Faktaboks

Talleiv Huvestad
Talleiv Olsen Huvestad
Fødd
1761, Skafså sokn (no Tokke kommune), Telemark
Død
13. juli 1847, Eidsborg sokn (no Tokke)
Verke
Bonde og eidsvollsmann
Familie
Foreldre: Gardbrukar Olaf Tollefsen Storåsli (1724–78) og Thorbjør Gjermundsdotter Kjestveit (1734–1805). Gift 7.11.1797 med Gjertrud Rasmusdotter Mandt (26.4.1778–24.12.1845), dotter av sylvsmed og gardbrukar Rasmus Mandt (1731–1813) og Gunhild O. Håtveit (1741–1813).

Talleiv Huvestad var eidsvollsmann frå Telemark og ein av dei fremste bøndene i riksforsamlinga.

Huvestad var fødd på garden Storåslid i Skafså, men flytte til Dalen i grannesoknet Eidsborg etter at mora hadde gift seg opp att med Vetle T. Huvestad. Talleiv overtok Huvestad etter stefaren 1794.

Si fyrste opplæring fekk han i omgangsskulen, og ikkje lenge etter konfirmasjonen var han sjølv nokre år omgangsskulelærar. Som bonde heldt han fram med å skaffe seg kunnskapar, særleg i soge, helselære og rettslære. Ein lærd bonde som ikkje bare kunne lese, men også skrive, skilde seg ut, og Huvestad fekk ei sentral rolle i dei øvre telemarksbygdene i samanhengar der litterær kultur var ein ressurs. Av folk vidt ikring blei han nytta som rådgjevar, og bønder sende sønene sine til han for å få opplæring. Han skreiv det meste av skilsdommar, utskiftingsbrev, arvebrev og gåvebrev, og var likeins utskiftingsformann. Det var særleg skog og beitemark som ennå var felleseige.

Huvestad var også sentral i det lokale “helsestellet” ved å fungere både som dyrlækjar og allmenndokter. Han stod dessutan for koppevaksinering, som var blitt innført i Danmark-Noreg 1801 og påbode frå 1810, og som det vanlegvis var prestar som tok seg av rundt om i bygdene.

Til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814 blei han vald som tredje sendemann frå Bratsberg amt, etter amtmann Severin Løvenskiold og futen Peder Jørgen Cloumann. Henrik Wergeland skriv om Huvestad i si Norges Konstitutions Historie: “Et udmærket Eksemplar af disse, især i Historie, belæste norske Fjeldbønder, som stundom overrasker den reisende. Kunde ikke 'sættes' (som det heder) i Snorre, og besad derhos, i Dybet af den elskværdigste Beskedenhed, under sin Telekofte, flere Kundskaber i Udenverdenens Historie og Geografi. Disse fremtraadte engang saa overraskende under en Diskurs, Prinsen førte i Anledning af et af de sidste napoleonske Feltslag, at denne udraabte: 'hvilke Bønder der dog er i Norge!' Han udtrykte sig – hvad dengang var sjeldent mellem de norske Bønder – ogsaa skriftligen korrekt og klart.”

I spørsmålet om forholdet til Sverige følgde Huvestad sine amtskollegaer og stod heile tida saman med Herman Wedel Jarlsberg og “unionspartiet”. I dette skilde han seg frå fleirtalet av bonderepresentantane. Derimot stod han saman med dei i dei typiske bondesakene, der han var den mest aktive av dei alle, og den som sterkast kom til å prege grunnlova. To av framlegga han var med på, om fri sagbruksdrift og om sal av det benefiserte godset til fordel for eit grunnfond for ein statsbank, førte ikkje fram. Framlegget om å grunnlovsfeste og styrke odelsretten, eit framlegg som visstnok Huvestad sjølv skreiv, møtte derimot utbreidd sympati. Odelsretten hadde i ei tid vore sterkt utsett og stod frå 1811 framfor full avvikling. Her representerte grunnlova av 1814 eit vendepunkt.

Huvestad var andre sendemann frå Bratsberg amt til Stortinget 1818, der han heldt oppe ein markert bondepolitikk, og medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm same året. Til Stortinga 1821 og 1824 var han andre varamann.

Kilder og litteratur

  • H. Wergeland: Norges Konstitutions Historie, 1841–43 (i Skrifter i Udvalg, bd. 6, 1897, s. 194 f.)
  • B. T. Anker: Minne-ord ivi Eidsvollsmannen Talleiv Olavsson Huvestad ved avdukingi av ein bautastein paa gravi hans 17. mai 1901, 1901 (faksimileutg. Dalen 1997)
  • biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • A. Bergsgård: Grunnlova, bd. 1 i d.s.: Året 1814, 1943
  • O. T. Bakken: Lårdalsoga, Dalen 1978
  • S. Marvik: Mo bygdebok. Gard og ætt, Dalen, 1989
  • artikkelen “Odelsretten”, i R. Fladby, S. Imsen, H. Winge: Norsk historisk leksikon, 1974
  • Vest-Telemark Museum, Dalen

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Mikkel Mandt, 1843; Vest-Telemark Museum
  • Kopi av måleriet over, u.å.; Huvestad, Dalen
  • Måleri basert på Mandt, u.å.; Eidsvollsbygningen, Eidsvoll
  • Minnestein, 1901; på gravstaden, Eidsborg stavkyrkje
  • Relieff av Anne Grimdalen, u.å.; i minnesteinen
  • Relieff av Anne Grimdalen, u.å. (avduka 1949); Minnelunden i Skafså, Tokke
  • Kolteikning av Øystein Vesaas, 1927; kommunehuset i Tokke