Arkitekt og byplanleggjar. Foreldre: Los Hans Martinius Pedersen (1843–1910) og Christine Elisabeth Andersen (1856–1948). Gift 1913 med Edith Gretchen Børseth (7.11.1891–19.12.1962), dotter til handelsmann Ingebrigt Børseth (1865–1903) og Clara Krokson (1874–1938). Bror av Harald Pedersen (1888–1945) og Marie Lovise Pedersen (1893–1988).

Sverre Pedersen var professor i byplanlegging ved Norges tekniske høgskole (NTH) i over 30 år, og han stod bak meir enn 100 reguleringsplanar for norske byar og tettstader.

Pedersen voks opp på eigedommen Sandstad på Lademoen, som vart innlemma i Trondheim 1893. Han tok eksamen på arkitektavdelinga ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt 1901 og studerte ved den tekniske høgskolen i Hannover 1902–03, deretter ved høgskolen i Charlottenburg ved Berlin. Han vart tilsett i Trondhjems kommunale bygningsvesen 1905, frå 1908 som avdelingsarkitekt, og 1914–20 var han stadsarkitekt. Frå 1913 underviste han dessutan ved NTH, og 1920 vart han utnemnd til professor i bygningskunst og byregulering der. Han sat i denne stillinga til han gjekk av med pensjon 1954.

Som stadsarkitekt i Trondheim starta Pedersen eit langvarig arbeid med vern og vedlikehald av byens kongebolig Stiftsgården, det fremste dømet på norsk panelarkitektur, og han heldt fram som intendant i mange år etter han fekk nye stillingar. Som stadsarkitekt såg han boligmangelen som eit sosialt problem, og han fekk sett i gang boligbygging av både permanent og provisorisk art, påverka av den engelske hagebyrørsla, m.a. dei første kommunale arbeidarbustadhusa i Trondheim – murhusa på Ulstadløkken (1914–15) – og dei “provisoriske” bustadhusa på Kristianstenssletta (1916–20), som framleis står. Pedersen var òg arkitekt for fleire offentlege bygningar i byen, som t.d. Trondhjem Gassverk. 1929 var han ein av vinnarane i konkurransen om forslag til restaurering av Nidarosdomen, og 1930 vart bygningane for Trøndelagsutstillinga på Nidarø og Skansen i Trondheim reiste etter ein plan som Pedersen hadde utarbeidd saman med arkitekt Roar Tønseth.

Sverre Pedersen er best kjend som byplanleggjar, og han var ein nybrotsmann på feltet. Alt 1913 la han fram ein plan for Sør- og Austbyen i Trondheim saman med den svenske ingeniøren Fritz Berger. Totalt laga han meir enn 100 planar for norske byar og tettstader, og han kom til å setje sitt preg på norsk byforming gjennom store deler av 1900-talet. Planane viser at han var oppteken av det typiske i samtida. Som grunnlag for arbeidet med planane undersøkte han lokale geografiske forhold, særprega terrengformasjonar, utsiktspunkt, økonomiske vilkår og det norske, lokale stilpreget og miljøet i arkitekturen på vedkomande stad. Kontakten mellom byen og omgivnadene var viktig. Han let bebyggelsen understreke og framheve karakteristiske former i terrenget og opna for vakre utsikter til naturen gjennom parkbelte eller breie gate- eller torganlegg.

1923 vart det utlyst ein konkurranse om disponeringa av tomta for det nye universitetet på Blindern i Oslo. Pedersen vann med ein plan der bygningane var plasserte langs ei akse som gav utsyn til den nye Monolitten i Frognerparken. Teikningane hans lå til grunn for den fyrste utbygginga, men vart seinare lagde bort, og det som er att av “Pedersens akse”, er avgrensa til sjølve universitetsområdet.

Eit viktig oppdrag vart reguleringa av 24 krigsherja byar og tettstader etter bombinga 1940. Oppdraget kom frå NS-myndigheitene, men nokre av desse hadde han laga planar for tidlegare. Pedersen var leiar av organisasjonen Brente Steders Regulering (BSR) 1940–45. Gjenreisinga av sentra var viktigast, då perifere strok var mindre skadde. Byane vart gjenreiste etter hovudretningslinjene til Pedersen med utsiktsaksar og terrengtilpassing.

Etter avhandlinga Trøndersk bygningskunst omkring 1800 (1911) publiserte Pedersen gjennom åra ei lang rekke avhandlingar og artiklar med varierte tema i tidsskrift og dagspresse. Hans store verk Byplanarbeider i de lyse netters land i seks gjennomillustrerte band finst berre i manuskript (i UBT) utanom nokre få eksemplar i privat eige. Han var òg ein etterspurd foredragshaldar, og han heldt gjesteforelesingar ved fleire utanlandske universitet. Då den engelske Housing and Town Planning-rørsla breidde seg i Europa, var han med frå starten. Pedersen var kjend for sin humor og slagferdige replikkar.

