Faktaboks

Tore Ørjasæter
Fødd
8. mars 1886, Skjåk, Oppland
Død
29. februar 1968, Lillehammer, Oppland
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Lærar og gardbrukar Hans Magnus Ørjasæter (1851–1939) og Rønnaug Toresdotter Slette (1855–88). Gift 24.2.1921 med Aaslaug Skaaden (3.9.1896–27.10.1988) dotter til gardbrukar Jon (John) Johannessen Skaaden (1849–1937) og Anna Vedum (1863–1944). Svigerfar til Tordis Ørjasæter (1927–).

Tore Ørjasæter er ein av dei store gudbrandsdalsdiktarane. Han er fyrst og fremst hugsa som lyrikar, og han var ein av dei fyrste bondediktarane som levde av skrivinga.

Ørjasæter vart fødd i Skjåk, der han voks opp på garden Slette i fjellgrenda Bråtå. Far hans var frå Geiranger og var både lærar og gardbrukar. Familien stod difor i ei særstilling på fleire måtar, med fotfeste i fleire sosiale lag og i både austlands- og vestlandskulturen. Denne spenninga viser att i mykje av diktinga til Ørjasæter.

Han såg føre seg ei framtid i jordbruket og tok ivrig del i arbeidet på garden. Men som ung fekk han magesår og laut opererast på Rikshospitalet, og sjukdomen sleppte ikkje taket før mange år seinare. Med redusert helse skjøna han at han ikkje hadde noka framtid som gardbrukar, og draumen om å verta forfattar vakna i han. Seinare sa han at om han hadde hatt helse til å arbeida på garden, hadde han ikkje kome til å skriva ei einaste line.

19 år gamal reiste han til Voss for å gå folkehøgskulen til Lars Eskeland. Seinare budde han eitt år ved Gausdal folkehøgskule, der forfattaren Olav Aukrust var styrar – Ørjasæter var ikkje elev, men meir ein samtalepartnar for Aukrust. Både Eskeland og Aukrust vart viktige for Ørjasæter, og dei inspirerte han til å gjera alvor av forfattardraumane. Åra ved desse folkehøgskulane var einaste utdanninga han fekk, ved sida av eitt år ved lærarskulen i Volda. Her innsåg han gradvis at han heller burde gå kunstnarvegen, og at han ikkje ville finna seg til rette i læraryrket. Seinare illustrerte han dette ved å fortelja om då han fekk i oppgåve å rekna ut kor mykje vatn som rann gjennom to ulike røyr. Det enda med at han gjekk til skulestyraren og sa at han ikkje kom lenger enn å høyra korleis vatnet suste og klukka gjennom røyra.

Fyrste halvdelen av 1920-åra var Ørjasæter mykje på reis i Europa, men frå midten av dette tiåret vart han meir bufast. Han hadde 1921 gifta seg med Aaslaug Skaaden frå Øyer, og dei budde fyrst nokre år på heimgarden hennar. Frå 1929 fekk han statens diktarløn, og han fekk sett opp ei gamal stove på farsgarden i Skjåk. Frå 1937 vart denne stova i hovudsak brukt om somrane og i dikteperiodar, resten av året budde familien på Øyer.

Alt den fyrste hausten på Voss publiserte han det fyrste diktet sitt, i avisa Unglyden. Dei neste fem åra trykte avisa over 25 Ørjasæter-dikt, og nokre av desse kom med i debutsamlinga hans, Ættar-arv (1908). Her har han ikkje funne si eiga røyst som diktar, men me anar likevel mange av kjennemerka i diktinga hans alt i denne samlinga. Frå den neste boka, I dalom, vert naturen meir synleg i lyrikken hans, fyrst og fremst gjennom dikt knytte til høgfjellet.

Gjennombrotet som diktar kom med diktsyklusen Gudbrand Langleite, som kom i tre band og som må reknast som hovudverket til Ørjasæter. Fyrste delen kom i 1913, men syklusen vart ikkje slutta før 14 år seinare. Han rekna seg likevel ikkje som ferdig med verket, og etter nye 14 år kom diktsyklusen i ei samla og omarbeidd utgåve, der mellom anna slutten var heilt annleis: I den fyrste utgåva endar verket med at hovudpersonen døyr, medan han i den omarbeidde utgåva får leva.

Verket er innhaldsrikt og variert, og Ørjasæter vekslar mellom ulike verseformer og stilar. Livssoga til Gudbrand Langleite er den raude tråden, men verket er langt meir enn ein dikta biografi, fylt med refleksjonar og filosofiske spekulasjonar som det er. Hovudpersonen er ein bygdekunstnar som vert dregen mellom å vera kunstnar og bonde, og verket er òg ein studie av endringane i det norske landbruket og av forholdet mellom tradisjon og modernitet.

Parallelt med denne diktsyklusen arbeidde han med andre diktsamlingar. Av desse står Elvesong høgast. I denne boka møtest mange av dei sentrale linene og motiva i forfattarskapen hans, som kampen og lengten etter det harmoniske. Gjennom heile samlinga bruker Ørjasæter elva som bilete, og det gjev samlinga ein samanhengande symbolikk og ein heilskap ein ikkje finn i dei andre bøkene hans. Ein vassdrope på veg mot havet vert eit bilete på eit menneske i leitande, religiøs uro, eller eit bilete av menneska på veg gjennom livet.

