Faktaboks

Sigurd Lodvesson Digre
Død
23. april 1014
Levetidskommentar
Fødselsår og fødestad er ukjende; ved Clontarf, Irland, truleg gravlagt der
Verke
Jarl over Orknøyane
Familie
Foreldre: Orknøyjarlen Lodve Torfinnsson (død ca. 980) og Edna (irsk Eithna) Kjarvalsdotter, dotter til den irske kongen Kjarval (irsk Cearball). Gift 1) med ukjend kvinne; 2) med ei kvinne (Plantula?) som truleg var dotter til den skotske kongen Malcolm 2. Far til Einar Sigurdsson Vrangmunn (død 1020), Bruse Sigurdsson (død 1034; sjå NBL1, bd. 2) og Torfinn Sigurdsson Rike (død ca. 1065); farfar til Ragnvald Brusesson (død 1046; sjå sst.), Erlend Torfinnsson (død 1098) og Pål Torfinnsson (død 1098).

Som krigsherre bygde orknøyjarlen Sigurd Lodvesson Digre opp eit samanhengande maktområde frå Shetland til Hebridane og Irskesjøen, med kontroll over Man og store område inne i Skottland og langs den skotske nord- og vestkysten. Han vart drepen da han blanda seg inn i irske tronstridar. Etter tradisjonen er kristninga av jarledømet Orknøyane knytt til hans namn.

Med utgangspunkt i jarledømets maktbasis på Orknøyane bygde Sigurd Lodvesson systematisk opp eit norrønt velde av svære dimensjonar: På det skotske fastlandet kjempa han for permanent kolonisering av Caithness og Sutherland, og truleg i allianse med den skotske kongen Malcolm 2 fekk han kontroll med det opprørske Moray kring den strategisk viktige elvevegen tvers gjennom Skottland. Store deler av den skotske sørvestkysten, og øya Man, synest å ha kome under hans kontroll sist i 980-åra, nå i allianse med ein lokal jarl på dei søre Hebridane. Dermed var det skapt eit samanhengande orknøykontrollert velde frå Shetland/Orknøyane til Irskesjøen. Islendingesagaer gir opplysningar om tributtbetaling – nemnd som “skatt” – frå dei erobra områda til orknøyjarlen.

Store sølvdeponi frå slutten av 900-talet til eit stykke ut på 1000-talet vitnar om urolege og kampfylte tider i heile det norrøne vesterhavsområdet. Sigurd Lodvesson rådde over ein stor krigsflåte, med betydelege ressursar i mannskap, forsyningar og skip. Denne mobiliseringa kan ha samanheng med sagaopplysningar om at bøndene fekk tilbake ein tidlegare tapt odel til jorda frå jarlen (Einar Ragnvaldsson). Dette er usikkert, og historikaren Barbara Crawford tenkjer seg at ein eldre “arveskatt” kan ha blitt omgjort til ei form for organisert leidangsplikt. Samtidig fortel skattefunna om store rikdommar langs ein av Nord-Europas viktigaste handelsvegar, som hadde sitt sentrum i Dublin-marknaden. Å vinne kontroll med denne ruta har truleg vore ei vesentleg drivkraft bak Sigurd Lodvessons ekspansjonspolitikk.

Norrøne sagaer gir ei dramatisk skildring av Sigurd Lodvessons tvangsdåp 995, da Olav Tryggvason møtte jarlen i Åsmundsvåg på Orknøyane. Etter sagatradisjonen vart øyane no kristna, og kongen sette prestar i teneste kringom i jarledømet. Denne hendinga – og heile kristningsprosessen på Orknøyane – har vore mykje omdiskutert i seinare forsking. Dels er det blitt hevda at kristendomen ved tusenårsskiftet alt hadde slått rot på øyane, dels at heidenske kultformer var i hevd langt utover på 1000-talet. At Olav Tryggvasons kristningsforsøk hadde eit overordna maktpolitisk perspektiv er det neppe tvil om. Den heng åpenbart nøye i hop med den vesterhavspolitikken Olav Haraldsson seinare søkte å realisere.

Tilsynelatande meir tilfeldig engasjerte Sigurd Lodvesson seg i interne maktkampar i Irland. Han hadde ei hovudrolle i det berømte slaget ved Clontarf utanfor Dublin langfredag 1014, der han saman med bl.a. Dublin-kongen Sigtrygg OlavssonSilkeskjegg kjempa mot Munster-kongen Brian Bórauna. Stridskrefter frå heile det norrøne vesterhavsområdet deltok i slaget, der Sigurd Lodvesson fekk ein dramatisk død under Odins ramnebanner. Både i irsk og norrøn tradisjon vart “Brian-slaget” sett på som eit tidsskifte, og særleg den irske folke- og krøniketradisjonen har utpensla slaget som eit nærast apokalyptisk oppgjer mellom keltisk kristendom og norrøn heidendom, og mellom irar og “utlendingar”. Nyare forsking har kraftig tona ned dette etnisk-religiøse perspektivet, og også den realpolitiske betydning av kamputfallet. Nordmennene vart ikkje kasta ut av Dublin, og Dublin-marknaden heldt fram som før. Likevel innvarsla slaget – og stridskonstellasjonane – at ein politisk æra i Vesterhavet gjekk mot slutten.

Kilder og litteratur

  • Alt skriftleg kjeldemateriale er kronologisk tilrettelagt, gjengitt (på engelsk) og kommentert i A. Orr Anderson: Early Sources of Scottish History, bd. 1–2, Edinburgh 1922/1990
  • fleire islendingesagaer er åleine om sentrale tekstsekvensar, viktigast er Njáls saga
  • NFH, del 1, bd. 2, 1853
  • J. S. Storer Clouston: A History of Orkney, 1932
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • P. Sveaas Andersen: Vikings of the West, 1971/1985
  • B. E. Crawford: Scandinavian Scotland, 1987
  • W. P. L. Thomson: History of Orkney, 1987