Faktaboks

Torjus Hemmestveit
Fødd
13. november 1860, Kviteseid, Telemark
Død
9. juni 1930, Pennington County, Minnesota, USA
Verke
Gardbrukar og skipioner
Familie
Foreldre: Gardbrukar Torjus Bjørgulvsson (1826–1910) og Birgit Torjusdotter Bjønntveit (1831–84). Gift 1) 1885 med Tone Sveinsdotter Hylland (28.2.1866–1891), dotter til gardbrukar og tømmerhandlar Svein Asmundsen (f. 1838) og Ingebjørg Gudmundsdatter (f. 1841); 2) med Margit Sveinsdotter Hylland (28.2.1874–2.7.1966), syster til fyrste kona.
Torjus Hemmestveit

Mikkel og Torjus Hemmetveit. Fotografert i Minnesota 1891.

Torjus Hemmestveit
Av /NTB Scanpix ※.

Torjus voks opp på garden Hemmestveit i Morgedal, som faren kjøpte ein del av 1860. Han var nummer fire i ein syskenflokk på 8. Då han voks opp, var skiene ein viktig del av kvardagen. På ski tok ein seg lettast fram om vinteren, og dei gav også mykje moro i fritida. Sondre Norheim, som var jamnaldring med Torjus senior, var ein inspirator for dei unge gutane på ski. Av syskenflokken vart det etter kvart Torjus og broren Mikkel Hemmestveit (1863–1957) som merkte seg ut, fyrst i Telemark, deretter i Kristiania og til slutt i Amerika.

Då Torjus var 20 år, kom det i gang skiskule i Kristiania. Torjus og Mikkel stod saman med faren for undervisinga. Formålet var å “give et Kursus i Skirend og fuldstændig Undervisning i Behandling af Ski, Isætning av Vidjer, etc”. På turen inn til hovudstaden hadde faren og sønene med seg 70 par ski som dei drog på kjelkar ned til Norsjø, deretter med båt til Skien og Kristiania. Skiene vart selde i byen. Skikursa varde i 3–4 veker. I tillegg til å lære bort skiteknikken var kunsten å vri og setja vidjeband på skiene viktig. Mikkel og Torjus heldt skiskule i Kristiania i fleire år då dei var i byen.

I det tredje Husebyrennet 1883, det første arrangert av Foreningen til Ski-Idrettens Fremme, fekk Torjus 1. plass og kongepokal i ein alder av 22 år. Same vinteren vann han òg fire andre skirenn rundt Kristiania. Utover i 1880-åra kappast Torjus og Mikkel om dei beste plassane i skirenna.

1886 reiste Mikkel til Amerika. Året etter var han med i det fyrste hopprennet som vart arrangert i USA, og han vann det. Torjus mottok ein ny kongepokal 1888, då som vinnar av kombinert renn med hopp og 25 km langrenn i Kristiania. Dagen etter det kombinerte rennet var det 50 km langrenn for fyrste gong. Også her vann Torjus, med tida 4.26.30.

I Amerika hadde Mikkel slege seg ned i Red Wing i Minnesota, og 1888 kom òg Torjus dit. I Midtvesten fanst det no mange nordmenn, og med eit klima som likna mykje på det dei var vande med frå Noreg, var det ikkje til å undrast at dei tok skiene i bruk for å kome seg fram vinterstid. Det kom i gang skiklubbar, og skirenn eller skikarneval vart tilskipa i fleire byar i Midtvesten. Ofte var skirenna meir sirkus og uppvisning enn idrett.

Hemmestveit-brørne hadde sin glansperiode i Amerika frå 1891 til 1894. Fyrstepremien kunne godt vera på 100 dollar eller meir. I tillegg til renn og oppvisning heldt dei skikurs og laga ski. 1893 vart Torjus “Champion of the World” på ski med eit rekordhopp på 103 fot (31,4 meter) lengd og 36 fot høgd; broren Mikkel hadde sett den gamle rekorden på 31,1 meter i 1891.

Torjus Hemmestveit var aktiv skilaupar til han var godt over 40 år. Deretter livnærde han seg som farmar. Han døydde på garden sin nær Goodridge i Minnesota 1930. To år før fekk han og broren norsk skiidretts høgaste heidersmerke, Holmenkollmedalja, for deira store bidrag til fremjing av skiidretten.

Verker

  • Til Duluth paa Skistævne sidste Vinter, i Skandinaven 5.11.1926

Kilder og litteratur

  • Norske skiløpere. Telemark, Sørlandet, Vestlandet, 1957
  • Ski og Sudpol. Olav Bjaalands museum. Morgedal, Skien 1970
  • ¨T. Loupedalen: Morgedal. Skisportens vogge, 1947
  • T. Loupedalen: Ættesoga, bd. 3 i Kviteseid bygdesoge, 1956
  • munnlege kjelder: Eivind Strondi og Bjørgulv Sandåker, Morgedal