Landbrukslærar og organisasjonsmann. Foreldre: Sorenskrivar Nils Landmark (1775–1859; sjå NBL1, bd. 8) og Christine Wilhelmine Lange (1806–78). Gift 30.5.1879 med Elise Antoinette Gude (23.12.1839–29.2.1916), dotter til sokneprest Julius Emil Gude (1806–88) og Olea Mathea Christiane Bergh (1816–57). Bror til Anthon Landmark (1842–1932); systerson til Otto Vincent Lange (1797–1870; sjå NBL1, bd. 8) og Ulrik Frederik Lange (1808–78; sjå sst.); fetter til Andreas Landmark (1808–87); onkel (fars halvbror) til Marie Landmark (1845–1935).

Theodor Landmark arbeidde heile sitt liv i og for landbruket, som forpaktar og brukseigar, skribent, lærar og organisasjonsmann. Han er mest kjent som initiativtakar til Norsk Landmandsforbund, der han også var formann dei første åra etter skipinga 1896.

Landmark voks opp i Fjaler i Sunnfjord, der faren var sorenskrivar og eigde garden Tysse, som vart arbeidd opp til eit mønsterbruk. Theodor gjekk i to år på Lillehammer Latin- og Realskole og tok deretter 1854 eksamen ved Romsdal amts landbruksskole, der syskenbarnet Andreas Landmark var styrar. Etter eit år heime på garden reiste han til Hohenheim landbruksakademi i Württemberg og tok eksamen der 1857.

Då han kom tilbake til Norge 1858, var han i fleire år gardsstyrar på bruk på Austlandet. 1862–68 var han styrar ved amtslandbruksskolen i Østfold. 1877 vart han dosent, frå 1898 overlærar (etter at Stortinget tok bort tittelen dosent) i jordbruksfag ved Den høiere landbruksskole på Ås, der han sat til han vart pensjonert 1907.

Landmark engasjerte seg tidleg i det faglege og organisasjonsmessige utviklingsarbeidet i landbruket. Han stod i spissen for opprettinga av Christiania Meieribolag 1872 og like eins for skipinga av Den norske Biavlsforening 1884 og av Landbruksfunktionærernes Forening 1898. Han sat også i fleire år i styret for Akershus Amts Landhusholdningsselskab og Det norske Myrselskap, samt i representantskapet i Selskapet for Norges Vel. Han skreiv mykje om jordbruksspørsmål i tidsskrift og aviser, og 1863–71 gav han sjølv ut Tidsskrift for det praktiske Landbrug og dets Binæringer.

I dei siste tiåra av 1800-talet stod jordbruksnæringa overfor store omstillingsproblem, og det var ulike syn på korleis desse problema best skulle løysast. Nokre meinte ein måtte satse på opplysningsarbeid og indre opprusting av næringa. Andre la vekt på at problema var skapte utanfor næringa og at dei måtte løysast gjennom politiske vedtak. Dette vart Landmarks syn og bakgrunnen for arbeidet han tok opp tidleg i 1890-åra for å organisere bøndene. Dei politiske partia var for lite opptekne av landbruket, meinte han. Samstundes var han inspirert av bondeorganisering i andre land, særleg i Tyskland og Danmark. Hausten 1893 presenterte han tanken om å danne “et økonomisk Bondeparti” overfor 10 bønder frå dei største gardane i Follo-distriktet. Med dette initiativet byrja planlegginga av det som februar 1896 vart Norsk Landmandsforbund.

Frå fleire hald, ikkje minst frå krinsar i Venstre som frykta å få ein fordekt høgreorganisasjon, møtte tanken om eit bondeparti motstand. Landmark, som sjølv var høgremann, la derfor bort denne tanken, og forbundet profilerte seg som ein politisk nøytral organisasjon som skulle stå over og utanfor dei politiske partia.

Det var eit sjølvsagt val å gjere Landmark til første formann i Landmandsforbundet. Han sat med dette vervet i vel fem år. Det var vanskeleg å vinne oppslutning blant bøndene i den første tida. Landmark vart skulda for å vere passiv og vart skifta ut ved formannsvala 1901. Under hans leiing vart det likevel etablert nokre grunnleggjande prinsipp i forbundspolitikken. Det viktigaste var målsetjinga om å skape ein landsomfattande bondeorganisasjon og ikkje berre ei agrarrørsle for storbøndene på flatbygdene, som elles stod sentralt i forbundet den første tida. Det innebar å sameine eit breitt spekter av interesser: “Thi til enigheds opnåelse er altid det nødvendigt, at man lemper sig efter de forskjellige landsdelers ønsker og behov…”.

Prinsippet om partipolitisk nøytralitet var også viktig i denne samanhengen. Landmark var likevel oppteken av at organisasjonen skulle ha politisk innverknad. Sjølv om han gav frå seg formannsvervet, sat han i landsstyret heilt fram til 1915, og han spelte ei sentral rolle då forbundet gjekk meir aktivt inn i valkampen 1906. Landmark ønskte då å gjere bondeorganisasjonen til eit “Landmanns- og Næringsparti”, men av fleire grunnar måtte denne tanken forlatast – i denne omgang. Og sjølv om han heldt fast ved Høgre, la han vekt på at forbundet også måtte ha eit godt forhold til Venstre, og han samarbeidde lenge tett med Gunnar Knudsen.

Landmark vart æresmedlem i Landmandsforbundet 1902, og han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1904. På 75-årsdagen 1911 oppretta han eit legat for forskings- og opplysningsarbeid i landbruket. Då han slutta ved landbrukshøgskolen 1907, flytta han til Ekeberg i Kristiania og budde der til sin død.

    Eit utval

  • Redegjørelse og Forslag til Love for Christiania Meieribolag, 1871
  • Docent Landmarks tale ved landmandsfesten paa Hovindsholmen den 11. juli 1909, 1909
  • Ønskelige foranstaltninger til Ekebergparkens forskjønnelse og nyttiggjørelse. Forestilling til Kristiania magistrat og kommunestyre, 1911

    Etterlatne papir

  • Handskrivne manuskript til Landbrugshistorie og Driftslære finst i biblioteket på NLH, Ås
  • Biografi (med bibliografi fram til 1891) i NFL, bd. 3, 1892
  • W. Dietrichson: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • G. Werner-Hansen: Norges Bondelag 1896–1956, 1956
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 i Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • M. G. Landmark: Landmark. Aner og etterkommere, 2 bd., Birkerød (Danmark) 2001
  • Måleri (halvfigur) av Harald Brun, 1908; NLH, Ås
  • Måleri (brystbilete) av Asta Nørregaard, 1910