Lærar, bygdehistorikar og folkeminnesamlar. Foreldre: Gardbrukar Aslak Endreson Flatin (1851–1936) og Margit Tovsdotter Fleinsborg (1843–1920). Gift 28.12.1911 med Anne Olsdotter Molia (25.5.1873–1938), dotter til gardbrukar Ola Andersson Molia (1824–97) og Anne Kristensdotter (1831–1925). Bror til Kjetil Aslaksson Flatin (1881–1916; sjå NBL1, bd. 4).

Tov Flatin var ein særmerkt folkeminnesamlar og bygdehistorikar som ikkje skilde mellom dei to disiplinane. Interessa for tradisjon hadde han fått i foreldrearv. “Det var vel få stadir i bygdi der det gjenom aari vart fortalt so mykje 'gamalt' som i den vesle stogo paa Flatin,” skreiv han i føreordet til broren Kjetils bok Tussar og trolldom.

Flatin gjekk på Telemark folkehøgskule 1895–96 og tok eksamen ved lærarseminaret i Seljord 1898. Same året vart han tilsett som lærar i Morgedal, og frå 1900 var han lærar i Flesberg i Numedal til han gjekk av 1943. I tillegg var han bureisar på garden Flatin i Lyngdal. Han var aktiv i lokalpolitikken, m.a. som formann i Lyngdal venstrelag og ei tid ordførar i Flesberg.

Ved sida av lærargjerninga dreiv han innsamling av folkeminne, eit arbeid der han etter ei tid også løfta arven etter broren Kjetil, som døydde tidleg. I nokre år fekk han 100 kroner i årlege stipend for innsamling av folkeminne frå universitetet i Kristiania, og 1918 vart han statsstipendiat i “folkeminnesamling og bygdesogegransking”, ei stilling han hadde til han døydde. 1912 tok han initiativet til Numedal sogelag, der han var formann og redigerte Numedal. Tidsskrift for folkeminne 1915–17. Deretter var han redaktør av Dølaminne (1919–32), som vart utgitt i samarbeid med Hallingdal sogelag. Flatin var styremedlem i Lågdalsmuseet på Kongsberg og Numedal spelemannslag og formann i Landslaget for folkeminnesamlarar, som han grunnla, men la ned då Norsk folkeminnelag fekk betre vilkår til å støtta samlarane.

Hovudarbeida hans innan lokalhistoria er bygdebøkene for Flesberg i fire band (1917–47) og for Seljord i tre band (1942–54), med til saman over 3000 sider. Han utnytta ikkje alltid heile kjeldematerialet, m.a. fordi store delar var evakuert under krigen. På den andre sida var han open for mange sider av bygdekulturen og utnytta tradisjonsmaterialet meir enn vanleg. I tillegg til fyldige kapittel om folkeleg kultur er også gardshistoria spekka med segner og forteljingar der han drar fram positive trekk, men endå meir skuggesidene med slåsskjemper, drap og drikking, ekteskapsproblem o.a. Dette fall somme bygdehistorikarar tungt for brystet, reine bygdesladderen, tykte Ingeborg Flood. På den måten får han fram bygdementaliteten, noko som ofte saknast i dei eldre bygdebøkene, men som kjem meir fram i nyare forsking.

Når lokalhistorikaren Randi Bjørkvik (1970) meinte at “kanskje er Tov Flatin bedre likt av folkeminnegranskere enn av historikere, og kanskje aller best av eldre folkeminnegranskere”, kan det ha endra seg i mellomtida. I den nye bygdeboka for Flesberg uttrykkjer forfattaren Sigurd Vinger stor respekt for Flatins arbeid, “ikkje minst gjeld det alt det muntlege stoffet som han tok vare på og pusta liv i bøkane sine med”.

Flatins lokalpolitiske interesse førde til bøkene Buskerud Amt. Jubilæumsskrift 1814–1914, som er blitt karakterisert som ei av dei bedre i sjangeren, Flesberg heradstyre 1837–1937 og Flesberg skulesoga, forutan ei rekkje artiklar i lokalhistoriske årbøker.

Som formann i Landslaget for folkeminnesamlarar skreiv han ei rettleiing om innsamling av folkeminne som syner ei vid forståing av folkeminne. Også det som kan synast “grovt eller raatt eller feil” skal skrivast ned, alt nøyaktig på dialekt.

Det folkloristiske hovudverket til Flatin er Gamalt fraa Numedal, som kom i seks band 1913–28 og vart avslutta med eit sjuande band i Norsk folkeminnelags skrifter 1939. Innhaldet kom etter kvart som han samla, og verket er ikkje ei systematisk oppbygd samling. Men han samla vidt og fekk inn eit materiale av stor vitskapleg verdi. Noko samla han også i Seljord og nytta det både i bygdeboka og i mindre publikasjonar.

Arbeidet hans om Flesberg-maalet kom i to utgåver, den siste i serien Norske målføre. I tillegg redigerte han fire folkeminnebøker etter broren Kjetil. Ein del dikt og forteljingar som stort sett kom under pseudonym, har mindre litterær verdi.

  • Nokre gamle truir og anna fraa Seljord, Skien u.å.
  • Flesberg-maalet, Kongsberg 1910 (2. utg. Kristiania 1923)
  • Gamalt fraa Numedal, 7 bd., Drammen/Kristiania/Risør/Oslo 1913–39 (faksimileutg. 1983–84)
  • Buskerud amt. Jubilæumsskrift 1814–1914, Drammen 1914
  • Flesberg skulesoga, 1917
  • Flesberg. Fraa dei eldste tidir til no, 4 bd., 1914–47
  • Innsamling av folkeminne. Ei rettleiding, 1920
  • Noka æventy aa gamle truir. Samla i Selljor, Risør 1922
  • utg. K. Flatin: Tussar og trolldom, 1930
  • Flesberg heradstyre 1837–1937, Flesberg 1937
  • Seljord, 3 bd., 1942–54
  • K. Liestøl: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • K. A. Flatin: Tussar og trolldom, 1930
  • I. Flood: melding av T. Flatin: Seljord, bd. 3, i Heimen 1959, s. 376–378
  • H. Bjørkvik, R. Bjørkvik m.fl: Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Landslaget for bygde- og byhistorie 50 år 6. juli 1970, 1970
  • S. Vinger: Flesberg-boka, bd. 1–2, 1989–92

    Fotografiske portrett

  • Portrett av ukjend fotograf, u.å.; gjengitt i Flesberg-boka, bd. 2, s. 315