Teolog og misjonsleiar. Foreldre: Formann Ole Vågen (1874–1947) og Brita Myklebust (1879–1949). Gift 30.7.1932 i Flekkefjord med sjukepleiar og misjonær Arna Kristina Espeland (12.5.1905–), dotter til stasjonsmeister Aasmund Espeland (1881–1963) og Mari Olsdotter (1885–1964).

Tormod Vågen var generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i 34 år, i ei tid då arbeidet til denne misjonsorganisasjonen var i sterk vokster både i Noreg og på misjonsfelta. Den sterke voksteren saman med opptak av nye misjonsfelt stilte store krav til Vågen. Han vart snart kjent som ein handlekraftig mann som løyste store utfordringar på ein dyktig måte.

Vågen voks opp i ein “lesarheim” i Uskedalen i Kvinnherad; begge foreldra var aktivt med i det kristne arbeidet i bygda. 14 år gamal vart han sjølv ein vakt kristen. Hausten 1920 vart han elev ved Framnes Ungdomsskule i Kvam i Hardanger. Då hadde han ei tid kjempa med spørsmålet om å reise til Kina som misjonær. Året etter vart han opptatt ved Fjellhaug misjonsskule ved Kristiania, som Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (frå 1950: Norsk Luthersk Misjonssamband) dreiv. 1925 tok han lærarskuleeksamen, som på den tida var ein del av opplegget ved misjonsskulen. Året etter var han ferdig på misjonsskulen. Særleg undervisninga til Johannes Brandtzæg, Kinamisjonsforbundets formann og sekretær, fekk mykje å seie for Vågen.

Midt i studietida på Fjellhaug vart Vågen ein dag kalla inn til skulestyrar Enok Osnes, som spurte om han var interessert i å studere teologi. Etter at han var ferdig på misjonsskulen våren 1926, las han til examen artium på latinlina på eitt år, og før jul 1931 tok han teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet.

1931 døydde Johannes Brandtzæg, og Ludvig Hope tok over som generalsekretær. Men Hope var så gamal at han kunne berre stå nokre år i dette arbeidet. Det er ingen løyndom at Hope meinte at Tormod Vågen ville vere den rette mannen i denne stillinga. Slik gjekk det også. 1936 overtok Vågen som generalsekretær i Kinamisjonsforbundet. Han hadde då opparbeidd seg ein sterk posisjon mellom misjonsvennene, var kjent som ein dyktig og inspirerande talar og viste også store leiarevner. Sjølv om han var ung då han overtok, voks han med oppgåvene. Det viste han ikkje minst då Kina vart stengt for kristen misjon omkring 1950 og nye misjonsfelt måtte finnast.

På få år etablerte NLM nytt misjonsarbeid i Etiopia (1948), Hong Kong (1949), Japan (1949), Tanganyika (Tanzania) (1950) og Taiwan (1952). Både utfasinga av arbeidet i Kina og etableringa av dei nye misjonsfelta sette store krav til generalsekretæren. Også NLMs arbeid i Noreg vokste sterkt i etterkrigstida. I tillegg til den store forkynnarverksemda NLM dreiv rundt i bedehusa, kom reising av leirstader og nye skular. Sjølv om Vågen hadde gode medarbeidarar til å hjelpe seg, kvilte mykje av ansvaret på ham. Med sin store arbeidskapasitet løyste han oppgåvene på ein måte som det stod og framleis står respekt av.

Vågen fekk også tid til å skrive cirka 15 bøker i tillegg til sine mange andre gjeremål. Han skreiv andaktsbøker, oppbyggelege bøker, misjonsbøker og teologiske bøker. Her skal berre nemnast andaktsboka I Kongens nærleik, Når øst og vest møtes, Ved kjelda, Hans fotspor gjennom Israels land og hans Fortolkning til Lukas-evangeliet. Vågen skreiv i tillegg til bøkene mange artiklar om kyrkjelege emne i forskjellige blad og tidsskrift.

Som den dyktige misjonsleiaren Vågen var, fekk han mange tillitsverv. 1938 var han utsending for Norsk Misjonsråd til Internasjonalt Misjonsråds misjonskonferanse i Tambaram, India. Under den andre verdskrigen vart han medlem av Den Midlertidige Kirkeledelse etter arrestasjonen av Ludvig Hope. Han var medlem i Direktoratet for Norsk Utviklingshjelp, av styret for Indiafondet, av styret for Vårt land og fleire andre styre og råd.

Tormod Vågen hadde eit lågkyrkjeleg grunnsyn med vektlegging på det allmenne prestedømet og nådegåvene. “Kyrkja er nådegåvene sitt rike,” heiter det hos Vågen. Han la vekt på at misjonsorganisasjonane og lekfolket måtte arbeide fritt i høve til kyrkja sin embetsstruktur. Men folke- og statskyrkjeskipnaden ville han gjerne halde på. Den hadde etter hans meining mykje å seie for oppsedinga og for å nå flest mogeleg menneske med kristen forkynning.

    Eit utval

  • Barnekårs ånd, Bergen 1932
  • I livets vår (bokmål og nynorsk), Bergen 1933
  • I Kongens nærhet gjennom Det nye testamentet (bokmål og nynorsk), Bergen 1936
  • Når øst og vest møtes, 1939
  • Syt ikkje, men bed og ten, Bergen 1940
  • Dåpen, Misjonskurset brev 19, 1944
  • Kallet frå Etiopia, 1948
  • Sol på skyggesiden, Bergen 1952
  • Ved kjelda, Bergen 1954
  • Hans fotspor gjennom Israels land, Bergen 1956 (svensk utg. Hässleholm 1957)
  • Afrika – hvorhen?, Bergen 1960
  • Ropet frå Asia, Bergen 1961
  • Langs livsens veg, Bergen 1963
  • Brevet til menigheten i Filippi. En innledning, fortolkning og studieplan, 1965
  • Sol og solflekker i sollandet, Bergen 1965
  • Fortolkning til Lukas-evangeliet, 1969

    Etterlatne papir

  • Tormod Vågens privatarkiv finst i arkivet til Norsk Luthersk Misjonssamband
  • Stud. 1927, 1952
  • HEH 1968
  • H. Mæhlum (red.): Tormod Vågen. Minneord og taler, Bergen 1970
  • A. Aarflot: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • E. Kjebekk: Verden for Kristus, 1991
  • J. Tungland: Tormod Vågen på kallets veg, 1994