. Her fekk han Olav Duun som ein fornøgd elev, og dei hadde brevbyte i mange år etterpå. Vislie drog 1908 til Kristiansand og vart rektor for lærarskulen der, og til Hamar offentlege lærarskule 1914, der han var rektor fram til han blei pensjonist 1929 og flytte til Oslo. Han var medlem av lærarutdanningsnemnda frå 1913 og eksamenskommisjonen for lærarskulane 1914.

Som fagbokforfattar har Vislie sett merket sitt på det nasjonale danningsprosjektet. Hans Boksoga til bruk for seminar og ungdomsskular (1901) dominerte lenge norskundervisninga i lærarskulane og har totalt kome i 11 utgåver. Der utvikla han landsmålet til levande sakprosa og skapte dei rette mytane.

Vislie budde langt frå Telemark då han skreiv bøkene, men fann helst problemstillingane og miljøa der. Forfattarskapen hadde tre hovudliner: striden mot glededrepande pietisme, industrireising og omforming av bondesamfunnet og sosial problemdikting, der han når høgast.

1889 debuterte Vislie som skjønlitterær forfattar med Utan hovding – eit skodespel som skildrar bondeopprøret i Seljord og Hjartdal 1540. Dramaturgisk er stykket svakt, men det formidlar ein folkeleg tenkjemåte. Det danskvenlege Christiania Theater avviste det med grunngjeving i målform, men kritikken av danske makthavarar kan òg ha spela med.

Trass i eit nærmast nyromantisk program for diktinga har også Vislie eit skodespel som er merkt av naturalismen i samtida. Fru Gerda frå 1890 er eit innlegg i kvinnesaka og ein psykologisk analyse av tidas moralske krise. Det vart omsett til norsk-dansk og framført seks gonger på Christiania Theater.

Romanen Solvending (1897) er nok Vislies litterære høgdepunkt. Temaet er klassisk: hat og maktsykje som blir knekt av kjærleiken. Seinare kom Vislie med eit nytt litterært program. I Det nye riket (1913) vil han at ei åndeleg kraft med forankring i det gamle bondesamfunnet skal vinne over kapitalismen og materialistisk innstilte arbeidarar. Skodespelet Sigvard Vegard (1915) har same tema og hovudperson som Det nye riket og vart framført på Det Norske Teatret 1928. Men då hadde nok tida gått frå temaet, for arbeidarrørsla og ny-jord-draumen hadde alt fått fotfeste i samfunnet.

Vislie blei aldri nokon populær forfattar – han skreiv ikkje for folk flest. Han nemnde ikkje seg sjølv i dei fyrste utgåvene av si eiga boksoge – og det kan vere ein grunn til at han ikkje nådde ut til folket gjennom skulane.

Verker

    Romanar og forteljingar

  • Heldøla, 1895
  • Forteljingar, 1897
  • Solvending, 1897
  • Heins Kvæde, 1898
  • Trollringar, 1903
  • Malm, 1906
  • Vintervegen, 1909
  • Lukkespel, 1911
  • Det nye riket, 1913
  • Henrik Svane, 1918
  • Livsvilje, 1921
  • Inga frå Varteig, 1924
  • Gullguden og andre gudar, 1927
  • Livsvegar, 1930
  • Eldbjørg, 1931

    Skodespel

  • Utan hovding, 1889
  • Fru Gerda, 1890
  • Det ruskar i ro, 1904
  • Sigvard Vegard, 1915
  • Det nye riket, 1928

    Sakprosa

  • A. O. Vinje, 1890
  • Boksoga til bruk for seminar og ungdomsskular, 1901

Kilder og litteratur

  • NFL, bd. 6, 1908
  • Stud. 1885, 1910, 1935
  • E. Eggen: “Vetle Vislie”, i SogS 1928, s. 289–303
  • Å. Åmlid: “Vetle Vislie. Ein diktarprofil”, i SogS 1934, s. 422–430
  • A. J. Waldenstrøm: “Trollebotnen i Vetle Vislie si dikting”, i Årbok for Telemark, Skien 1961, s. 77–111
  • O. Midttun: Menn og bøker, 1963, s. 233–249
  • J. A. Dale: Nynorsk dramatikk, 1964, s. 34–40
  • A. J. Waldenstrøm: “Vetle Vislies syn på verknaden av pietismen i bondesamfunnet”, i Årbok for Telemark, Skien 1965, s. 36–56
  • G. Ottne: Overgangen bondesamfunn – industrisamfunn i Vetle Vislies diktning, Bergen 1968
  • D. Skarstein: Vetle Vislie: Fru Gerda, h.oppg., 1974
  • K. Haukaas: biografi i NBL1, bd 18, 1977
  • S. Nordstoga: “Boksoga av Vetle Vislie som ideologisk og pedagogisk tekst”, i Norsklæraren nr. 5/1999, s. 47–50

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av M. Førland, 1914; Høgskolen i Agder, Kristiansand
  • Byste av Anne Grimdalen, 1931; ved Visliestoga i Skafså, Tokke

    Fotografiske portrett

  • Fotografi frå 1890-åra i NLH/Beyer, bd. 4, 1991, s. 497
  • Fotografi i SogS 1918, s. 435
  • Fotografi i NLH/Bull, bd. 5:2, 1923, s. 371