Faktaboks

Tor Fretheim
Fødd
13. mai 1946, Asker, Akershus
Verke
Forfattar, omsetjar og journalist
Familie
Foreldre: kjøpmann Oscar Fretheim (1913–) og kjøpmann Grethe Nielsen (1913–). Registrert partner 1997 med skodespelar Knut Thomassen Vardtun (1.11.1946–).
Tor Fretheim
Tor Fretheim
Av /NTB Scanpix ※.

Tor Fretheim er forfattar og omsetjar, og tidlegare journalist. Han skriv hovudsakleg skjønnlitterære bøker for barn og ungdom, er omsett til fleire språk og har fått ei rekkje litterære prisar.

Fretheim voks opp i Sandefjord og frå 1953 i Oslo, der foreldra hadde kvar sin kolonialhandel. Etter examen artium 1965 begynte han å studere ved Universitetet i Oslo og tok grunnfag i folkeminne og nordisk mellomfag. 1971–73 tok han Journalisthøyskolen i Oslo og fekk deretter jobb i avisa Samhold sitt lokalkontor på Fagernes. Etter eitt års tid drog han attende til Oslo og var journalist i Aftenposten 1974–86. Her jobba han mest med familie- og forbrukarstoff, og skreiv mellom anna mykje om barn og ungdom, til dømes om barn sine rettar, barnemishandling og familievold. Dette er også tema han har teke opp skjønnlitterært.

Sin skjønnlitterære karriere byrja Fretheim som dramatikar, då han 1977 fekk oppført skodespelet Hvem har sett Marte, fem år? i Radioteatret. Året etter vart skodespelet Gentlemen voldtas ikke oppført på fleire scener, m.a. på Club 7 i Oslo. Av andre einaktarar kan nemnast Bill. merk. Velsituert kvinne og Skillingsdrapet.

Fretheim bokdebuterte 1982 med Markus kjenner ikke Supermann, ein roman om vennskap og (byrjande) kjærleik mellom to gutar, og som han blei tildelt Kulturdepartementets debutantpris for. Boka blei seinare dramatisert av forfattaren og send som høyrespelserie i NRK. Men det var med romanen Englene stanser på Eventyrbrua (1986) at Fretheim slo igjennom for alvor. Året etter fekk han Kritikerprisen for boka, som vart omsett til svensk, dansk og tysk. 1992 blei han tildelt den austerrikske bokprisen for årets beste ungdomsbok på tysk.

Avklaring av kjensler og søking etter identitet er stadig tilbakevendande tema i Fretheims forfattarskap, ofte i forholdet mellom (ein ofte mentalt fråverande) far og (ein sårbar) son. Personane er ofte menn eller gutar som ikkje har så lett for å snakke saman, personar med eit problematisk kjensleliv – som i Det kalles visst kjærlighet (1984). Samtidig er han språkleg oppfinnsam og ikkje redd for å nytte fantasi eller poesi som diktarisk verkemiddel, noko som også avspeglar seg i boktitlane.

Etter Sirenene synger (1988), om Steffen som mot mora sin vilje reiser med faren til Sicilia, kom det som gjerne blir rekna som Fretheims hovudverk til no, dei tre romanane om Oslo-guten Emil Alm: Krigen, freden og sommerfuglene (1992), Langsom trio (1994) og Havmannen, kjøpmannen og Dr. Freud (1996). Her møter vi krigsbarnet Emil og forholdet hans til ein far som ikkje vil vite av han. Etter kvart som Emil blir større, får han vite meir og meir om farens bakgrunn i tysk konsentrasjonsleir og dei to barna faren blei kjend med der. Dermed forstår han betre farens reaksjonar, kvifor han har blitt som han er, og han ser forholdet mellom dei i eit anna lys.

Sentrale bøker i forfattarskapen er også Om bare sola ville danse (1990), ein roman om eit kjærleiksforhold mellom ein norsk unggut og ein nordafrikanar som har kome ulovleg inn i landet, og Kysset som fikk snøen til å smelte (1991), ei lettles-bok om å vedkjenne seg sin eigen homoseksualitet. Den siste er også utgjeven som lydbok, og vart filma 1997 av Frank Mosvold. For denne boka fekk Fretheim Kulturdepartementets litteraturpris.

Fleire av Fretheims bøker er omsette til andre språk (svensk, dansk og tysk), og sjølv har han omsett ei rekkje bøker til norsk, hovudsakleg frå svensk. Saman med Khurram Ali har Fretheim gjeve ut ei kokebok frå Pakistan, Shah Jahan. Matgledens hus (1997). 2002 utgav han Grüners grønne hage, ein ungdomsroman frå Edvard Munchs oppvekst på Grünerløkka. 1996 fekk Fretheim Aschehougprisen. Han har også vore fagpolitisk aktiv, som styremedlem i organisasjonen Norske barne- og ungdomsbokforfattere 1987–91 og formann i Det litterære rpd 1994–95.

Verker

  • Hvem har sett Marte, fem år?, 1976
  • Fuglungen. Hørespill i tre episoder, 1981
  • Markus kjenner ikke Supermann, 1982
  • Det kalles visst kjærlighet, 1984 (da. utg. 1985, sv. utg. 1986)
  • Bill. merk. Velsituert kvinne, 1985
  • Englene stanser ved Eventyrbrua, 1986 (sv. utg. 1987, da. utg. 1988, ty. utg. 1992)
  • Sirenene synger, 1988 (da. utg. 1989, sv. utg. 1992)
  • Barn på dagsordenen. Ti år siden Barneåret, 1989
  • Om bare sola ville danse, 1990
  • Kysset som fikk snøen til å smelte, 1991 (da. utg. 1994)
  • Krigen, freden og sommerfuglene, 1992 (ty. utg. 1995)
  • Myk som marmor, hard som bomull, 1993
  • Langsom trio, 1994 (ty. utg. 1995)
  • Havmannen, kjøpmannen og Dr. Freud, 1996 (ty. utg. 1998)
  • Sjah Jahan. Matgledens hus (sm.m. K. Ali), 1997
  • Grüners grønne hage, 2002
  • Ingenting, sa Sebastian, 2005
  • Johnny og Johanna, sommeren etter, 2006

Kilder og litteratur

  • K. Kverndokken: Tre forfatterportretter. Samtaler med Torill Eide, Tor Fretheim og Kjersti Scheen, 1997
  • Ø. Rottem: “Tomrommet etter den fraværende far – Tor Fretheim”, i NLH/Beyer, bd. 8, 1998