Ørjasæter skreiv òg fire skodespel, men som dramatikar nådde han ikkje like høgt som i lyrikken. Det fyrste av skodespela, Jo Gjende, har mange gode episodar, men som heilskap er det ikkje vellukka. A. O. Vinje, ein av dei litterære heltane til Ørjasæter, er skriven inn i ei birolle i stykket, som hadde premiere på Det Norske Teatret 1924. I seinare skodespel, som Christophorus, er forfattaren påverka av Strindberg og Pär Lagerkvist og frå det ekspresjonistiske teateret han møtte i Tyskland i 1920-åra. I dette stykket finn me òg ein av dei store konfliktane i diktinga til Ørjasæter – korleis menneske kan verta dregne mellom motstridande krefter. Han prøvde seg som romanforfattar éin gong, med Uppheimen på Sandnes (1933).

Ørjasæter fekk fleire reisestipend, og på reisene sine hadde han mykje samkvem med forfattarar, både norske og andre, og han henta impulsar frå dei internasjonale straumane i litteraturen. Han skreiv mange reisebrev til aviser og blad, og nokre av desse vart samla i Fararen og Jonsokbrev, saman med nyskrivne artiklar. Dei to bøkene kan minna om reisebrev, men handlar meir om han som reiser enn om sjølve reisene.

Det kom mange nye bøker frå Ørjasæter i 1930- og 1940-åra, men frå 1950 gjekk det lengre tid mellom kvar bok. Han miste kontakt med dei yngre lyrikarane og dei nye trendane i lyrikken. Den siste boka hans, diktsamlinga Klårhaust, kom 1963, og høyrer ikkje med blant dei beste bøkene hans. Likevel inneheld samlinga fleire sterke dikt, som til dømes Eg er. Utetter i 1960-åra arbeidde han med eit dramatisk diktverk bygd på legenda om Ahasverus (“den evige jøde”), men dette fekk han ikkje ferdig.

Så lenge han hadde helse til det, var Ørjasæter ofte i Oslo for å møta folk, og ikkje minst for å gå i teater. Det gledde han at det framleis var interesse for diktinga hans, jamvel blant studentar og fagfolk.

Tore Ørjasæter døydde 1968, og vart gravlagd den dagen han ville fylt 82 år.

Verker

    Eit utval

  • Ættar-arv, dikt, 1908
  • I dalom, dikt, 1910
  • Gudbrand Langleite, dikt 1913
  • Jo Gjende, skodespel, 1917
  • Bru-millom. Gudbrand Langleite. Manndomsåra, dikt 1920
  • Fararen, prosastykke, 1922
  • Skiringsgangen. Eit draumkvæde, 1925
  • Skuggen. Gudbrand Langleite. Epilog, dikt 1927
  • Anne på Torp, skodespel, 1930
  • Elvesong, dikt, 1932
  • Uppheimen på Sandnes, forteljing, 1933
  • Jonsokbrev, prosastykke, 1936
  • Livet skal vinne, dikt, 1939
  • Gudbrand Langleite, samla og omarbeidd utgåve av dei tre delane, 1941, 1966
  • Livsens tre, dikt, 1945
  • Christophorus. Eit draumspel, 1948, 1962
  • Den lange bryllaupsreisa. Eit pasjonsspel, 1949
  • Ettersommar, dikt 1953
  • Brudekrona, skodespel, 1956
  • Klårhaust, dikt 1963
  • Den lange leid. Dikt i utval, 1966
  • Dikt i utval, 1970
  • Dikt i samling 1–2, 1986

Kilder og litteratur

  • R. Thesen: Tore Ørjasæter. Tale i Det Norske Teatret 25. mars 1946, i SogS 1946, s. 97–103
  • J. A. Dale og R. Thesen (red.): Festskrift til Tore Ørjasæter på 70-årsdagen, 1956
  • O. Midttun: Tore Ørjasæter 70 år, i SogS 1956, s. 97–107
  • R. Thesen: Tore Ørjasæter og Gudbrand Langleite, i SogS 1966, s. 67–81
  • L. Mæhle: Etterord. Tore Ørjasæter – lyrikaren, i T. Ørjasæter: Dikt i utval, 1970, s. 178–192
  • O. Dalgard: Fem norske lyrikarar, 1981
  • L. Mæhle: biografi i NBL1, bd. 19, 1983
  • L. Mæhle: Tore Ørjasæter – den rotfaste fararen, 1986
  • I. Teigum: Diktaren den gamle – Tore Ørjasæter, i Årbok for Gudbrandsdalen, Lillehammer 1986, s. 111–120
  • NLH/Beyer, bd. 4, 1995

Portretter m.m.

  • Teikning av Th. N. Lerdahl, truleg 1920-åra; p.e
  • Oljemåleri av Otto Johansen, 1927; p.e
  • Oljemåleri av Agnes Hiorth, 1938; p.e
  • Bronsebyste av Svein Visted, ca. 1945; Skjåk kommunehus
  • Teikning av Gösta Hammarlund, trykt i Dagbl. 1966; p.e
  • Portrett av Knut Løkke-Sørensen, gravert etter foto; brukt på frimerke 1986