Landbrukshistorikar. Foreldre: Gardbrukar Syvert Karlsson Hasund (1831–1917) og Ingeborg Petersdotter Skeide (1831–1906). Gift 1) 1894 med Johanne Margrethe Hagerup Raanes (28.8.1859–19.12.1929), dotter til gardbrukar og postopnar Ole Raanes (1830–1904) og Dorthea Margrete Knudsen (1828–1908); 2) 1931 med Signe Johanne Hansen f. Ruud (2.11.1884–9.10.1963), dotter til vaktmeister Nils Petter Ruud (1842–1918) og Emilie Kristine Hofgård (1846–1935).

Sigvald Hasund var den første som gav ei samla oversikt over norsk landbrukshistorie. Han var rektor ved Norges Landbrukshøgskole 1923–28 og kyrkje- og undervisningsminister 1928–31.

Hasund vart uteksaminert frå Den høiere Landbrugsskole i Ås 1890. Han var lærar ved Romsdals amts landbruksskole 1890–91, ved Nordmøre amtsskole 1891–93 og styrar ved Romsdals amts praktiske jenteskole på Ekset i Volda 1893–97. Desse fire åra dreiv han også eit gardsbruk han pakta. 1898–1906 var han fylkesagronom i Telemark, og 1906–07 redigerte han landbruksvekebladet Frøi. Som fylkesagronom la han særleg vinn på arbeidet med planteproduksjon, bygningsstell, reiskapsbruk og husdyrstell. Dessutan var han fesjådomar.

Desse røynslene kom Hasund til god nytte som lærar, forskar og landbrukshistorikar, då han 1907 vart knytt til Norges Landbrukshøiskole (NLH) som overlærar i driftslære, jordkultur og landbrukshistorie og frå 1914 som professor i dei same faga. Han la ned eit stort arbeid som pedagog og forskar. Kontakten med studentane hadde han stor glede av. Han skreiv læremiddel i myrdyrking og driftslære. 1910 overtok han leiinga av jordkulturforsøka ved NLH og skipa 13 forsøksfelt ved skulen og 900 felt ute i distrikta. Hasund arbeidde systematisk og lett og nådde over forskarengasjement, korrespondanse og foredrag i eit stort omfang.

Frå han tok til ved NLH 1907 og fram til 1938 hadde Hasund ansvaret for undervisinga i landbrukshistorie. Og det er som historikar han er mest kjend utover miljøet ved NLH. Dei allmenne landbrukshistorieverka hans byrja med Det norske landbruks historie (1912, prenta i Landbruksboken 1919). Landbrukets historie i skisser og omrids, som kom 1916, er eit globalt oversyn over landbruket gjennom tidene. I det svenske verket Lantbruket i Norden under senaste halvsekel, 1875–1925, skreiv han bolken om Noreg. Etter ei mengd artiklar og mindre skriftstykke kom verket Vårt landbruks historie 1932.

Hasunds historiefaglege interesser femnde om alle epokar og eit breidt temaspektrum. Når det galdt den nyare tida, fengde organisasjonsutvikling og utdaningshistorie i særleg grad. I forfattarskapen hans speglar først og fremst historia om Selskapet for Norges Vel (1941) og Landbruksundervisningen i Norge gjennem hundre år 1825–1925 (1926) av dette engasjementet. I Jordbrukstællingen i 1835 (1914) har han etterlate seg eit grundig øvingsstykke i kjeldekritikk.

Hasund formidla stendig nye perspektiv på og ny kunnskap om historia til modernæringa, for det meste frukter av eigne granskingar. Ikkje minst galdt det jordbruket i eldre tider, som han var særleg oppteken av. Han var den første som granska vilkåra i seinmiddelalderen på grunnlag av studiar i samtidige kjelder – i diplom og jordebøker. Hans demografiske studie av seinmiddelalderkrisa, Ikring mannedauden (1920), er banebrytande. Granskingane hans i kornbruket i eldre tid står òg sentralt i denne samanhengen. Kunnskapar Hasund bygde opp om økonomi og samfunn i norsk mellomaldersoge er også nedfelte i oversyns form: Av verket Det norske folks liv og historie skreiv han det tredje bandet, om perioden 1280–1500 (1934).

Sigvald Hasund tok på seg mange administrative og politiske oppgåver. Han var mellom anna rektor ved NLH 1923–28, kyrkje- og undervisningsminister i den andre Mowinckel-regjeringa 1928–31 og representantskapsmedlem i Selskapet for Norges Vel i ei årrekke. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, æresmedlem i Finska Lanthushållningssällskapet og kommandør av Finlands Vita Ros og hadde Haakon VIIs jubileumsmedalje.

  • Fullstendig bibliografi av W. P. Sommerfeldt i Sjuende-mars-bibliografiene nr. 8, 1952

    Eit utval

  • Landhusholdningens Økonomi kort fremstillet, med særligt Hensyn til Jenteskoler paa Landet, 1895
  • Myrdyrking, 1910
  • Jordbrukstællingen i 1835, 1914
  • Landbrukets historie i skisser og omrids, 1916
  • Driftslære, i Landbruksboken,1919
  • Det norske landbruks historie, i Landbruksboken 1919
  • Ikring mannedauden. Ei liti sogestudie, 1920 (først trykt i Beretning om Norges landbrukshøiskoles virksomhet 1918–1919)
  • Landbruksundervisningen i Norge gjennem hundre år 1825–1925 (sm.m. I. Nesheim), 1926
  • Vårt landbruks historie, 1932
  • Tidsrummet 1280 til omkring 1500, bd. 3 av NFLH, 1934
  • Periodene 1809–1829 og 1829–1855, 1856–1892 og 1892–1909, bd. 2 av O. A. Øverland og S. Hasund: Det Kgl. selskap for Norges vels historie gjennem hundre aar. 1809–1909, 1941
  • N. Ødegaard: Norges Landbrukshøiskole 1859–1909, 1909
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • L. Reinton: minnetale i DNVA Årbok 1960, 1961, s. 49f

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (halvfigur) av Eivind Engebretsen, 1937; NLH, Ås

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i DNVA Årbok 1960