Simen Fougner var bonde i Gausdal, og ein av dei tidlege forfattarane frå bondemiljø i Noreg.
Fougner voks opp på Søndre Fougner og overtok garden som 22-åring. Han hadde ikkje nokon skulegang bortsett frå 10 veker for å lære å lese og skrive. Men han kom frå ein opplyst familie, og vart tidleg kjend med Holbergs skrifter, visene til Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass, og arbeida til andre forfattarar i samtida.
Fougner var først og fremst kjend som ein flink og flittig gardbrukar, og dreiv på ymse område med forsøk på “rasjonelt gardsbruk”, t.d. når det galdt åkerbruk, dyrking av eng m.m. I tillegg bygde han sagbruk, han sette ut fisk i tomme vatn, laga ny gardsreiskap og braut jord.
Det som har gjort Fougner kjend utover det lokale, er verksemda hans som skribent og forfattar. Han er omtala som “den eiendommeligste og mest produktive bondeforfatter i det 18de århundredes Norge”. Han tok tidleg til å skrive vers, og 1737 hadde han ei visebok klar til utgjeving. Han sende manuskriptet til biskop Peder Hersleb, og håpa på hjelp frå han til å få den trykt. Men den vart aldri utgjeven. Eitt av dikta vart likevel offentleggjort 1760 av professor J. S. Sneedorff i Sorø.
Fougner er ikkje rekna som nokon stor diktar, han hadde problem både med diktforma og språket. Han vart nok skuffa over ikkje å få dikta sine trykt, men fekk ei uventa og underleg oppreising da det 1769 kom ut ei lita bok i Ålborg, “Krages Ode til Herr Simson Fogner Esq. med Even Føxens Betænkninger over Skovens Tilstand”. Boka var skriven av P. C. Stenersen, som var prest på Sjælland, men fødd i Gausdal, og han hadde kjent og sett opp til Fougner i ungdomen. I boka oppmuntrar han Fougner til å “blive ved sit Harpeslag”, og ser opp til han som den som skal “bringe Skovene i stand igjen”.
Etter vonbrotet med viseboka tok Fougner til å skrive prosa i form av politiske brev til framståande personar, med forslag til reformar og forbetringar i landets kår og idear til folkeopplysning, og han kom med økonomiske betraktningar. Slike skriv vart m.a. sendt til den mektige overhoffmarskalk A. G. Moltke, og til sekretæren i det danske landhushaldningsselskapet, Christian Martfelt. I det siste skreiv han om oppretting av fabrikkar i Noreg, som t.d. glasverk. Han skreiv om tobakksdyrking i Noreg, som han ikkje hadde stor tru på. Og han skreiv om dei danske koloniane i Vestindia, og meinte det var betre at norsk og dansk ungdom fekk reise dit og arbeide, enn at dei brukte slavar, som vart for dyrt.
I siste delen av 1700-talet vart det populært å skrive om Noregs topografi og statistikk, såkalla “topografiske beskrivelser”. Ofte var det prestane som skreiv slike ting. 1778 tok Fougner til med eit slikt arbeid om Gausdal. Det uvanlege er at det var ein bonde som gjorde det, som var sjølvlært og som ikkje rådde over opplysningar på den måten som embetsmenn gjorde. Arbeidet til Fougner er ikkje rekna som noko meisterverk, men det er prega av den lange erfaringa og kjennskapen opphavsmannen hadde til bygda, av sjølvstendig tenking og sunn kritikk til det andre hadde sagt. For dette arbeidet fekk Fougner ein pris på 30 riksdalar frå det Patriotiske Selskab i Christiania.
På bakgrunn av det Fougner gjorde og skreiv, vart han i samtida kjend som “den kloke bonde”.