Forfattar. Foreldre: Bonde og ordførar Eirik Torsteinson (Hellesnes) Bygd (1859–1949) og Ingebjørg Sjursdotter (1866–1945). Gift 1931 med Gudrun Ullestad (22.5.1899–17.3.1981), dotter til landhandlar Olaf Ullestad (1872–1960) og kona Brita (1871–1948).

Sjur Bygd var ein av dei mest særmerkte forfattarane i bygde-Noreg på 1900-talet. Med djup psykologisk innsikt og ei ofte scenisk presentasjonsform skildrar han utviklinga i eit bygdesamfunn og menneska som lever i det.

Bygd voks opp på heimegarden Bygd i Myrkdalen i Vossestrand. I to vintrar (1906–07 og 1910–11) var han elev ved Voss Folkehøgskule. Med Statens reisestipend og stipend frå Norsk Bokmannslag drog han på studieferder til Danmark og Sverige. Han overtok garden etter faren 1931 og let han sjølv til dottera si 1951.

Sjur Bygd var òg politisk og på anna vis engasjert i lokalsamfunnet: I to etterfølgjande valbolkar (1926–34) var han ordførar i Vossestrand (som då var eige herad). Som heradsstyrerepresentant sat han elles i 10 år, siste venda i åra etter andre verdskrig. 1935–59 var han bankkasserar i Vossestrand sparebank. Samfunnsinnsatsen gjorde Sjur Bygd til ein omtykt og respektert mann. Hans stillfarande og omgjengelege veremåte og aldri sviktande lojalitet mot bygda han var sett til å tene, gav han mange vener og sikkert nokre uvener. Slik er det gjerne å vere heidersmann.

Bygds forfattarskap fell i to bolkar – åra før og mot slutten av perioden med vekselbruket mellom garden, politikken og banken. Alt tidleg synte han interesse for litteratur, både gjennom eigne skriveøvingar i ung alder og ved å lese forfattarar som Hans E. Kinck og Fjodor Dostojevskij. Men det var framom alt inspirasjonen frå det faglege og pedagogiske miljøet ved Voss Folkehøgskule som gav diktargjerninga hans mål og retning.

Bygd debuterte som forfattar med novellesamlinga Fjell-folk (1915), etterfølgt av romanane Holmgang og Valplassen. Deretter kom ei ny novellesamling, Luftspeglingar (1925); eit utval av desse novellene, saman med nokre nye, er prenta i samlinga Mannen og natta (1970). Då Bygd som 60-åring tok opp att forfattarskapen etter eit kvart hundreårs togn, gav han ut romanane I hamskifte, Draumen – og Mot blå berg.

I bøkene sine er Bygd særleg opptatt av å skildre brytingane i bygdesamfunnet, slik det har utvikla seg frå veidemannssamfunn og naturalhushald til bondesamfunn og fram til moderne tid. Forfattaren skildrar ikkje den historiske utviklinga steg for steg, slik ein ofte ser i den klassiske historiske romanen. I staden samlar Bygd framstillinga om ein del konkrete stridsspørsmål. Den spesielle situasjonen peikar utover seg sjølv, fordi motsetnadene som sermerker dei forskjellige fasane i bygdehistoria, blir konkretiserte og intensiverte gjennom denne situasjonen. Dei viktigaste konfliktane i ein epoke blir synte fram, fordi forfattaren vel ut det vesentlege og konsentrerer framstillinga kring motsetnadsforhold som utspeler seg i løpet av eit stutt tidsrom. Det er Bygds forteneste som forfattar – trass i ei tilsynelatande episodisk og sprangvis overflate – at han får fram samanhengen mellom dei avgjerande fasane i bygdehistoria, sjølve renningen i bakteppet.

Innanfor det poetiske universet han såleis rissar opp, plasserer forfattaren representantane for bygdefolket, og let sosiale haldningar, krefter og verdiar brytast i møtet mellom dramatis personae. Historias gang er resultatet av menneskeleg handling. Men det er òg slik at aktivitet på samfunnsarenaen skaper, fortrenger eller utløyser reaksjonar på det psykologiske planet. Romanpersonane sine kjensler og tankar, einsemd og tragedie, deira individuelle problem, speglar motsetnadene i det samfunnnet dei lekamleggjer, slik dei sjølve er med på å utforme det.

Eit særtrekk ved Bygds skrivemåte er den sceniske presentasjonen av personar og miljø. Personane karakteriserer seg sjølve i dramatiske opptrinn, der rørsler og replikkar, humor, tvesyn, diksjon, seiemåte, fantasi og eit heilt arsenal av fyndord seier det meste. Dei blir skildra indirekte gjennom råkande naturskildringar og presise detaljsansingar. Dei einskilde impresjonane fungerer saman og gir diktinga hans energisk dynamikk og visuell pregnans.

1976 fekk Sjur Bygd Kongens fortjenstmedalje i gull for innsatsen som bankmann, bygdepolitikar og diktar.

  • Fjell-folk. Forteljingar, 1915
  • Holmgang, 1917 (ny utg. 1976)
  • Valplassen, 1921 (ny utg. 1971)
  • Luftspeglingar. Nokre bilæte, 1925
  • I hamskifte, 1949 (ny utg. 1974)
  • Draumen –, 1954
  • Mot blå berg, 1957
  • Mannen og natta. Noveller, 1970
  • A. C. Agerholt: “Sjur Bygd. En vestlandsdikter”, i Ki&K 1928, s. 482–494
  • N. Hellesnes: “Sjur Bygd – ein sermerkt forfattarprofil”, i SogS 1941, s. 349–357 og 453–465
  • O. T. Hesjevoll: Folkelivsskildring eller samfunnsroman. Ein studie i romanen Holmgang av Sjur Bygd, uprenta h.oppg. i norsk, UiO, 1974
  • M. Liland: Sjur Bygd og realismen, uprenta mag.avh. i litteraturvitskap, UiB, 1976