Filolog og språkpolitikar. Foreldre: Gardbrukar Per P. Lomheim (1910–2003) og Inger Kristine Beheim (1911–2003). Gift 8.9.1973 med førsteamanuensis Franine Girard (27.3.1949–), dotter til rekneskapskonsulent André Girard (1922–99) og Suzanne Lesellier (1922–94), ekteskapet oppløyst 1991.

Sylfest Lomheim er ei kjend og markert stemme i språk-Noreg, først og fremst frå radio og fjernsyn, men også frå bøker og artiklar. Som den første i den sentrale stillinga som direktør for Språkrådet (frå 2003) har han stor formell språkleg påverknadskraft og -mynde, både andsynes beslutningstakarar i departement og Storting og andsynes den breiare ålmenta.

Lomheim tok examen artium ved Sogndal gymnas 1964, blei student i Oslo same år og studerte fransk, engelsk og norsk. Han blei cand.philol. 1971, og hovudfagsavhandlinga hans i norsk er ein språkleg analyse av spørsmåla i spørjetimen på Stortinget. 1969 blei Lomheim tilsett i NRK Fjernsynet og arbeidde som producer i internutdanninga og også i Sportsrevyen. 1971–74 var han sendelektor i norsk i Caen i Frankrike. Tilbake i NRK som konsulent 1975 fekk han ansvaret for rekruttering av nynorskmedarbeidarar.

1977 blei han tilsett som amanuensis ved fagomsetjarstudiet ved Agder distriktshøgskole (ADH, no Høgskolen i Agder). Han blei førsteamanuensis 1984 og professor i omsetjingsfag der 2003. 1987–92 var han rektor ved ADH.

Lomheim blei 2003 tilsett av Kulturdepartementet som direktør for Språkrådet, som var under omdanning mellom 2004 og 2006. Han er den første som har denne stillinga og har såleis eit primæransvar for ein ny norsk språkpolitikk.

Lomheim har hatt ei rekkje verv, m.a. som medlem av Humanistisk forskingsråd i NAVF 1979–82, språkkonsulent for nynorsk i NRK 1980–94 og fast medarbeidar i NRKs radioprogram for språkspørsmål sidan 1991. Han var språkkonsulent for Bibelselskapet/Verbum Forlag i samband med revisjon/nyomsetjing av Nytestamentet 1999–2003. Han var leiar for Vest-Agder Arbeidarparti og medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet 1996–2001 og var statssekretær i Barne- og familiedepartementet i Jagland-regjeringa (1997).

Sylfest Lomheim har gjeve ut ei rekkje bøker om ulike språklege emne, t.d. Omsetjingsteori, Nynorsk i NRK, Crosscultural communication, Ord om ord og språkspørjeboka Quizleis, i tillegg til ein rad artiklar på norsk, engelsk og fransk. Han har òg medverka i fjernsynsserien “Typisk norsk” i NRK. Hans populariserande, uhøgtidelege og humørfylte form har gjort han omtykt i vide krinsar, også slike som tradisjonelt har stått nynorsken fjernt. Slik sett er målmannen Lomheim eit stort aktivum for målrørsla.

  • Omsetjingsteori. Ei elementær innføring (1989, ny rev. utg. 1996)
  • Nynorsk i NRK. Frå A til Å (1994)
  • Crosscultural communication. A case study (sm.m. E. Matiku), Kristiansand 1997
  • Skrifta på skjermen. Korleis skjer fjernsynsteksting?, Kristiansand 2000
  • “Sjønna på Elbjursfjell”. Om Alexander Seippels liv og virke (sm.m. Aa. Lande og G. Stubseid), Kristiansand 2001
  • Språkteigen, 2003
  • Ord om ord, 2004
  • Quizleis. Spørjebok om språk (sm.m. H. Uri og P. E. Hegge), 2005
  • SNL
  • opplysningar frå den biograferte