Sverre Pedersen hadde ei lang rad tillitsverv og representerte Noreg ved kongressar i utlandet om byplanlegging og arkitektur. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Det Norske Videnskaps-Akademi (båe frå 1938), æresmedlem av British Town Planning Institute og korresponderande medlem av Østerrikes arkitektforbund, arkitektforbundet i Buenos Aires og Deutsche Akademie des Städtebaues i Berlin. 1936 vart han æresdoktor ved den tekniske høgskolen i Darmstadt, Tyskland, og han fekk Kongens fortenestmedalje i gull 1961.

    Byggverk (eit utval; alle i Trondheim)

  • Arbeidarbustadhus på Ulstadløkken, “Boligan”, Anton Kalvaas gate 1–10, 1914–15
  • Trondhjem Gassverk, Jarlheimsletta, 1915–18
  • arbeidarbustadhus på Kristianstenssletta, General Buddes gate/Kristianstensbakken/Nedre og Øvre Kristianstens gate/Skansegata, 1916–20
  • paviljongar for Trøndelagsutstillingen (sm.m. R. Tønseth), Nidarø og Skansen, 1929–30
  • bustadhus på Voldsminde, 1935–38

    Reguleringsplanar (eit utval)

  • Trondheim, 1911–43 (Sør- og Austbyen (sm.m. F. W. Berger), 1911–13, Vestbyen, 1932, Midtbyen, 1936–38, generalplan for Trondheim og Strinda, 1942–43)
  • Bodø, 1920 (ny plan gjennom BSR 1940)
  • universitetsanlegget på Blindern, Oslo, 1923 (seinere endra)
  • Drammen, 1934–35
  • Molde, 1936 (ny plan gjennom BSR 1940), ny plan for torgområdet, Molde 1955
  • Kristiansund, 1930-åra (ny plan gjennom BSR, 1940)
  • Sjå elles verkliste for byggverk og reguleringsplanar i NKL, bd. 3, 1986, s. 188–189

    Trykt materiale (eit utval)

  • Trøndersk bygningskunst omkring 1800, Trondheim 1911
  • An example of town planning in Norway. Notes on the development of Trondhjem, London 1920
  • Tysk byregulering og boligbebyggelse av idag, Trondheim 1931
  • Nogen moderne synspunkter for byreguleringen, i Dagsposten (Trondheim) 1932
  • Byplanen og terrenget belyst ved enkelte norske eksempler, Trondheim 1943

    Etterlatne papir

  • Sverre Pedersens særs omfattande privatarkiv (inneheld m.a. manuskriptet Byplanarbeider i de lyse netters land, 6 bd., 1957) finst i UBT
  • Rikhaldig kjeldeliste i H. S. Tvinnereim: Det nye Molde, 1988 (sjå nedanfor)
  • Artiklar i Nidaros 14.10.1920, TU 1920, s. 248, Byggekunst 24, 1942, s. 60–62 og 1962 Tillegg, s. 17–18
  • fødselsdagsomtalar i Adr.av. 2.8.1952 og 1.8.1962, Arbeider-Avisa (Trondheim) 2.8.1952 og 31.7.1962, samt Aftenp. 2.8.1962
  • H. Hals: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • HEH 1968
  • E. Gjone: “Sverre Pedersen”, minnetale, i DKNVS Forh. 1972, s. 45–49
  • V. Hagerup m.fl.: Sverre Pedersen, en pioner i norsk bolig- og byplanlegging, Trondheim 1981
  • T. Indahl: biografi i NKL, bd. 3, 1986
  • H. S. Tvinnereim: Det nye Molde. Ein studie av gjenreisinga etter bombinga i 1940 på bakgrunn av ulike retningar innan europeisk byggingskunst og med særleg vekt på professor Sverre Pedersens planarbeid for norske byar og tettstader, dr.avh., 1988
  • d.s.: “Sverre Pedersen – patriot og europear”, i Trondhjemske samlinger, 1991, s. 40–49
  • T. Bratberg: “Arbeiderboliger”, i d.s.: Trondheim byleksikon, 1996
  • H. S. Tvinnereim: “Byplan, bolig og landskap. Sverre Pedersens planarbeid for byar og tettstader i mellomkrigstida”, i M. Bing og E. Johnsen: Nye hjem. Boligmiljøer i mellomkrigstiden, 1998, s. 36–45
  • A. Lilienberg: Anteckningar, udatert manuskript i Pedersens arkiv, NTH