Faktaboks

Sylvester Sivertson
Eig. Sylfæst Sivertson
Fødd
3. september 1809, Lom (no Skjåk), Oppland
Død
6. desember 1847, Drammen, Buskerud
Verke
Pressemann
Familie
Foreldre: Gardbrukar Syver Sylfæstssøn Hyrve (1778–1835) og Anne Olsdotter Hjeltar (1783–1837). Ugift.
Sylvester Sivertson
Sylvester Sivertson
Av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※.

Sylvester Sivertson har i første rekkje eit namn som pioner i norsk presse. Han var ein av dei første i Noreg som gjorde journalistikken til si livsgjerning. I 1830-åra og første del av 1840-åra var han blant dei sentrale opinionsdannarane i den offentlege allmenta.

Sivertson voks opp i Skjåk. Foreldra vart tidleg med i Hauge-rørsla, og heimen deira vart eit viktig samlingspunkt for Hauge-venene. Den unge Sylvester synte tidleg opposisjonstrong, men hadde heile livet stor respekt for Hauge og haugianismen. Kristendommen som han lærte heime, var ein del av han så lenge han levde.

Som den eldste av seks sysken var Sylvester odelsgut, men det var helst bøkene han interesserte seg for. Eit par år etter konfirmasjonen var han i skule hjå haugianaren og den seinare stortingsmannen Lars Jensen på Ringsaker. Seinare fekk han undervisning hjå eit par prestar, før han ei tid arbeidde som betjent hjå den haugianske handelsmannen Ole Dahl i Trondheim. Ved eit seinare opphald i Trondheim budde han hjå haugianaren Michel Grendahl, storbonde og seinare stortingsmann. Sivertson vart hjelpt fram til utdanning av Grendahl og haugianske vener.

Medan han var i Trondheim, hadde Sivertson teke til å skrive avisartiklar, som han fekk på prent i hovudstadspressa. Då han 1832 kom til Christiania for å studere, byrja han med ein gong å skrive for aviser og blad. 1833 fekk han stilling som redaksjonssekretær i bladet Statsborgeren, eit embetsmannskritisk organ, skipa eit par år tidlegare av telemarkingen Per Soelvold.

I Christiania vart Sivertson tidleg med i Wergeland-flokken, dei såkalla “patriotene”. Som Wergeland var Sivertson oppteken av folkeopplysning, tufta på fridom, norskdom og kristendom. 1833 gav han ut boka Haugianismen, dens Historie og Væsen. Her gav han ei positiv vurdering av Hauge-rørsla. Eit vesentleg kjennemerke ved haugianarane, skreiv han, er at “de er baade den aandelige og den borgerlige Friheds Forkjæmpere”. Og han hylla Hans Nielsen Hauge: “Profetisk stod du frem blandt Nordens fjelde!”

Våren 1835 gjekk Sivertson opp til examen artium. Han gjorde det framifrå i norsk, men strauk i matematikk. Han tok ikkje eksamen opp att. Om lag på denne tida byrja han å gje ut sitt eige blad, Den frimodige (etter oppmoding av Wergeland). Frå Stortinget skreiv han “stortingsefterretninger” til Statsborgeren og Morgenbladet, og han vart den første redaktøren av Stortingsefterretninger, Stortingets eige blad (1836–38).

Sivertson var mykje saman med bondetingmenn i hovudstaden. I dette miljøet vart han snart ein sentral person. Han hjelpte dei med å skrive talar og framlegg, og dermed fekk han ikkje berre god kjennskap til politikken i samtida, men òg politisk innverknad. Sivertsons vener Lars Jensen og Michel Grendahl sat på Stortinget i denne perioden; dei var båe sentrale i den såkalla bondeopposisjonen saman med Ole Gabriel Ueland.

1841 vart Sivertson redaktør i det nyskipa bladet Lillehammer Tilskuer. Desember 1842 forlét han redaktørstolen her for å bli redaktør av Nordlyset i Trondheim. Frå juli 1845 var han redaktør av Drammens Tidende. Som avisredaktør kom Sivertson til å bli ein pioner i norsk presse. Han skreiv grundige politiske artiklar, lét ulike politiske meiningar kome til orde og informerte lesarene om kunst og litteratur. Sjølv skreiv han ikkje så få dikt under pseudonymet Urdsongis, som truleg var ei omskriving av namnet hans. Ei samling med nokre av dikta hans vart gjeven ut posthumt 1848.

