Jurist og forfattar. Foreldre: Prost Niels Stockfleth (1701–60) og Elisabeth Antoinette Rosing (1714–55). Gift 23.9.1768 i København med Johanne Marie Arbien (15.9.1744–1.9.1804), dotter til hoffmedaljør Magnus Gustav Arbien (1716–60) og Margrethe Magdalene Busch (død 1779). Brorsons sonesons son til Hans Stockfleth (død 1664) og Henning Stockfleth (død 1664); sonedotters son til Hans Rosing (1625–99); morbror til Niels Stockfleth Schultz (1780–1832); svigerfar til Johan Collett (1775–1827); morfar til Jonas Collett (1813–51); farmors fetter til Nils Stockfleth (1787–1866).

Thomas de Stockfleth var jurist og embetsmann, men minnest no som diktar, mest fordi han skreiv eit dikt på dialekt.

Stockfleth voks opp i Fåberg, der far hans var sokneprest. Han vart privat dimittert til studenteksamen 1758 og tok juridisk eksamen ved universitetet i København 1762. I eit brev fortel han at han er cand.teol.; teologi må han ha i så fall ha studert i tida 1762–68. Etter ei anna kjelde (Rubov) var han av dei eldste i Norske Selskab; det vart skipa 1772, men hadde eldre røter.

Stockfleth vart 1768 utnemnd til byfut og auksjonsdirektør i Fredrikshald (no Halden), og frå 1777 var han også postmeister i byen. Han fekk rangtittelen justisråd 1773 og vart naturalisert som adelsmann 1779. Frå 1781 til han døydde 1808, var han sorenskrivar i Eiker, Modum og Sigdal.

Ymse prenta skrifter frå 1772 og utover fortel at Stockfleth hadde kunstnarlege ambisjonar ved sida av den borgarlege embetskarrieren. Han prøvde den dramatiske sjangeren som omsetjar med å gje ut eit sørgjespel av Voltaire, og den episke med Fortellinger efter Hr. Fontaines Maade. Mest skreiv han på vers. Tematikken i dikta høvde med tidsånda, som i mykje gjekk ut frå Norske Selskab. Stockfleth vanka der 1776, då han var i København for å fornye patentet om gammal adel i ætta. 1777 vann han ein pris for diktet Forsøg om Sarpen, der Sarpsfossen står for det fælslege i naturen, som kan temjast av mennesket og drive sagbruk, som kan skapa velstand. Heydes Hytte er eit nasjonaløkonomisk jordbruksdikt, der ein appell om jorddyrking, potetavl og tjørebrenning tener same føremål som verksemda åt potetprestane. Philippa til Eric er ein heroide (eit heltebrev) i ein tradisjon etter Ovid, der ei kvinne fører ordet og pennen; her er det dronning Filippa som skriv til kong Erik av Pommern. I Hus Karla huot for Gulbransdølerne (hus karla huot = 'huskar-egging') søkte Stockfleth med ord og ånd frå norrøn tid å eggje fram norsk nasjonalhug. Andre dikt skreiv han til særskilde høve, som songar til selskap og fest.

Desse tilskota høvde med tida og spegla den, men hadde ikkje vore vektige nok til å bera diktarnamnet Stockfleth gjennom meir enn to hundreår. Når vi minnest han i dag, er det mest på grunn av eit einskilt anna dikt, som vel var bore av same ånd som dei tidsrette dikta, men var av eit anna slag. Det er skrive på gudbrandsdalsmål og er eit døme på at nokre embetsmenn i dansketida skreiv dikt på norske målføre. Tittelen Hejmatkomsten har eit utdjupande tillegg: “Slott te qvæa som ejn Lejk, dikta paa Nordøhls Maal taa ejn Nordøhl.” Diktet vart skrive 1770–71, men ikkje prenta før 1798, i tidsskriftet Hermoder, med omsetjing til dansk og med språklege merknader. Det er på 44 niliners strofer, i eit versemål med springleikstone, som Edvard Storm og Welhaven òg brukte.

Hejmatkomsten fortel om den unge gudbrandsdølen Tor, som i 8 år hadde tent i kongens garde i København, men no var permittert og hadde skunda seg heim. Den fyrste strofa i diktet gjev eit vakkert bilete av heimbygda i sommarbunad. Tor blir boden velkomen av far sin, som uttalar seg med politisk brodd imot at storkarane i København visst ikkje vil lata kongen fara for å sjå Noreg.

Hovudemnet i diktet er ei kjærleikssoge. Jenta Anne, som steller huset åt faren, gjer i stand rommet Tor skal ha, og han blir hugteken i henne. Dagen etter fer alle til kyrkje i fin stas. Tor tykkjer at Anne er venare enn dei gildaste kvinner han såg ute i verda, og då dei er heime etter messa, set ho heimleg forkunnmat på bordet. Tor plagast lenge av vond tvil. Fyrst trur han at Anne skal gifte seg med far hans, så at ho ventar på ein annan. Ho avslører at det er Tor ho har tenkt på i alle år ved å gje han ei pakke med eit bilete av den ho er glad i; i pakka er det ein spegel, der Tor møter sitt eige andlet. Med det endar alt i frygd og glede; det høvde med idylldiktinga i tida.

Ordlegging og hendingsgang i Hejmatkomsten er noko omstendelege, men som heilskap gjev diktet eit ekte og truverdig, om kanskje noko naivt, inntrykk. 1813 vart det omsett til fransk og utgjeve i London.

  • Sjå også verkliste i Ehrencron-Müller, bd. 8, 1930, s. 48–49

    Eit utval

  • Forsøg til originale danske Fortellinger efter Hr. Fontaines Maade, København 1772
  • Forsøg om Sarpen, i Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber 12, København 1777, s. 25–30
  • Heydes Hytte, et Digt, af een hans Ven, København 1780
  • Philippa til Eric. En Heroide, i Poetiske Samlinger 2, København 1783, s. 29–50
  • Forsøg til Hus Karla huot for Gulbransdølerne, opbudne til Leding, 1788
  • Hejmatkomsten, i Hermoder 1798, s. 30–65
  • L. Dietrichson: Omrids af den norske Poesies Historie, bd. 1, København 1863, s. 163f.
  • DAA 1886, s. 356
  • A. Aure: Heimatkomsten av Tomas Rosing de Stockfleth. (Or “Hermoder” 1798.) Utgjevne med upplysningar um diktaren, 1918
  • A. H. Winsnes: Det norske Selskab, 1924, s. 214–223
  • Ehrencron-Müller, bd. 8, 1930
  • F. Bull: Norges litteratur fra reformasjonen til 1814, 1958, s. 424, 493, 498–500, 502 og 509
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 15, 1964
  • K. Venås: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida, 1990, s. 330–344 og 585–599
  • L. Bliksrud: Den smilende makten. Norske Selskab i København og Johan Herman Wessel, 1999, s. 9, 117, 164, 183–84, 187–190 og 196
  • Silhuett (heilfigur, i familiegruppe) av ukjend kunstnar, ca. 1800; p.e