Folklorist. Foreldre: Sokneprest Ludvig Olai Theodor Solheim (1860–1947) og Hanna Andrea Enoksen (1870–1924). Gift 1939 med lærar Astrid Bergitta (Birgitte) Fanebust (3.8.1900–10.9.1942), dotter til materialforvaltar Nils Olsen Fanebust (1870–1938) og Jenny Bakkebø (1878–1959).

Svale Solheim var den første norske folklorist som sette folk, ikkje minna, i sentrum. Programmatisk ville han avdekkja tradisjonens løyndemål, både i fordommar mot å nytta visse ord i visse situasjonar og i heile folkediktinga.

Solheim var presteson og voks opp på vestlandskysten, i Jelsa i Ryfylke, Bud i Romsdalen og Kopervik. Etter examen artium ved Stavanger offentlege skule 1923 tok han fatt på filologien, men braut av utdanninga og gjekk til sjøs i to år. Deretter fullførde han studiane ved Universitetet i Oslo 1934 med norsk hovudfag og bifaga historie og geografi. Politisk slutta han seg til venstresida og gjekk inn i kommunistpartiet, men vart ekskludert saman med Furubotn-fraksjonen 1950. Under andre verdskrigen var han med i den kommunistiske motstandsrørsla og låg lenge i dekning.

Etter avslutta studium var Solheim granskingsstipendiat ved Instituttet for samanliknande kulturgransking 1935–52 og tok doktorgraden på avhandlinga Nemningsfordomar ved fiske 1940. Han var førstearkivar ved Norsk folkeminnesamling 1952–56 og professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo frå 1956.

Solheims interesse for menneskets strid for tilværet kjem tydeleg fram i dei første arbeida hans om fordommar ved fiske. Fordi dei skapte konsentrasjon om arbeidet, fremja og sikra dei produksjonen. Fordommane skulle verna mot farlege makter i form av supranormale vesen, naturkrefter, vonde menneske og dyr.

I Norsk sætertradisjon, som var ein del av eit større prosjekt om norsk seterkultur ved Instituttet for samanliknande kulturgransking, presenterte og tolka Solheim setertradisjonen på grunnlag av livsinteressene til brukarane og som uttrykk for vanskar og medgang. Han hevda at berre gjennom eit engasjert og subjektivt standpunkt kan forskaren koma fram til ei objektiv forståing av tradisjonen. Både i historia om fisket og om stølsdrifta var det mennesket han søkte. For å få det til sette han tradisjonen inn i ein større sosiokulturell kontekst.

Av legning var Solheim rasjonalist og meinte at folketru og skikkar var rasjonelle i utgangspunktet, skapte ut av bestemte behov, men dei kan seinare ha fått ei supranormal forklaring som gav rom for å skremma med sanksjonar når dei vart brotne. Tradisjonen om at det måtte vera stille om kveldane, tolka han som ei regulering av døgnrytmen: tidleg i seng og tidleg opp. Ved å knytta dette til eit krav frå dei underjordiske, fekk det ei vektigare, supranormal grunngjeving.

I studiet av segntradisjon understreka Solheim at segnene uttrykkjer den folkelege oppfatninga av historiske hendingar og at segnene kan skapa historie ved å bli realiserte på nytt. Eksempla hans inkluderer eit mislukka bondeopprør frå 1541 som argumenterte med segna om Huneheren som gjekk heilt til Roma portar. Stundom kan samanhengane vera tvilsame, som når han vil sjå ei form for undergrunnsrørsle som bind Thomas Müntzers bondeopprør og Thranerørsla saman med segna om Huneheren. Heilt nøktern er derimot analysen av segna om vegvisaren som førde fienden utfor stupet under andre verdskrigen.

Mot det vanlege synet hjå historikarane den gong hevda Solheim at utan hjelp av den munnlege tradisjonen kan ein ikkje få fram eit heilskapleg bilete av det eldre bonde- og fiskarsamfunnet: “Gjennom arbeidsprosessen skaper mennesket si historie, [...] og fram må stiga det skapande og stridande mennesket.”

Utan å vera funksjonalist gav Solheim funksjonelle forklaringar på tradisjonen; kultursynet hans var farga av marxistisk tankegang utan at han nytta marxistisk teori. Tvisynet prega både forskinga og det politiske engasjementet hans, og som lærar var han inspirerande og sosial.

  • Ålmenne fordomar ved fiske, 1939
  • Nemningsfordomar ved fiske, dr.avh. UiO, 1940
  • Kastrøysar, 1941
  • Folketradisjonen som historisk kjelde, i Bygdesogekurset i Trondheim 28. juni – 3. juli 1948, Steinkjer 1950, s. 141–154
  • Norsk sætertradisjon, 1952
  • Horse-Fight and Horse-Race in Norse Tradition, 1956
  • Eine nordische Sage und Thomas Müntzers Volksreformation, i Deutsches Jahrbuch für Volkskunde, bd. 10, 1964, s. 225–237 (på norsk i Norveg 1973)
  • Historical Legend – Historical Function, i Acta Ethnographica Academiae Scientiarum Hungaricae, bd. 19, 1970, s. 341–346 (på norsk i Norveg 1973)
  • artiklar o.a. i Svale Solheim til minne, Norveg, bd. 16, 1973
  • The Types of the Scandinavian Medieval Ballad. A descriptive catalogue (sm.m. B. R. Jonsson og E. Danielson), Oslo/Stockholm 1978

    Etterlatt materiale

  • Upubliserte folkeminneoppskrifter i Norsk folkeminnesamling, UiO
  • Stud. 1923, 1950
  • N. Lid: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • HEH 1968
  • R. Kvideland: “Svale Solheim 1903–1971. Selektiv bibliografi”, i Temenos, bd. 7, 1971, s. 113–116 (bibliografien er trykt opp av O. Bø i nedanfornemnde arbeid, s. 9f.)
  • O. Bø: “Professor Svale Solheim. Minneord”, i DNVA Årbok 1972 og Norveg, bd. 16, 1973, s. 1–9
  • A. H. Bolstad Skjelbred: “Svale Solheim som forsker”, i Tradisjon, bd. 14, 1984, s. 63–72
  • K. Fløgstad: Ved Roma port, 1994
  • T. Titlestad: I Stalins skygge, Bergen 1997