Som pressemann målbar Sivertson liberale idear. Han var ein representant for det historikaren Jens Arup Seip kallar “den patriotiske liberalismen”, som i sterk grad var prega av ein fridomsideologi. Tidleg tok han til orde for religionsfridom. I ein artikkel frå 1833 gjekk han inn for at kyrkjelydane sjølve måtte få rett til å kalle prestar, og han konkluderte med at stat og kyrkje burde skilje lag. Året før hadde han gjort seg til talsmann for skulereformer i demokratisk retning. Mindre kjend er det at han berre to månader etter at Stortinget 1845 hadde vedteke dissentarlova, lanserte eit vidtgåande framlegg til endring av Grunnlova. Han ville endre § 2 gjennom å fjerne jødeforbodet (han hadde vore ein ivrig støttespelar for Wergeland i jødesaka) og gjennom å formulere fri religionsutøving for “alle christelige Religionsbekjendere”. Han gjekk vidare inn for at § 92 om embetsmennene si trusvedkjenning berre skulle binde prestar og dommarar til å vere medlemmar av statskyrkja, ingen andre. Som grunngjeving for framlegget viste Sivertson til prinsippet om religionsfridom, og han meinte at det var ein naudsynt konsekvens av dissentarlova. Stortingsrepresentant Ingebrigt Haldorsen Sæter, ein av bondetingmennene, fremja framlegget på Stortinget, men det vart røysta ned 1848.

Sylvester Sivertson døydde 1847, berre 38 år gammal, og vart gravlagd på Bragernes kyrkjegard i Drammen. Til 100-årsdagen 1909 vart ei minnestøtte over han reist på fødestaden hans i Nordberg i Skjåk.

Verker

    Eit utval

  • Betragtninger over Skolevæsenet tilligemed nogle Forslag til sammes Forbedring, 1832
  • Haugianismen, dens Historie og Væsen, samt Forhold til Herrnhutismen, fremstillet af en Sandhedsven, 1833
  • red. Den Frimodige, hf. 1–30, 1833–34
  • For Statsborgere mod “Statsborgeren”, 1835
  • red. Storthings-Efterretninger, indeholdende 8de ordentlige og 4de overordentlige Storthings Forhandlinger samt Rigsretten i 1836, 1837
  • Sorg og Haab! Lyrisk Digtning i 2 Afdelinger, Trondheim 1844
  • Udvalgte Digte, utg. av O. Sivertson, (posthumt) 1848

Kilder og litteratur

  • NFL, bd. 5, 1901
  • I. Kleiven: Lom og Skjåk, 1915/1973
  • E. Molland og A. Skrondal: “Dissentarspørsmålet i Noreg 1845–1891”. Opposisjonsinnlegg ved stiftskapellan Knut Rygnestads disputas for den teologiske doktorgrad 22. september 1956, i NTT 1956, s. 193–217
  • Ø. Anker: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • K. Skåre: “Sylvester Sivertson”, i Skjåk kommune (utg.): Skjåk. Utgjeve i høve bygdajubileet 1966, Skjåk 1966, s. 339–346
  • Aa. Skullerud: Bondeopposisjonen og religionsfriheten i 1840-årene, 1971
  • J. A. Seip: Utsikt over Norges historie. Første del, 1974
  • E. Molland: Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bd. 1, 1979
  • G. Blekastad: “Sylvester Sivertson. Skjåkvær, Wergeland-ven og første redaktør av Lillehammer Tilskuer”, i Årbok for Gudbrandsdalen 1981, Lillehammer 1981, s. 138–148
  • I. Teigum: Sylvester Sivertson – publicist, Skjåk 1997
  • H. P. Hosar: Skjåk bygdebok, bd. 3, Skjåk 1998

Portretter m.m.

  • Litografi (brystbilete) utført ved E. Bærentzen & Co., København; attgjeve i Udvalgte Digte, 1848, og i Årbok for Gudbrandsdalen 1981, s. 139