Faktaboks

Theodor Dahl
Fødd
4. november 1886, Klepp, Rogaland
Død
5. mai 1946, Stavanger
Verke
Forfattar og journalist
Familie
Foreldre: Lærar og urmakar Kristian Dahl (1825–98) og Karen Torkildsdotter Engelsvoll (1851–1916). Gift 1905 med Ingeborg Pedersen (f. 4.7.1887), dotter av bakarmeister Tollef Pedersen (1845–1901) og Marie Thorsen (1848–1926).

Theodor Dahl var skjønnlitterær forfattar og skreiv konfliktfylde, psykologiske romanar, men han vert i ettertid helst hugsa som den folkelege forteljaren frå dei mange natur- og menneskeskildringane frå Jæren.

Dahl begynte yrkeskarrieren som handelsbetjent i Stavanger 1902, vart medarbeidar i Stavanger Avis 1906, redaktør av Stavanger Morgenblad 1911–12, medarbeidar i Vestlandsposten 1914–16, og var resten av livet journalist i Stavangeren.

Han debuterte 1921 med Lyngheisfolk, to forteljingar med undertittelen “Livsbilleder fra Jæren”. Året etter kom romanen Hanalandshanen. 1923 kom romanen Manden paa Timpelleitet og 1927 romanen Runest-krosset. Sidan følgde romanen Tre lys og to skjebner, forteljingane Gull-steinen og romanen En hest, en prest – og en morildsmann. Dahl avslutta sin skjønnlitterære forfattarskap 1938 med diktsamlinga Jeg kranser min jord.

I det offentlege minnet har Theodor Dahl stått som humoristen og den blide, folkelege forteljaren. Denne forfattaren møter vi ikkje i dei skjønnlitterære bøkene. Dahl sette forfattaren Arne Garborg særleg høgt, og skreiv romanane sine i den tunge, psykologiske tradisjonen som Garborg dreiv høgast i Fred. Handlinga i bøkene blir utspela i jærsk bygdemiljø frå byrjinga av hundreåret og framover, personane er ofte dei som står lågast i samfunnet, husmenn, dagarbeidarar og småbønder. I dei første bøkene er Dahl noko av det nærmaste ein kjem ein proletarforfattar her i landet.

Dahl konsentrerer seg ofte om personar med løynde konfliktar i seg som dei må gjera opp for, skal dei finna fred med seg sjølv og Gud. I dei fleste forteljingane er den religiøse dimensjonen i tilværet sterkt nærverande, og presten er ein sentral figur i handlinga. I den siste romanen er han hovudperson.

I mange historier er der ein motsetning mellom individet og bygda – kollektivet. I desse bygdeskildringane møter vi også alle dei forunderlege menneska frå samfunnets utkantar som Dahl elska å skildra. Mange av bygdeskildringane merker seg ut språkleg fordi Theodor Dahl brukar jærdialekten fritt og mykje presist: “'Å den døen kan ha tunge åratag,' sa Ola på Smørblomhodel. 'Nå Dødahavet bryda på det fælaste då gjelle det om å kunna ro med dei rette årane. Dei så æ arbeide på Golgatta.'”

Theodor Dahl var religiøs venstremann, men varsam med å signalisera politiske meiningar i sin litteratur. Det er likevel tydeleg kven som står hans hjarte nærmast. Helten i den beste romanen hans om Manden paa Timpelen er Mathæus. Han er “fri mand, fri i tanke og fri i færd. Derfor kom han titt paa tvers med folk”. Mathæus har gått i lære og gjætt sauer saman med den gamle bygdefilosofen Morten Kart. “Hans livsmaal var: Vær ærlig i sind og ord, gjør det gode, sky det onde.” Dahl kjende til Mauritz Kartevolds liv og tankar og reiser han eit minne i denne boka, som handlar om kva det kostar å halda denne posisjonen i strid med religiøse maktmenneske og bygda sine småmenn.

Dahl elska Jæren. Han kan som ingen annan gi ord til jærbuens kjærleik til jorda og naturen, og fanga det jærske drøset og den saftige, råkande humoren. Folkesegner og historie er vevt inn i bøkene hans saman med lyriske og dramatiske naturskildringar. I ei spesiell form som han utvikla i sine siste år, greier han å gjera desse kvalitetane ved Jæren litterært levande. Han skreiv ein slags minnebøker utan samanhengande menneskeskildring eller handling, men som samstundes sprenger ramma for folkeminne eller faglitteratur. Her får han spela ut sin lyse, barnlege frodighet, her greier han å kopla naturskildringa til menneskeskildringa og gjengi det rike, språklege tilfanget han hadde samla opp.

Theodor Dahl var i grunnen best som forteljar, minnest dei som møtte han. Dahl kunne trollbinda ei forsamling eller eit lag med stemningar, ordkunst, og lun, frisk humor. I minnebøkene gir han uttrykk for desse kvalitetane, og det er dei bøkene som held minnet om forfattaren Theodor Dahl levande i dag.

I fleire av bøkene samarbeidde han med teiknaren Henry Imsland, også i den siste boka som kom ut 1947, året etter at han var død: Byen og menneskene. Her har Theodor Dahl makta å flytta seg frå det elska Jæren og heilt inn til Stavanger og erindrar alle dei menneska som krossa hans journalistveg: “Den gang bar nesten alle målfolk brede, svarte hatter. Jeg vet ikke hvorfor. De kom stigende inn i Stavanger Avis med disse tunge brede hattene som lå som svarte himler over skikkelsene. De bar liksom hver sin himmel med seg på ferden.”

Verker

  • Lyngheisfolk, 1921
  • Hanalandshanen, 1922
  • Manden paa Timpelleitet, 1923
  • Runest-krosset, 1927
  • Tre lys og to skjebner, 1932
  • Jærsk lynne og humor, Stavanger 1932
  • Gull-steinen, 1933
  • En hest, en prest – og en morildsmann, 1937
  • Jeg kranser min jord, dikt, Stavanger 1938
  • Under Jærens himmel. Jæren som det lever i folkets minne, Stavanger 1942
  • Jæren i syn og minne, Stavanger 1943
  • Til deg du hei – På Arne Garborgs minnevegar, Stavanger 1944
  • Humor frå hav til hei, Stavanger 1944
  • Byen og menneskene, Stavanger 1947

Kilder og litteratur

  • HEH1938 og 1948