Litteraturforskar, forlagskonsulent, kritikar og forfattar. Foreldre: Gardbrukar og fiskar Alfred Stokka (1871–1943) og syerske Marie Thesen (1869–1953). Ugift.

Rolv Thesen var ein av Noregs mest markante og mest respekterte litteraturforskarar og litteraturkritikarar i det førre hundreåret og skreiv ei rekkje artiklar og gav ut fleire bøker. Han var òg forlagskonsulent og gav i tillegg ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre.

Thesen var fødd utanfor ekteskap og voks først opp hos mora, deretter hos fosterforeldre på Hamnøy i Lofoten. Han blei undervist av guvernanter og tok mellomskuleeksamen i Tromsø 1911. Etter nokre år som diskenspringar drog han 1914 til Kristiania og gjekk på toårig artiumskurs på Hauges Minde. Etter examen artium 1916 arbeidde han tre år som lærar ved Kvæfjord middelskole, men reiste attende til Kristiania 1919 og byrja å studere filologi. 1926 blei han cand.philol. med hovudfag i historie samt norsk og tysk. I denne tida var han òg lærarvikar i Oslo, hadde eit årsvikariat ved Voss landsgymnas (1924–25) og tok pedagogisk seminar. Deretter var han lektor ved Eidsvoll off. landsgymnas 1926–31. Han drog òg på studiereiser, både i Norden og i Sør-Europa.

Alt i studietida byrja han å skrive om bøker, først i nynorskavisa Den 17de Mai (1924–28). Frå 1928 og ut livet var han fast litteraturmedarbeidar i Arbeiderbladet, der han skreiv bokmeldingar og kronikkar, både på bokmål og nynorsk. Det varte ikkje lenge før Thesen blei ein av dei mest påakta kritikarane i landet. Han skreiv òg ei rekkje artiklar i andre aviser og tidsskrifter. Eit lite utval av desse gav han ut 1951 under tittelen Mennesket i oss. 1946 var han med og stifta Norsk Litteraturkritikerlag.

1931 flytta Thesen på ny til Oslo og byrja samle stoff til sitt legendariske storverk om Arne Garborg, ein gjennomgåande solid vitskapleg trebindsbiografi med undertitlane Frå jærbu til europear, Europearen og Europear og jærbu. Dette storverket, som kom i åra 1933–39, blei avgjerande for den seinare oppfatninga av Garborg og skapte ei ny interesse for diktaren. 1947 kom folkeutgåva av Garborg-verket, Ein diktar og hans strid, som seinare har kome i fleire utgåver.

Thesen disputerte på det første Garborg-bindet 1934 og blei dr.philos., men søkte aldri stilling ved universitetet. Hausten 1941 heldt han nokre førelesingar om Olav Duun, og året etter skreiv han Duun-boka Mennesket og maktene. Inspirert av Duun skreiv Thesen seinare at livssynet hans (som kritikar og forskar) nettopp var “at mennesket er større enn maktene”. Han redigerte òg ei artikkelsamling med studentarbeid om Duun, Seks unge om Olav Duun, og minneutgåva av Duuns Skrifter i 12 bind.

Andre forfattarar som Thesen var særleg oppteken av og brevveksla med, var Tore Ørjasæter, Johan Falkberget og Inge Krokann. Han skreiv bøker om dei to første og redigerte festskrift om den siste. Under krigen redigerte han antologien Ja vi elsker. Norge i dikt, og 1956 gav han ut Lofoten i norsk litteratur og kunst. Han kjende seg alltid som nordlending, noko som kjem til syne i dei tre kritikarroste diktsamlingane han gav ut under pseudonymet Harald Hamre – Etter stormen, Trass i alt og Men ringen renn i hop.

Thesen var eit arbeidsjern av dei sjeldne. Han var medarbeidar i mange leksikon og sat i fleire stipendkomitear og domsnemnder. Han skreiv og redigerte ei rekkje festskrift, antologiar og skuleutgåver. Hans siste storverk var Diktaren og bygda, om bondereising i norsk litteratur. Han rakk å skrive tre (av fire planlagte) bind med bindtitlane Ætt og arv, Natta og draumen og Storfolk og bonde. 1949 blei han statsstipendiat, året etter flytta han til Stange og budde dei siste åra i Hamar.

Rolv Thesen skreiv hovudsakleg på nynorsk. Han var medlem av styret for Det Norske Teatret 1940–49 og omsette fleire teaterstykke. 1933–49 var han konsulent i NRK og 1937–63 medlem av Det litterære råd i Forfatterforeningen. 1940 fekk han tildelt pris frå Selskapet til Vitenskapenes Fremme i Bergen. Frå 1942 var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, som 1944 gav han Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning.

  • Arne Garborg. Frå jærbu til europear, 1933
  • Tore Ørjasæter. Ei innføring i diktinga hans, 1935
  • Arne Garborg. Europearen, 1936
  • Arne Garborg. Europear og jærbu, 1939
  • red. Ja vi elsker. Norge i dikt, 1941
  • Mennesket og maktene. Olav Duuns dikting i vokster og fullending, 1942
  • Etter stormen, dikt (under pseud. Harald Hamre), 1945
  • Et menneske mindre, 1946
  • Ein diktar og hans strid. Arne Garborgs liv og skrifter, 1947
  • Trass i alt, dikt (under pseud. Harald Hamre), 1949
  • Mennesket i oss, artiklar, 1951
  • Diktaren og bygda, 3 bd., 1953–65 (bd. 1: Ætt og arv 1953, bd. 2: Natta og draumen 1955, bd. 3: Storfolk og bonde 1965)
  • red. Lofoten i norsk litteratur og kunst, 1956
  • Johan Falkberget og hans rike, 1959
  • Men ringen renn i hop, dikt (under pseud. Harald Hamre), 1963
  • Stud. 1916, 1942, 1966
  • NLH/Bull, bd. 6, 1955, s. 539–541
  • R. Thesen: Kvifor og korleis – nokre røynsler, i Norsk litteraturvitenskap i det 20. århundre. Festskrift til Francis Bull på 70-årsdagen, 1957, s. 232–242
  • O. Solumsmoen: “Rolv Thesen 70 år”, i Arb.bl. 13.7.1966
  • J. A. Dale: biografi i NBL1, bd. 16, 1969
  • J. O. Gatland: Det litterære liv. Rolv Thesen og hans tid, 2006
  • Måleri av Agnes Hiorth, 1930; H. Aschehoug & Co., Oslo
  • Teikning (hovud) av Anne Raknes, ca. 1936–38; prenta i GSL, 3. utg., bd. 5, 1972
  • Måleri (brystbilete) av Else Christie Kielland, 1940; p.e