Songar og musikar. Foreldre: Herredsagronom Sigurd Andreas Langeland (1923–2009) og veverske Aila Kuru (1930–).

Sinikka Langeland er sterkt knytt til skogfinsk kultur. Med song og spel på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, har ho sett denne kulturen på kartet. Gjennom forsking, gjendikting og formidling har ho lagt ned eit stort arbeid for å styrke identitet og sjølvkjensle på Finnskogen.

Langeland voks opp i Solør med ei mor som var vinterkrigsbarn, frå Ladoga-Karelen. Bestefaren i Finland var spelemann, og dragninga mot Finnskogen starta tidleg. Det kulturhistoriske bakteppet er kjent gjennom folkeforflyttinga i hovudsak frå områda Savolaks søraust i Finland, til dei svensk-norske grenseskogane i Hedmark og Värmland.

Sinikka Langeland var elev ved Romerike folkehøgskole 1979–80 og etter det skodespelar og musikar ved Symre musikkteater i Oslo i seks år. Etter eitt år med teater ved École Jacques Lecoq i Paris studerte ho musikk på Universitetet i Oslo. Eit år på folkemusikkstudiet i Rauland gjorde sitt til at musikken frå Finnskogen blei hennar ankerfeste. Ho praktiserte som musikklærar i Grue, men frå 1992 satsa ho fullt som musikar og komponist. At ho busette seg på Grue Finnskog saman med tidligere sambuar Ove Berg, finnskoging med sterk interesse for musikk og lokal kultur, gjorde sitt til at prosjektet hennar ytterlegare skaut fart. Berg starta i midten av 1990-åra Finnskogen kulturverksted. Denne etableringa blei viktig for folkemusikken i området, utgjeving av arkivopptak m.m.

Sinikka Langeland kom tidleg i kontakt med Finnskogens framste talskvinne, forfatteren Åsta Holth. Ein kan seie at Langeland har ført vidare arbeidet hennar. Å vera finnskoging var tidlegare forbunde med mykje negativt, desse to kvinnene har gjort mykje for å endre på dette, haldninga til det finske innslaget har endra seg radikalt, i dag er folk stolte over å vera frå Finnskogen.

Langeland kom 1994 med si fyrste CD-plate, Langt innpå skoga. Tradisjonell musikk og tekst i god blanding med sjølvlaga melodiar og tekstar blei hennar kjennemerke, saman med ei sterk og uttrykksfull songstemme og eit raffinert kantelespel. Ho signaliserte alt på dette stadiet ei inkluderande haldning til musikarar frå andre sjangrar og andre land, noko som etter kvart førte med seg ei rad med turnear innanlands og utanlands.

Som komponist stod Sinikka Langeland for alvor fram på plata Har du lyttet til elvene om natten, med tonesette dikt av Hans Børli. 1997 tok ho tak i ein annan lokal tradisjon, balladestoff som folkemusikksamlaren L. M. Lindeman hadde nedteikna i Solør. Strengen var af røde guld – plate og bok – blei eit pionerprosjekt. Deltakinga i kvedargruppa Det syng var òg med på å plassere Langeland i toppsjiktet i norsk folkemusikk.

Stor merksemd vekte òg arbeidet med runesongane; ein sjamanistisk songtradisjon med røter frå Ural i aust til Finnskogen i vest. Dette resulterte i to plater og boka Karhun Emuu (2002). Langeland har gjendikta finsk-ugriske songar til finnskogsdialekt. Her har ho sett fokus på eit mytisk materiale som er lite kjent. Langeland blei tildelt TONOs Edvard pris for CDen Runoja, og saman med Ove Berg fekk ho ein kulturpris frå Fondet for Finland og Norge for dette arbeidet.

I seinare år har Langeland interessert seg for slektskapen mellom religiøse folketonar og koralmusikken til J. S. Bach. Heile tre plater har kome. Desse produksjonane har ført Langeland inn i nye musikalske landskap og endå lenger ut i verda med musikken.

Sinikka Langeland er ein av våre mest særprega folkemusikarar og ein musikar med ei svært stor kontaktflate; ho har samarbeidd med ei rad med artistar, t.d. Sinead O'Connor, Dr. Subramaniam, Knut Buen, Anders Jormin, Bjørn Kjellemyr, Susanne Lundeng, Kåre Nordstoga, Lars Anders Tomter, Arve Henriksen, Agnes Buen Garnås, Pål Thowsen, Savage Rose, Gisli Helgasson, Andreas Liebig, Markku Ounaskari, Severi Pyysalo m.fl.

  • Langt innpå skoga, 1994
  • Har du lyttet til elvene om natten, dikt av Hans Børli, 1995
  • Strengen var af røde guld, middelalderballader fra Solør, 1997
  • Det Syng, ballader på vandring, 1997
  • Wizard women, antologi, 1998
  • Sjugurd og Trollbrura. Sangtradisjonen frå Solør, Odal og Finnskogen, 2000
  • Lille Rosa, kjærlighetsballader fra Østlandet, 2000
  • Tirun Lirun, skogsfinske runesanger, 2001
  • Runoja, runesanger fra Finnskogen, 2002
  • Stjerneklang, norske folketoner og Bachs julekoraler (med A. Liebig), 2002
  • Påsketona, Folk Hymns J. S. Bach (med K. Nordstoga), 2004
  • Kyriekoral, Norske folketoner og Bachkoraler (med K. Nordstoga), 2005
  • Sinikka Langeland ensemble, 2007
  • Soli Deo Gloria, et kirkespill til minne om kirkebrannen i Grue i 1822, for kor, solistar og orgel, 1993
  • Siemen Moa, bestillingsverk til Finnskogutstillingen, for runesångare, kantele, strykeharpe, nyckelharpe, hardingfele, fele og fløyter, 2000
  • Strengen var af røde guld (bok m/CD), 1997
  • Karhun Emuu. Runesanger fra Finnskogen (gjendikting), 2002
  • K. Bitustøyl: “Kvinnene på Finnskogen”, i Spelemannsbladet nr. 7/1997
  • A. Lien Jenssen: “Karhun emuu” (bokomtale), ibid. nr. 8/2001
  • K Bitustøyl: “Sinikka Langeland har fordjupa seg i runesongen”, ibid. nr. 1/2003
  • www.sinikka.no
  • Måleri av Tore Hansen, akryl på papir, 1997
  • Foto av Tom Sandberg, 2005; platecoveret til Kyriekoral (sjå ovanfor, avsnittet Plateinnspelingar)