Haugianarpredikant. Foreldre: Bonde Embret (Engebret) Embretsson Oust (1775–85) og Mari Persdotter Røe (1745–1818). Gift 26.7.1805 med bonde Ola Toresson Haugen (1776–1862), son til bonde Tore Knutsson Haugen (1732–93) og Ingeborg Olsdotter Nyhus (1737–1822).

Kvinner forsvann som religiøse leiarar da kristendomen kom til landet. Men på slutten av 1700-talet sto kvinner fram i den religiøse rørsla som Hans Nielsen Hauge skapte. Opplyste bønder tenkte det same som Hauge, og bondekvinner var leie av synd, latskap og fyll på landsbygda. Dei såg at prestane makta lite. Den fremste kvinne som preika Guds ord i denne tida, var Sara Oust.

Faren døde da Sara var sju år gamal, og ho måtte hjelpe mora med å kjøre kol til Røros kopparverk, der ho møtte haugianismen 1799. Same året tok ho til å preike i heimbygda. Hauge støtta ho. Han hevda at det var ei kvinne, Maria Magdalena, som først forkynte at Jesus var oppstått. Og i Joels bok stod det at “eders Sønner og Døtre” skulle tale profetens ord.

I fem år vandra Sara saman med Randi Hevle frå Drivdalen i Trøndelag og fjellheimen. Dei vart kjende og etterspurte. På Nordaune i Haltdalen kurerte dei to sinnsjuke karar. Men Sara og Randi var ikkje alltid velkomne til gards. Ein stad i Trøndelag søkte dei hus på lensmannsgarden. Dei fekk nattely i arresten. Men da lensmannen hørte kvinnene synge og be, sette han dei på frifot. Etter at Randi gifta seg, reiste Sara truleg med Kirsti Fossen frå Kvikne.

Sara møtte Hauge i Oppdal 1803. Hauge fekk høre at vennene i Nord-Østerdalen hadde sett i gang eit kopparverk i Vingelen. Sara var sjølvskriven leiar for haugianarane der, som levde i kollektiv. Dei vart melde av direktøren for Tolgen Smeltehytte. Det var samtidig som Hauge vart sett i kasjotten. Lensmannen las opp konventikkelplakaten tre gongar for Sara, men fann ut at han hadde lita støtte hos folk og gav opp forfølginga. Amtmann Bendeke hørte berre godord og la bort saka.

Presten Brønning kalla rørsla eit “Onde”. Ein torn i auget var Sara også for prost Fuglesang Dircks, som overraska vennene på Tynset. I heilag vreide kasta han salmeboka til Sara på elden, men ho kara boka ut att – like heil. Prestane slo seg til tols, for Sara og haugianarane var trufaste kyrkjegjengarar.

Sara Oust hadde ein vakker stemme og dikta salmar. Den som er skriven ned, fortel om diktarevner. Den går på same tone som Velt alle dine veie: “Dit Bud o Gud skal være os fremfor alting kjært, og Navnet dit at ære som du os selv har lært. Lad true Spot og Spe og Møie, Savn og Trængsel. Det hæver kun vor Længsel – Til Gud i Himlene.”

Sara gifta seg 1805 med sambygdingen Ola Haugen. Heimen vart møtestad, ikkje minst etter at Hauge slapp ut av fengselet 1814. Da var haugianarane blitt ein maktfaktor i landet. Mange av dei fremste bøndene slutta seg til rørsla.

Sara Oust, vårt lands første kvinnelege kristne “prest”, gjekk bort 1822. Sjølv om det stod fram andre kvinnelege leiarar, fekk Pauli ord atter herredømet. Etter Hauges død 1824 tok haugianismen ei meir pietistisk retning. Radikale kvinner vart erstatta av konservative karar.

  • J. B. Bull: Hans N. Hauge, 1908
  • E. Eggen: I fotefara til Hans N. Hauge, i Årbok for Glåmdalen 1961
  • A. Aarflot: Hans Nilsen Hauge. Liv og budskap, 1971
  • A. O. Bakken: Haugianerne i Nord-Østerdal de første årene og lederen Sara Oust, 1973
  • A. D. Østigaard: Sara Oust 1788–1822, i Østlendingen (Elverum) 1978
  • F. W. Sjursen: Historien om haugianismen, Bergen 1997
  • Minnestein med relieff av Eystein Vingelsgaard, 1973; ved Vingelen kirke